Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Amir Hashani har nå styrketrening på timeplanen tre gonger i veka. Dei fyrste fire vekene kjem han til NIH og får god rettleiing frå stipendiat Linn Christin Risvang.

Tre av fire rullestolbrukarar har låg beintettleik: ­­– Beinbrot kan få store konsekvensar

Amir Hashani er rullestolbrukarar og veit at treninga han er i gang med kan få stor betydning.

Publisert

– Det er tungt. Etter førre økt var eg veldig sliten, seier Amir Hashani.

Han er midt inne i treningsdelen av forskningsprosjektet Helseeffekter av trening og ernæring hos rullestolbrukarar.

Linn Christin Risvang, som leiar forskinga, håpar å få med enda fleire som Hashani for å få viktige svar.

Treningsprogram for 24 veker

På treningssenteret på Norges idrettshøgskole (NIH) skal han fyrst trene i fire veker med tett oppfylgjing og instruksjon frå Risvang og resten av forskingsgruppa.

I etterkant får han får eit treningsprogram han skal følgje i 20 veker framover på treningssenter.

– Det er ålreit å trene, og eg veit at trening er bra for meg og kroppen min. Eg håpar å få glede av det dei finn ut her, seier Hashani.

Det er nettopp det som er målet. Amir er i ei risikogruppe.

Mange rullestolbrukarar som han, pådrar seg brot i overgangssituasjonar. For eksempel frå rullestol til bil, seng eller andre stolar.

Mange med dårleg beinhelse

Forskningsgruppa har tidlegare gjort undersøkingar av para-utøvarar og ikkje-utøvarar i rullestol. Dei viste at tre av fire av dei hadde låg beintettleik. Det er eit mål på graden av beinskjørheit.

– Når så mange i gruppa har så dårleg beinhelse, er det heilt klart eit viktig prosjekt. Me veit at mange får alvorlege komplikasjonar av brot, som igjen gir store konsekvensar.

Og det er ikkje berre eit problem blant dei som sit i rullestol.

– Noreg er på verdstoppen i lårhalsbrot, og god beinhelse er viktig for alle, seier forskar Kristin Lundanes Jonvik, som er prosjektleiar i studien.

Amir gjennomfører fleire forskjellige styrkeøvingar som gir stimuli for skjelettet. Sjølv har han også trena mykje tidlegare, men forskingsteamet viser han også ein del nye øvingar.

Nokre idrettar er betre enn andre

Nå håpar forskarane å dokumentere at trening hjelper og gje gode eksempler på øvingar som er tilpassa rullestolbrukarar.

– Dei fyrste funna våre viser at aktivitet i spesielt nokre type idrettar gir betre beinhelse, fortel Linn Christin Risvang.

Funna viser at rullestolbrukarar som dreiv med idrettar som hadde støt og eksplosive rørsler hadde høgare beintettleik enn andre. Eksempel på slike idrettar er rullestolrugby, rullestolbasket og tennis.

Dei som dreiv med meir statiske idrettar som langrenn og handsykling, hadde langt lågare beintettleik.

– Det kan vise at ein viss type fysisk aktivitet er viktig for denne gruppa. Det bør vere trening som gir mykje støt og drag på skjelettet, forklarer Risvang.

Får energi av styrketrening

Gina Elisabeth Thygesen er ei av dei andre deltakarane i prosjektet.

Ho har gjennomført fire veker av treningsprogrammet. Alt nå merkar ho stor framgang.

Gina Elisabeth Thygesen er også med i prosjektet og har opplevd stor framgang dei siste vekene.

– Allereie etter fire veker merkar både eg og mine nærmaste endringar. Ikkje berre i styrke, men også på balanse, motorikk og energien til å stå i full jobb. Eg overdriver ikkje når eg tørr påstå at denne styrketreninga gir meg større utbytte enn eg noen gang har erfart gjennom eit offentleg helse- og treningstilbud, seier Thygesen.

Treng fleire forsøkspersonar i Bergen og Oslo

Nå håpar forskarane å få med enda fleire rullestolbrukarar i prosjektet.

Dei startar no opp nye grupper i Bergen, medan det er ny sjanse i Oslo i vekene før påske.

Det er ingen tvil om at Amir Hashani er glad for at det blir forska på han og rullestolbrukarar som gruppe.

– Eg har aldri vore med på noko slikt før, så det er veldig spennande! Jo fleire som er med, jo betre, seier han.

Benkpress er ei av øvingane Amir har på programmet på NIH. I dei 20 nest vekene skal han trene på Sats. Treningssenterkjeden støttar prosjektet som er støtta av Stiftelsen Dam.

Helseeffekter av trening og enæring hos rullestolbrukere

  • Forskarar undersøker om styrketrening og betre kosthold kan ha positive helseeffektar, spesielt på beinhelse, muskelfunksjon og mental helse.
  • Studien treng fleire forsøkspersonar mellom 18–60 år, både menn og kvinner som sit i rullestol i minst 50 prosent av tida.
  • Les meir om studien og meld din interesse på nhi.no

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS