Små effektar av røykekampanje

Helsedirektoratet sin anti-røykekampanje i 2012 kan ha hatt ein liten positiv effekt.

Publisert
Kampanjen gav ingen klar endring i røykestatusen, men tendensen gjekk i riktig retning. (Illustrasjonsfoto: Sirus/Nye bilder)
Kampanjen gav ingen klar endring i røykestatusen, men tendensen gjekk i riktig retning. (Illustrasjonsfoto: Sirus/Nye bilder)

Du hugsar kanskje enno anti-røykekampanjen frå i fjor? Feittfylte blodårer, øydelagde lunger og skjering i halspulsårer skulle skremme røykjarar til å stumpe sigaretten.

Reklamekampanjen frå Helsedirektoratet vart vist på TV, internett og i aviser i byrjinga av 2012 og brukte frykt som hovudverkemiddel.

Målet var ein direkte innverknad på røykeåtferd, motivasjon til å slutte og helseoppfatningar.

Ein ny studie tyder på at kampanjen kan ha hatt ein liten positiv effekt på motivasjon til å slutte å røyke og på oppfatning av helserisikoen ved røyking.

Det var også tendensar til at dei som hadde fått med seg kampanjen i større grad slutta å røyke.

– I alle tilfelle er effektane av kampanjen svært små. Sjølv om vi fann ein liten positiv effekt på nokre av kampanjemåla, fann vi ingen endring på andre mål, seier Torleif Halkjelsvik ved Statens institutt for rusmiddelforskning (Sirus).

– Det er i utgangspunktet vanskeleg å måle effekten av slike landsomfattande kampanjar, så vi kan ikkje vere heilt sikre på at dei små effektane vi fann skuldast sjølve kampanjen eller andre faktorar, fortel Halkjelsvik, som leia studien.

I overkant av 2500 røykjarar deltok i studien, der dei like før og like etter den sju veker lange kampanjeperioden fylte ut eit spørjeskjema på internett.

Deltakarane vart delte inn i to grupper: dei som hugsa å ha sett reklamen, og dei som ikkje hugsa den.

Kampanjen gav ingen klar endring i røykestatusen, men tendensen gjekk i riktig retning.

Blant dei som hadde sett reklamen, var det også ein auke i oppfatninga av dei potensielle helsefarane ved røyking. Dette gjaldt ikkje for dei som ikkje hadde sett reklamen.

Som forventa

Trass i at kampanjen ikkje ser ut til å ha gitt dei store resultata meiner Halkjelsvik at gjennomføringa av kampanjen kanskje ikkje var forgjeves.

Det er ikkje uvanleg at slike kampanjeevalueringar viser små eller ingen målbare effektar, men meir omfattande undersøkingar over lengre tidsrom viser at mengda av slik reklame trulig har ein samanheng med røykeåtferd.

I tillegg er slike kampanjar berre eit av fleire tiltak som samla kan føre til røykeslutt.

– Kampanjen ser også ut til å ha stimulert til diskusjon om røyking og helse. Vi kan tenkje oss at det kan medverke til langsiktige endringar gjennom sosiale normer, seier Halkjelsvik.

Referanse:

Halkjelsvik m.fl.: Fear appeals in advanced tobacco control environments: the impact of a National Mass Media Campaign in Norway, Health Education Research, published online: June 13, 2013, doi:10.1093/her/cyt064.