Annonse

Stor variasjon i overleving hos rømt laks

Avkomet frå rømt oppdrettslaks klarer seg betre om faren er villfisk.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I Guddalselva sikrar fiskefellene at forskarane har kontroll med fiskebestandane og at dei får representative prøveuttak av fisk. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Overlevinnga er også avhengig av eggstorleiken hos rømt og vill laks.

I eit forsøk i Guddalselva i Rosendal i Hardanger har forskarar studert korleis avkom av oppdrettslaks og blanding av oppdrettslaks og villaks, såkalla hybridar, klarar seg i naturen samanlikna med avkom etter villaks.

- Som venta  hadde avkom av rømt laks totalt sett lågare overleving enn villaksen. Det som overraska oss mest var den store variasjonen i overleving mellom familiar av oppdrettslaks og særleg at nokre av oppdrettsfamiliane hadde svært høg overleving.

- Totalt sett hadde dessutan hybridane  omlag same overleving som villaksen, seier Øystein Skaala, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Studien omfattar tre årsklassar med til saman 69 familiegrupper av villaks, oppdrettslaks og hybridar, der forskarane har undersøkt både vekst, overleving, smoltalder og diettvalg hos familiane fram til smoltstadiet i naturen.

Storleiken på egga er viktig

- Eit særs interessant funn var kva eggstorleiken betyr for overlevinga. Kanskje ikkje så uventa, men at vi kunne vise dette konkret, var  nok i overkant av kva vi tenkte i utgangspunktet, seier Skaala.

Sidan eggstorleik varierer mykje både hos oppdrettslaks og villaks, tyder dette på at det vil vere svært vanskeleg å spå utfallet av immigrasjon av rømt laks i eit gitt tilfelle.

- Vi såg også at grupper av halvsøsken med oppdrettsmor hadde høgare overleving når egga var befrukta av ein villhann enn når dei var befrukta med ein oppdrettshann, seier Skaala. 

Den relative overlevinga hos oppdrettslaksen samanlikna med hybride halvsøskengrupper med vill far, avtok med aukande tettleik av fisk i leveområdet, noko som også illustrerer ulik konkurranseevne hos villaks og oppdrettslaks.

- Vi fant òg full overlapp i diettvalet, det fortel oss at i dei fleste vassdrag vil førekomsten av avkom av oppdrettslaks medføra ein reduksjon i produksjonen av vill laksesmolt, seier Skaala.

Unikt feltprosjekt

Eksperimentelle studiar i naturlege miljø er krevjande og difor sjeldan vare.  Likevel er slike studiar eit viktig supplement til modellstudiar og laboratorieforsøk, akkurat fordi dyra er observert i sitt naturlege element.

Arbeidet i dette prosjektet er gjennomført ved Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Rosendal. Det er svært få stader slike feltundersøkingar kan gjennomførast, ein av dei er Guddalselva der fiskefellene sikrar stor kontroll med fiskebestandane og  representative uttak av prøvar.

I tillegg til forskarar frå Havforskingsinstituttet, har forskarar frå Universitetet for miljø og biovitenskap, Universitetet i Århus og Universitetet i Bergen deltatt i prosjektet.

- Dette er også første gongen nokon har publisert data på overleving og vekst  i naturen på familienivå hos laks. 

- Overlevinga i naturen hos avkom av oppdrettslaks frå smolt til gyting  fins det framleis lite data på, og den fasen har vi no initiert nye feltstudiar på, seier Skaala.

Referanse:

Skaala m.fl.: Performance of farmed, hybrid, and wild Atlantic salmon (Salmo salar) families in a natural river Environment, Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences, 2012, 69(12): 1994-2006, doi: 10.1139/f2012-118.

Powered by Labrador CMS