Helseproblem for oppdretta berggylte

Oppdrett av berggylte – som plukkar parasittar av annan fisk – er eit miljøvennleg alternativ til andre middel mot lakselus. Men som dei fleste andre ”nye” opprettsfiskar, byr berggylta òg på utfordringar.

Published
4 gram stor berggylte frå smitteforsøk. Raude felt indikerar bakterieinfeksjonar i huda på hale og rygg. (Foto: Egil Karlsbakk, Havforskingsinstituttet)
4 gram stor berggylte frå smitteforsøk. Raude felt indikerar bakterieinfeksjonar i huda på hale og rygg. (Foto: Egil Karlsbakk, Havforskingsinstituttet)

Om prosjektet

“Helseproblem hos berggylte i oppdrettsanlegg”

Målsetjing: Belysa årsakene til den høge dødelegheita hos berggylteyngel i oppdrettsanlegg
Prosjektansvarleg: Marine Harvest Labrus
Prosjektpartnarar: Havforskingsinstuttet, Veterinærinstituttet i Bergen
Varigheit: 2011-2013
Regionalt forskingsfond Vestlandet stør prosjektet med 1,3 millionar kroner.

Villfanga leppefisk vert i dag brukt i stort omfang i kampen mot lakselus hos oppdretta laks.

Det vert brukt minst ti millionar leppefisk i året her til lands, men arten er sårbar for skadar og sjukdom, og svinnet i merdane er høgt.

- Svinnet er i seg sjølv eit etisk problem, dessutan kan fangsten av vill leppefisk ha negative konsekvensar for miljøet i form av for høg utnytting av bestandane langs kysten, seier seniorforskar Stein Mortensen hos Havforskingsinstituttet.

Han fortel òg at flyttinga av store mengder leppefisk frå Sverige og Sør-Noreg til anlegg lenger nord, utgjer ein stadig fare for smittespreiing eller flytting av uønska organismar nordover.

- Om ein kunne forsynt anlegga med oppdretta leppefisk med kjend helsestatus, kunne ein ha unngått dette problemet, seier han.

Første fullskalaanlegg

Mortensen fortel at berggylta vert rekna både som den beste luseplukkaren av leppefiskartane og for å vera meir robust enn til dømes grøngylte og grasgylte.

- Sidan berggylta òg vert større enn dei andre leppefiskartane, kan den følgja laksen gjennom heile livslaupet. Det er stor etterspurnad etter liten berggylte, og fiskarane kan ikkje levera nok fisk, seier han.

For å sikra tilgangen på berggylte, har Marine Harvest Labrus starta oppdrett av fisken. Selskapet har etablert det første fullskala oppdrettsanlegget for berggylte i Øygarden utanfor Bergen, og dessutan dratt i gang eit forskingsprosjekt i samarbeid med Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet.

Målsettinga med forskingsprosjektet er å kartleggja årsakene til sjukdom og svinn i yngelproduksjonen av berggylte – slik at ein kan leita etter effektive botemiddel. Mortensen er leiar for prosjektet, som er støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Mykje finneråte

I 2011 vart det gjennomført tre komplette produksjonssyklusar ved anlegget i Øygarden.

Produksjonen var vellykka i den tidlege vekstfasen, der yngelen vennast til tørrfôr, men i seinare vekstfasar opplevde ein store tap, mellom anna på grunn av sjukdom. Og utvikling av finneråte var éin del av forklaringa.

- Det vart registrert høg førekomst av sår og nedbrote vev på finnane til fisken. Så langt veit vi ikkje om finneråta primært vert årsaka av bakteriar, eller om det er til dømes aggressiv åtferd med finnebiting som er utgangspunktet. Vi snakkar nok uansett om komplekse sjukdomsbilete her, seier Mortensen.

Prøvar innsamla frå merdane, viste nemleg at fleire ulike bakteriar er involverte i prosessen der finnevevet vert brote ned. Det vart òg identifisert uønskte bakteriar i tarmane og bakteriar som kan infisera fisken gjennom såra på finnane og såleis finna vegen inn i blodomlaupet.

Smitteforsøk i kar

Bakterien Vibrio splendidus dukka opp i mange prøvar, og det vart isolert ulike variantar av denne mikroben. Forskarar frå Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet gjennomførte deretter kontrollerte smitteforsøk i kar.

Seks grupper av berggylte vart utsette for kvar sin variant av V. splendidus. Ei sjuande kontrollgruppe vart ikkje utsett for smitte i det heile, medan ei åttande gruppe fekk den ”næringssuppa” som bakteriane vart dyrka i på laboratoriet.

- Det var ein viktig kontroll for å sikra at det ikkje er andre substansar som gjev den effekten vi mistenkjer bakteriane for å stå bak, seier Mortensen.

Resultata av smitteforsøka tyder på at ingen av dei seks variantane av V. splendidus var særleg ”hissige”.

- Fisken såg ut til å takla smittebelastninga, men etter nokre veker i kara, vart det likevel observert mykje fisk som var mager og ikkje vel tilpass. Det var blødingar i hud og ved finnebasis, og det vart registrert gradvis aukande dødelegheit, seier Mortensen.

Forskarane arbeider no vidare med å beskriva dei bakteriane som er isolerte frå sjuk og daud fisk, i håp om å kome nærare svaret på årsakene.

- Vi trur at det i løpet av smitteperioden utvikla seg sjukdom i fiskegruppene som er årsaka av andre bakteriar enn dei vi smitta fisken med, seier Mortensen.

- Det står i alle fall att mykje forsking for å få fullt oversyn over sjukdomsbiletet – og for å kunna fastslå om oppdrett av berggylte er eit berekraftig alternativ der omsynet til fisken er teke godt nok i vare, seier han.