Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Stian Borg-Stoveland jobbar med å finne berekraftige løysingar for produksjon av fiskefôr
Stian Borg-Stoveland jobbar med å finne berekraftige løysingar for produksjon av fiskefôr

Forskar dyrkar kortreiste ingrediensar til fiskefôr i avfallsvatn

Stian Borg-Stoveland bruker næringsrikt avfallsvatn frå oppdrettsanlegg i Lyngdal til å dyrke mikroalgar.

– Oppdrettsnæringa treng meir berekraftig og miljøvennleg fôr til laksen. Mikroalgar har ei gunstig samansetting av næringsstoff og kan vere god ingrediens å ha i fiskefôr.

Det seier Stian Borg-Stoveland. Han er forskar ved Universitetet i Agders Institutt for naturvitskap og knytt til Centre for Coastal Research (CCR) ved UiA. I tillegg er han tilsett i Ecofishcircle AS i Farsund.

Meir berekraftig fôr

I forskinga si jobbar Borg-Stoveland med å finne berekraftige løysingar for produksjon av fiskefôr.

Oppdrettslaks i Noreg blir i dag hovudsakleg fora med importerte soyaprodukt og fiskemjøl. Dette er verken naturleg eller berekraftig i lengda.

– Fiskemel er mellom anna ustabil i pris på grunn av variabel fangst av fisk som blir brukt til dette. Til erstatning får då oppdrettslaksen meir soyaprodukt ettersom det er rimelegare. Vi treng å bli meir sjølvforsynte på maten vi gir til oppdrettslaksen vår, seier han.

Test-tanken bak Borg-Stoveland er 10 meter i diameter og inneheld 160 kubikk med vatn.
Test-tanken bak Borg-Stoveland er 10 meter i diameter og inneheld 160 kubikk med vatn.

Test-anlegg i Lyngdal

I mai sette Ecofishcircle AS i drift ein test-tank på Hausvik utanfor Lyngdal med 4.000 smolt eller ungfisk. Smolten veg omkring 160 gram og skal vekse til han blir omkring 4 kilo.

Anlegget er eit såkalla resirkuleringsanlegg (RAS) der vatnet blir reinsa og sendt tilbake i systemet. Omkring 95 prosent av vatnet blir bli brukt om igjen, men 5 prosent må bli skifta ut.

– Avfallsvatnet er fullt av næringssaltar som nitrogen og fosfor. Næringsstoffa kjem mellom anna frå avføringa til fisken, seier Borg-Stoveland.

Borg-Stoveland skal bruke avfallsvatnet frå test-tanken til å teste korleis vatnet fungerer til å dyrke mikroalgar. Mikroalgar er fotosyntetiske mikroorganismar med stort potensial som næringskjelde til bruk i mat og fór.

Algane har høgt næringsinnhald og kan ha stor variasjon mellom artane.

Avfallsvatn påverkar kystområda

Avfallsvatn frå oppdrettsnæringa og anna industri blir i dag slept direkte ut i kystvatn. Det fører til ei rekkje utfordringar for organismane som lever langs kysten vår.

Mellom anna kan det føre til overgjødsling og oppblomstring av uønska algar i oppdrettsområda.

– Dei uønska algane kveler den normale førekomsten av tang og tare og legg seg som eit teppe på vatnoverflata og blokkerer dermed for lys, seier Borg-Stoveland.

Ein anna konsekvens kan vere unormal høg bakterieaktivitet på havbotnen i utsleppsområda.

Avfallsvatnet inneheld mykje biologisk materiale som mellom anna kjem frå avføringa til fisken og fôr som ikkje blir eten. I kystvatnet blir dette brytt ned av bakteriar. I den prosessen bruker bakteriane oksygen. Område med låge oksygennivå er ikkje bra for den naturlege førekomsten av plante- og dyreliv. Til dømes kan ein sjå lavt oksygennivå har hatt store konsekvensar for Oslofjorden.

– Vi må bruke avfallsvatnet til noko meir berekraftig slik at vi tek betre vare på kystmiljøet vårt, seier Borg-Stoveland.

Arten <span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Skeletonema marinoi</span> har fleire av eigenskapane som trengst for å vekse i avfallsvatn. Dette er ein av artane Borg-Stoveland skal sjå nærmare på i si forsking.
Arten Skeletonema marinoi har fleire av eigenskapane som trengst for å vekse i avfallsvatn. Dette er ein av artane Borg-Stoveland skal sjå nærmare på i si forsking.

Dobbel gevinst

Dyrking av mikroalgar på avfallsvatnet vil ifølgje Borg-Stoveland gi dobbel gevinst.

– Ikkje berre blir vatnet reinsa for potensielt skadelege næringssaltar før det blir slept ut i kystvatnet, men i tillegg viser forskinga så langt at mikroalgane ein produserer, kan bli brukt som ein ingrediens i fiskefôr. Maten blir kortreist, og vi får meir gjenbruk av ubrukte ressursar, seier han.

Mikroalgane har ei gunstig samansetting av næringstoff som eignar seg bra som fór. Mellom anna inneheld dei viktige Omega-3 feittsyrar som importerte soyaprodukt ikkje inneheld.

Sammansettinga av næringsstoff frå algane kan også blir «designa» ved å kontrollere tilførsel av lys, temperatur og næring under dyrkinga.

Redusere karbonavtrykk

Det er verksemda Ecofishcircle som finansierer store delar av forskingsarbeidet til Borg-Stoveland.

I test-anlegget i Lyngdal utviklar dei berekraftig landbasert akvakultur for framtida. Målet er å betydeleg redusere karbonutsleppa frå fiskeoppdrett på land. Ein måte å gjere dette på er å fange opp CO2 og omgjere det til råstoff og protein som kan erstatte importert soyabasert fór.

Verksemda ser på alt av utslepp som ressursar på avveg.

– I prosjektet med UiA og Borg-Stoveland skal vi utnytte desse avfallsstoffa og bruke dei som næringsstoff i produksjonen av fór, seier Jarle Dragvik, dagleg leiar i Ecofishcircle AS.

Kva er mikroalgar?

Mikroalgar består hovudsakeleg av eincella, mikroskopiske planteplankton. Dei driv fotosyntese og dannar næringsgrunnlag for dyra i havet og i ferskvatn.

Ein må som regel ha mikroskop for å sjå ein mikroalge. Dei varierar i storleik frå 0,001 til 0,2 millimeter. Under våroppblomstringa kan ein derimot sjå mikroalgar med det blotte auge då dei dannar store samlingar beståande av milliardar av enkeltcellar.

Mikroalgar består primært av protein, karbohydrat, aminosyrer og pigment. Dei inneheld óg ei rekkje essensielle fettsyrer som er heilt nødvendige i både dyr og menneskers kosthald.

Fordelar med produksjon av mikroalgar til mat og fór:

  • Mikroalgar kan bli dyrka på såkalla produsert vatn (avfallsvatn). Det vil seie vatn som ellers har utført sin funksjon i produksjonen av til dømes landbasert oppdrett av fisk.
  • Det tar lite plass om vi sammanikner med til dømes dyrking av hvete og soya. Dette blir i dag dyrka over enorme område.
  • Mikroalgar kan bli dyrka året rundt og dei vekse fort. Ei «avling» er klar for innhøsting etter omkring 14 dagar (noko variasjon mellom arter).
  • Dei har eit balansert næringsinnhald, men kan også tilpasses «sluttbrukarar» ved å kontrollere tilførsel av lys, temperatur og næring under dyrkinga.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS