<em>Gyrodactylus salaris</em> på auget til ein atlanterhavslaks. (Foto: Raúl Ramírez, NHM)
Gyrodactylus salaris på auget til ein atlanterhavslaks. (Foto: Raúl Ramírez, NHM)

Avlivar mytar om lakseparasitt

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris blir sett på som så farleg at heile vassdrag vert lagt aude for å få bukt med han. Men kunnskapen vår er tynt fundert.

Publisert

Gyrodactylus salaris

Gyrodactylus salaris er en fryktet parasitt på laksefisker. Den tilhører slekten Gyrodactylus, som er parasitter på fisk både i ferskvann og sjøen.

Den kalles også haptormark på norsk.

På verdensbasis finnes det mer enn 400 arter av Gyrodactylus, og det er også registrert en rekke arter i norske farvann. De er ektoparasitter på gjeller og hud hos forskjellige arter av fisk.

De formerer seg ofte ganske raskt, og har samme vert gjennom hele sin livssyklus.

(Kilde: Store norske leksikon)

– I dag drep norske myndigheiter all fisk i heile vassdrag med rotenon for å få bukt med Gyrodactylus salaris. For å setja i gang slike drastiske tiltak, må vi vita kva vi gjer.

– Men kunnskapane våre er rett og slett ikkje gode nok, er brannfakkelen frå stipendiat Raúl Ramírez frå Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

I arbeidet med doktorgraden sin har han avdekt fleire misforståingar eller mytar som ligg til grunn for myndigheitene si rotenonbehandling.

Myte nummer 1: Gyrodactylus salaris er det same som lakselus

– Det er ikkje uvanleg å omtala Gyrodactylus salaris som lakselus, men det er to heilt forskjellige dyr som begge er parasittar på laksefiskar.

Myte nummer 2: G. salaris er ein parasitt på laks

Raúl Ramírez i akvarierommet ved NHM. (Foto: Raúl Ramírez, NHM)
Raúl Ramírez i akvarierommet ved NHM. (Foto: Raúl Ramírez, NHM)

– Det riktige er at G. salaris er ein parasitt på laksefiskar, som ved sida av laks omfattar artar som regnbogeaure og vanleg aure, røye og harr. I kortare tid kan han overleva på andre artar òg.

Myte nummer 3: Baltisk laks er immun, norsk laks er sårbar

– Det finst tre hovudgrupper av atlanterhavslaks: den vestatlantiske, som ikkje angår oss her, den austatlantiske, som norsk villaks høyrer til, og den baltiske, som lever i Østersjøen og Finskebukta.

– Oppfatninga har vore at baltisk laks er immun fordi han har utvikla seg saman med parasitten, medan norsk laks ikkje har hatt den same moglegheita til å utvikla immunforsvar mot G. salaris.

– Men forskinga viser at biletet ikkje er så svart-kvitt. Vi kan gjerne snakka om 50 avskyggingar av grått mellom dei to ytterpunkta, for norsk laks viser eit spekter av resistens.

Myte nummer 4: G. salaris er livsfarleg for norsk laks

– Forsking har vist at G. salaris ikkje er den same overalt.  G. salaris i Lierelva er ein trugsel mot laksen. Men i Pålsbufjorden, ein del av vassfaret Numedalslågen, er det påvist ein variant av parasitten som lever på røye, og som ikkje er dødeleg for laks. Tilsvarande funn er gjort andre stader.

– I Numedalslågen er det innført strenge restriksjonar på fiske og transport av fiskeutstyr fordi det er påvist G. salaris der, trass at varianten ikkje er nokon risiko for laksen i vassdraget. Restriksjonane kan derfor heller lempast på eller lyftast heilt.

Myte nummer 5: G. salaris har spreidd seg i Noreg via Sunndalsøra

– Det er riktig at det var på Sunndalsøra G. salaris fyrst vart påvist, i 1975. Men Håkon Hansen viste i doktorgraden sin på NHM for ti år sidan at parasitten har hatt tre ulike innførselsruter til Noreg – minst.

– Ved å undersøkja det som heiter mitokondrielt DNA frå parasittar frå ulike stader, har vi fastslått at den genetisk grupperer seg i minst seks ulike stammer (haplotypar).

– Det oppsiktsvekkjande er at nesten alle eksperimentelle studiar som er gjort, er gjort på stammen som heiter haplotype F, som har kome frå Danmark. Det inneber at når ein har studert den påståtte immuniteten til baltisk laks, er han undersøkt med ei anna gyro-stamme enn laksen i det baltiske området. Tilsvarande er ikkje norsk laks undersøkt eksperimentelt mot baltiske stammer av parasitten. 

Myte nummer 6: Rotenon er drastisk, men nødvendig

– I dag vert rotenon brukt til å fjerna G. salaris frå fleire elvar og vassdrag enn det som var føresetnaden då bruken tok til. Men effekten er langt frå alltid positiv. Fem år etter rotenonbehandlinga i Ranelva i Rana har ein til dømes ikkje klart å fjerna parasitten. Så vi risikerer faktisk å bruka hundretals millionar på tiltak som ikkje fungerer.

Raúl Ramírez under feltarbeid på Tyrifjorden. (Foto: Raúl Ramírez, NHM)
Raúl Ramírez under feltarbeid på Tyrifjorden. (Foto: Raúl Ramírez, NHM)

Faktum nummer 1: Vi har for lite kunnskap

– Som ein del av doktorgradsarbeidet mitt har eg samla saman og systematisera det som har vore gjort tidlegare av forsking på Gyrodactylus og laksefisk. Dei som har drive med dette heile livet, har mykje av kunnskapen mellom øyra, men det hadde ikkje eg som fersk doktorgradsstudent.

– Då eg sette saman kjeldene, oppdaga eg at ein del av kunnskapen som var allment akseptert, kom frå studiar som hadde svakheiter. Myten om at baltisk laks er immun mot G. salaris, var til dømes allment akseptert, men eg oppdaga at han faktisk aldri var testa ordentleg.

Faktum nummer 2: Vi har altså for lite kunnskap

– Eg vil gjerne få understreka at trass at mange av dei eldre studiane er solide, hadde dei jo ikkje dei statistiske metodane og laboratoriemetodane vi har i dag, spesielt på DNA-feltet.

– Men det hjelper oss ikkje alltid heller. Varianten i Lierelva kan vera farleg for laks, men varianten i Pålsbufjorden er det altså ikkje, sjølv om dei er av same stamme og uråd å skilja ved hjelp av det mitokondrielle DNA-et. Vi har i dag heller ikkje nokon andre genetiske hjelpemiddel til å slå fast om ein gitt variant er dødeleg eller ikkje.

Faktum nummer 3: Vi treng meir kunnskap

– Eg er jo ikkje den fyrste forskaren som seier dette, men det vert ikkje feil for det: Vi treng meir forsking på G. salaris. Vi må få kartlagt dei forskjellige stammene sitt eige genom, som altså er noko anna enn det mitokondrielle genomet.

– Då kan vi kanskje finna ut kva som skil dei dødelege variantane og stammene frå dei mindre farlege og setja inn skreddarsydde tiltak. Ei moglegheit er å avla fram motstandsdyktig laks.

– Meir kunnskap er viktig for å gje meir målretta tiltak kan spara det norske samfunnet for unødvendige økonomiske og økologiske kostnadar.