Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Hyselarve sett gjennom stereomikroskop. (Foto: Alessandro Cresci / Universitetet i Miami / Havforskningsinstituttet)

Hysa har innebygd kompass

I ein magnetisk tank kan forskarane flytte himmelretningane. Slik oppdaga dei at hyseyngel har eit kompass som leiar dei i nordvest retning.

I Barentshavet og Nordsjøen gyter hysa langt til havs på kontinentalskråningen. Men dei nyklekte larvane veks opp heilt andre stader i havområda, langt nærmare kysten.

Larvane driv med straumen, men gjer dei berre det?

– Ved å simulere jorda sine magnetfelt i ein spesialtank, har vi vist for første gong at hyselarvar ikkje berre haikar med straumen frå A til Å. Dei svømmer nordvest ved hjelp av eit innebygd kompass, fortel havforskar Alessandro Cresci.

Hightech-skur på jorde

Med spesialtank siktar han til MagLab. Midt på eit jorde i Austevoll står det som kan sjå ut som eit heilt gjennomsnittleg skur. Men dette laboratoriet er spesialbygd med berre ikkje-magnetisk materiale ned til den minste skrua. Det er skjerma frå alle typar støy.

Inni står ein vasstank omgitt av magnetkveilar på fleire kilometer. Laben er spesialdesigna av forskarar frå Havforskningsinstituttet.

– Vi kan simulere himmelretningane og snu dei 90 grader i slengen. Med andre ord kan vi gjere nord til sør og så vidare, fortel Cresci.

MagLab ser ut som eit skur der det står midt på eit jorde i Austevoll. Laboratoriet er spesialbygd for å simulere himmelretningane. Inni står ein vasstank omgitt av magnetkveilar på fleire kilometer. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Målte i tank og i sjøen

102 hyselarvar fekk svømme aleine i tanken. Samtidig dokumenterte forskarane gjennomsnittleg svømmeretning for kvar av dei. Samanlagt heldt heile gjengen ein snittkurs nordvest, 319 grader.

– I tillegg har vi overvakt 59 hyselarvar i eit gjennomsiktig plastkammer som fekk flyte fritt i sjøen. Der svømte dei også nordvest, 313 grader, seier havforskaren.

I videoen under kan du sjå utsetting av larver. Fiskelarvar er i eit gjennomsiktig plastkammer som får flyte fritt i sjøen og eit kamera overvaka rørslene. Systemet er designa av forskarar på Universitetet i Miami.

Lar larvane krysse Norskerenna

– Kvifor trur du det er akkurat denne kursen hysa følger?

– Om hysa dreiv passivt, trur vi ho kunne enda opp langt meir spreidd enn ho faktisk gjer. Svømmeretninga kan motverke dette, forklarer han.

– I Nordsjøen kunne hysa blitt frakta gjennom Norskerenna med kyststraumen og spreidd ut av Nordsjøen. Ein nordvestleg svømmeretning er kanskje det som let larvane komme seg ut på vestsida av renna.

Dette spørsmålet vil forskarane undersøke nærmare.

Gyteområde og svømmeretning. (Illustrasjon: Alessandro Cresci)
Forskarar studerer svømmeretninga til hyseyngel. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Kunnskapen kan brukast i bestandsovervaking

Når havforskarane overvaker ein fiskebestand for blant anna å gi råd på kor mykje som kan fiskast, er larvedrift éin av mange ting dei bereknar.

– Straum, men også åtferd, styrer kor larvane endar opp, avsluttar Alessandro Cresci.

Referanse:

Alessandro Cresci mfl: Atlantic haddock (Melanogrammus aeglefinus) larvae have a magnetic compass that guides their orientation. iScience, 2019.

Powered by Labrador CMS