Annonse

Omega 3 viktig for hjernen

Medan kroppen bruker fett som energi, bruker hjernen feittet til strukturell oppbygging.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hjernen inneheld særskilt mykje langkjeda, fleirumetta feitt, som til dømes omega 3-fettsyrene EPA og DHA. DHA er viktig for utvikling og vekst av hjernen.

I løpet av livet skjer det ei stadig nydanning og omstrukturering i hjernen, og ein meiner at fettsyresamansetninga i kosten påverkar korleis mennesket lærer og korleis erfaringar forandrar oss.

Få studier

Både omega 3- fettsyrer og omega-6 fettsyrer er viktige for hjernens struktur og funksjon, og det er viktig at inntaket av disse langkjeda fettsyrene er tilstrekkelig og balansert for å sikre normal utvikling og optimal funksjon av hjernen i alle fasar av livet.

Eit mangelfullt kosthald kan bidra til impulsiv og antisosial åtferd. Få studier er gjort på dette feltet. Ei av dei er publisert i British Journal of Psychiatry, og viser at antisosial åtferd vart vesentleg redusert etter at vitaminar, mineral og fettsyrer blei tilført i kosten.

Forsking har vist at menneske med høg hjarterateviabilitet (HRV) har gjort det betre på kognitive testar enn dei med låg HRV. Korleis eit individ planlegg, resonnerer, tek avgjerder og handlar på rasjonelle måtar blir gjerne kalla kognitive funksjoner.

Impulskontroll

HRV er eit uttrykk for variasjonen mellom påfølgande hjerteslag. Høg HRV heng saman med god impulskontroll. Mykje tyder på at menneske med høg HRV har betre evne til å regulere og kontrollere åtferda si.

På den andre sida har låg HRV vist seg å ha samanheng med psykologiske lidingar, som angst og depresjon. Nyare forsking viser at HRV blir påverka av kognitiv terapi, fysisk trening, livsstil og kosthald.

Det er blant anna funne ein positiv samanheng mellom omega 3-nivå i blod, og HRV hos pasientar. Det er også funne negativ samanheng mellom omega 3-nivå i blod, og problemåtferd og dårleg merksemd hjå barn.

Powered by Labrador CMS