Fisk som er 20-30 centimeter unna hoven svimar av på grunn av straumen. Etter om lag eit minutt kviknar han til igjen. (Foto: Anette Tjomsland)

Forskarar fangar fisk med straum

Når nye vegar eller jernbaneliner blir bygde er det nokre som jobbar hardt for å passe på at naturen i området ikkje blir skadelidande. Ein av metodane som blir brukt, er elfiske.

I ein bekk i ein skog i Bærum står Johanna Skrutvold. Med ei bøtte i handa er ho klar til å ta imot fisk som Ingar Aasestad fangar med elfiske-apparatet.

Dei er begge naturforvaltarar og ute på oppdrag for Statens vegvesen region Aust, for å gjere forundersøkingar i vassdrag som kan bli påverka av den nye vegutbygginga, E16 Bjørum-Skaret.

Aasestad fører ein håv rundt i vatnet. Kanten på håven sender ut straum. Plutseleg flyt det opp ein fisk i vatnet ved sida av, og han fangar den med håven.

– Fisken svimar av på grunn av straumen, forklarar Skrutvold. Ho forsikrar om at metoden er godkjent av Mattilsynet og at den ikkje gir fisken særleg stort ubehag.

Metoden gjer det enkelt å fange mange fisk på kort tid.

– Dei blir slappe i om lag eit minutt, men nokre kviknar til att nesten med ein gong. Straumen lammar fisk som er om lag 20–30 centimeter unna apparatet, seier Aasestad.

– Fisk som er lengre unna, vil faktisk symje mot straumkjelda inntil dei blir paralysert.

Som å ta på eit straumgjerde

På apparatet, som Aasestad ber på ryggen, står det «Høgspenning, livsfare». Men det er ikkje så dramatisk som det kan sjå ut som.

Han forklarar at dette apparatet sender ut anten 700 eller 1400 volt. Til samanlikning er det 220 volt i stikkontaktar. Sjølv om spenninga målt i volt er høg, er straumstyrken målt i ampere lav. Volt beteiknar maksimal tilgjengeleg straumstyrke, medan ampere er målet på den faktiske straumstyrken som blir brukt.

– Vi brukar alltid lågast mogleg straum for å skåne fisken, men om vatnet er ionefattig, leier det straum dårleg. Då må vi bruke meir.

For å føre straum ut i vatnet må han ha fingeren på ein daudmannsknapp på håven. Med ein gong han slepp knappen, blir straumen slått av.

– Det kjennest som å ta på eit straumgjerde om eg tek i vatnet, seier han.

– Det er viktig å ha god kommunikasjon med den som held apparatet. Eg forsikrar meg alltid om at apparatet er av før eg tek i vatnet etter fisk, seier Skrutvold.

Før fiskane får fridomen tilbake blir dei talt og målt. (Foto: Anette Tjomsland)

Sjøaure på veg til Oslofjorden

Fiskarane går lenger opp i bekken, og får etter kvart ein heil del småfisk i bøtta.

– Dette er sjøaure som er sett ut her, så tettleiken er kunstig høg. Desse fiskane endar etter kvart opp i Sandvikselva, som er den viktigaste rekrutteringselva for sjøaure i indre Oslofjord, forklarer Aasestad.

Før fisken endar opp i sjøen ved Sandvika, må han symje gjennom område som kan bli påverka av vegutbygginga. Både Rustanbekken og Isielva kan bli påverka av Bjørum-Skaret-utbygginga. Desse vassdraga er viktige lokalitetar for utsett og, lengre ned, naturleg rekruttert yngel av sjøaure og laks.

– I dag undersøkjer vi fleire tilløp til Rustanbekken og Isielva, seier Skrutvold.

Prosjektleiar Roger Roseth i NIBIO forklarar at dei ønskjer å finne ut om tilløpsbekkane er fiskeførande, slik at ein kan ta omsyn til fisken i planane for bygging og drift av den nye vegen.

– Det er viktig å vite om det er fisk i bekkane og kva slags levekår dei har i dag. Fisken i dei fiskeførande bekkane må sikrast vandringsveg opp og ned til Rustanbekken, som er hovudvassdraget for fisken. Om alt går gale, så har vi ein fiskereserve i sidebekkane som kan kome ned og laga ein ny fiskebestand i Rustanbekken, seier Roseth.

Han forklarar at ein må bruke vandringstilpassa rør for fisk under den nye vegen, slik at dei kan vandre fritt mellom tilløpsbekkene og Rustanbekken.

På apparatet, som Ingar Aasestad ber på ryggen, står det «Høgspenning, livsfare». Men det er ikkje så dramatisk som det kan sjå ut som. For å føre straum ut i vatnet må han ha fingeren på ein daudmannsknapp på hoven. Med ein gong han slepp knappen blir straumen slått av. (Anette Tjomsland)

Om elfiske

Elfiske er vanleg innan naturforvalting. Fisken blir for ei kort stund paralysert med straum, deretter tald, målt, og til sist sluppen fri igjen.

Føremålet er å registrere kor mange fisk som lever i eit vassdrag, og kva for levekår dei har.

Dette blir mellom anna gjort før, under og etter bygging av større samferdselsprosjekt for å overvake fiskebestanden i vassdrag som kan bli påverka av slike store inngrep i naturen.

Gyteklar bekkaure under sterkt trafikkert bru

Litt høgare opp, i eit område kalla Tjernslibekken, finn dei gyteklar aure. Her er det masse fisk, og dei er mykje større enn dei små som lever i bekken inne i skogen. Dette kan både vere aure som lever i bekken heile livet eller fisk på gytevandring frå eit tjørn lenger oppe. Dei oppheld seg under ei sterkt trafikkert bru. Trailerane dundrar over brua stadig vekk.

Fleire av fiskane under brua er opp mot 30 centimeter lange.

– Sjå, dei har mjølke! seier Aasestad og pressar ut kvit væske frå buken til ein fisk han nett har målt.

– Hannen står her no og ventar på hoene.

Etter at dei har fiska over eit strekk på om lag 30 meter, er det tid for å telle og måle alle fiskane. Deretter repeterer dei heile prosedyren to gonger til langs det same strekket.

Men korleis veit dei at dei har fanga all fisken?

– Vi har ein statistisk formel som vi brukar for å rekne ut omtrent kor mange fisk det er som slapp unna elfiskeapparatet, forklarar Aasestad.

Til sist går dei gjennom eit skjema for rapportering.

– Vi vurderer kvaliteten på habitatet, altså korleis tilhøva er der fisken lever. Det vi ser etter er mellom anna tilgang på skjulestader for ungfisk, tettheit av fisk, og årsyngel – det vil seie kor mange som er født i år versus tidlegare år, seier Skrutvold.

Under denne sterkt trafikkerte brua finn Johanna Skrutvold, rådgjevar og naturforvaltar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Ingar Aasestad, naturforvaltar i Naturplan, mykje gyteklar bekkaure. (Foto: Anette Tjomsland)

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Powered by Labrador CMS