Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Hans Marius Fløtten trur mange har blitt mindre aktive i løpet av pandemien og meiner arbeidsplassar burde presse meir på for å få alle tilbake på kontoret for å få inn meir aktivitet i kvardagen.

80 prosent av oss sit på rumpa meir enn åtte timar kvar dag. Kan vi snu trenden?

Står det faktisk så dårleg til med aktivitetsnivået vårt?

– Eg sit mykje stille som student, spesielt nå i eksamenstida. Så eg har leita etter jobbar der eg kan vere meir aktiv om sommaren, seier Amanda Knudsen.

Ho er ein av mange aktive me møter ein solfylt dag rundt Sognsvann.

Men dei du ser rundt Oslos mest brukte turløype er ikkje representative for resten av befolkninga.

Podcast: Om nordmenn og aktivitet

Vi har blitt eit stillesittande folk. 80 prosent av oss har ein kvardag der vi sit på rumpa meir enn åtte timar kvar dag. Kan vi snu trenden?

Gjester i denne episoden av NIH-podden er professorer på NIH, Sigmund Alfred Anderssen og Jostein Steene Johannesen. Programledere er Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø.

Høyr heile episoden her.

Trudde folk var meir aktive

For nordmenn flest har ein stillesittande kvardag. Berre tre av ti av den store stillesittande gruppa klarer anbefalingane om fem timar med fysisk aktivitet i veka, viste rapporten Norges idrettshøgskole (NIH) og Folkehelseinstituttet (FHI) la fram i april.

– Det er eg ikkje overraska over. Særleg etter pandemien, meiner Hans Marius Flåtten som me møter midt i ei løpeøkt.

Karin Solberg Andreassen er i 70-åra og er meir overraska.

– Det synest eg er ille. Og overraskande eigentleg. Når eg er her så verkar det som folk flest er flinke til å trene og gå tur, seier Andreassen som sjølv prøver å få til eit par økter med mosjon per veke.

Amanda Knudsen prøvar å kompensere ein stillesittande kvardag med aktivitet, men synest det er vanskeleg å få det til kvar dag.

Store helsekonsekvensar

Professor Jostein Steene-Johannesen forstår godt kvifor ho har det inntrykket når ho går rundt på Sognsvann.

– Det er framleis eit stort behov for å auke aktiviteten i befolkninga. Det er stor spreiing mellom folks aktivitetsnivå. Dei som er i lite aktivitet, har eit veldig lågt nivå, fortel Johannesen.

Saman med professor Sigmund Alfred Anderssen fortel han kva som har skjedd med utviklinga av aktivitetsnivået sidan dei fyrste undersøkingane på starten av 2000-talet.

Konsekvensane av stillesittinga kan bli store.

– Der pågår det mykje forskning. I seg sjølv er stillesitting ikkje gunstig for ei rekkje av livsstilssjukdommane. Også for muskel og skjelettplager, seier Anderssen.

Han legg til at det er naturleg at me sit meir stille i dag enn me gjorde for 30-40 år sidan.

– I dag har fleire jobbar som gjer at me blir sittande. At det blir såpass mange timar som åtte til ni timar er ein naturleg konsekvens av utviklinga vår. Men skal me akseptere den?

Karin Solberg Andreassen fortel at ho fekk seg ein knekk i koronaen og sat mykje stille. Nå trenar fast to gonger i veka og prøvar elles å få seg ein tur i og ne.

Korleis snu trenden?

Direktør ved Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, meiner tala viser kor stor utfordring samfunnet har framover.

– Det er ei utfordring både for samfunnet og for den enkelte. Og for oss i FHI og de på NIH som skal formidle kor enkelt fysisk aktivitet kan vere, seier Stoltenberg.

Fleire interessante funn om korleis me beveger oss og diskusjonen om korleis me skal snu trenden høyrer du i NIH-podden anten her eller der du høyrer podkast.

Powered by Labrador CMS