Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Luthers 95 teser markerte ikkje berre ein kyrkjeleg reformasjon, men også eit vendepunkt i Vestens filosofihistorie der vi endra måten vår å sjå verda på, ifølgje Marius T. Mjaaland. Maleri: Ferdinand Pauwels, "Luthers Thesenanschlag", 1872.

– Martin Luther er langt frå utdatert

Apostelen Paulus og reformatoren Martin Luther har sete sterke spor etter seg i både filosofien og samfunnet, som i kampen for svarte borgarrettar, meiner professor Marius Timman Mjaaland.

Er filosofien reint sekulær, eller er han prega av religiøse tenkjarar?

Mange filosofar, særleg på 1900-talet, har insistert på det første, ifølgje Marius Timman Mjaaland, professor ved Teologisk fakultet på Universitetet i Oslo.

Han viser mellom anna til Bertrand Russel og Jean-Paul Sartre, begge er no døde, men også til nolevande filosofar som Thomas Nagel.

No har interessa for dei religiøse tenkjarane derimot vakna, ifølgje boka The Reformation of Philosophy.

Har oppdaga kristendomen på nytt

– Mange filosofar oppdagar no på nytt kor viktig kristendomen har vore for å forme filosofien og verda vår. Særleg har apostelen Paulus og reformatoren Martin Luther betydd mykje, seier Mjaaland, som har redigert boka.

Han ramsar opp filosofar som i dag støttar eit slikt syn, sjølv om fleire av dei er ateistar: franske Alain Badiou, italienske Giorgio Agamben, slovenske Slavoj Žižek og tyske Jürgen Habermas.

Sistnemnte, som er ein av vår tids største filosofar, kom nyleg med eit 1700 siders bokverk der han skriv at Luther sin påverknad har vore undervurdert. Filosofi og teologi har påverka kvarandre gjensidig gjennom heile filosofihistoria, meiner Habermas.

– Enkelte filosofar hevdar no at reformasjonen var viktigare enn Descartes, fordi han endra måten vår å sjå verda på. Kort sagt slutta vi å sjå på verda, samfunnet og oss sjølve berre som skapte naturvesen. I staden og begynte vi å reflektere over at alt vi veit og erkjenner er avhengig av medvitet vårt.

Luther om samvitet

Teologen og reformatoren Martin Luther vart fødd i 1483 i Tyskland. Han var sterkt kritisk til den katolske kyrkja, spesielt praksisen med avlatsbrev, som innebar at folk betalte pengar til kyrkja for å fri seg frå syndene sine. Dette resulterte i ein reformasjon og danninga av den lutherske protestantismen.

Då Luther hamra opp sine 95 tesar på kyrkjedøra i den tyske byen Wittenberg, argumenterte han mot avlatsbreva og oppmoda folk til ei anna form for frelse: Kvar enkelt skulle innrømme syndene sine overfor Gud og vere standhaftig i trua.

– Med Luther kom det ei ny forståing av kva det er å vere menneske. Spørsmålet om kva som er sant og usant handla ikkje lenger berre om tradisjon og kva autoritetane sa, det handla òg om kva samvitet sa og korleis den enkelte forstår Bibelen. Luther var sjølv ein mann med eit tynga samvit, seier Mjaaland.

«Eg trur, altså er eg»

Professor Marius Timmann Mjaaland.

Luther opna for at kvar enkelt kunne lese skriftene og tolke dei, men òg bruke si eiga fornuft til å finne sanninga. Med dette tok han ikkje berre eit oppgjer med den katolske kyrkja, men òg med den delen av filosofien som underkasta seg kyrkja sin autoritet, slik som Erasmus av Rotterdam.

– Etter mitt syn er det Luther som først introduserer ei slik forståing av sjølvmedvitet som sanningskriterium, hundre år før Descartes. Medan Descartes sa «eg tenkjer, altså er eg», meinte Luther i grunnen at «eg trur, altså er eg», seier Mjaaland, som har skrive om dette i boka The Hidden God frå 2016.

Både Luther og Descartes prøvde å tvile seg fram til sanninga på ein metodisk måte. Luther fann denne i trua åleine. Ut frå denne innsikta kom refleksjonane hans over sjølvet, Gud og verda.

Tyske og nordiske filosofar - og Luther

Også Immanuel Kant argumenterer for at kvar enkelt av oss har ei evne til å tenkje sjølv, og at vi ikkje treng autoritetar som skal fortelje oss kva som er rett og gale. Det same gjeld filosofen Hegel, som meinte at menneske, ved hjelp av sin tanke, må vere i stand til å bli eitt med verdsfornufta.

– Når vi les desse filosofane i dag, ser vi at påverknaden frå Luther har vore avgjerande. Likevel er det viktige skilnader i korleis dei forstår Gud og menneske.

Boka Mjaaland har redigert gjev nærstudiar av Kant, Hegel, Schelling, Kierkegaard og Nietzsche, alle store tyske eller nordiske 1800-talsfilosofar og alle med Luther som ei viktig kjelde.

– At desse filosofane refererer til Luther, har vore kjent lenge. At han påverka den grunnleggjande tankegangen deira, har vore mindre kjent, seier Mjaaland.

Eit ideal for marxistane

Boka sine bidragsytarar trekkjer også fram apostelen Paulus som ein premissleverandør for store tenkjarar. Paulus er mannen bak mange av forteljingane om Jesus sitt virke på jorda. Ifølgje forfattarane definerte han ord som fridom og rettferd slik vi framleis forstår dei i dag.

– Paulus insisterer på at alle menneske er like mykje verdt, også på idealet om fattigdom og det enkle liv. Med forteljinga om Jesus Kristus som Guds son, som frivillig ga avkall på makta si for å bli fattig, snur han opp ned på mange av dei greske ideala som var der tidlegare.

Grekarane beundra makt, vald og overlegen visdom, ifølgje Mjaaland.

At filosofar byggjer vidare på Paulus sine tankar, betyr ikkje nødvendigvis at dei er samde med han, legg Mjaaland til.

Nietzsche hevdar til dømes at Paulus elskar svakheit. Sjølv forakta han svakheit og meinte at viljen til makt var den djupaste sanninga i mennesket. Marxistiske filosofar som Badiou og Žižek trekkjer derimot fram tenkinga til Paulus som eit ideal for rettferd.

Paulus og Martin Luther King

Om religiøse tenkjarar har påverka filosofien, har dei også påverka samfunnet, meiner Mjaaland.

– I USA har kristendomen spelt ei stor offentleg rolle. For eksempel ser vi Paulus sine tankar tydeleg att i argumenta til borgarrettsforkjempar Martin Luther King på 1900-talet.

I Nord-Europa er det mykje som tyder på at reformasjonen og protestantismen har forma folks måte å tenkje og forstå samfunnet på.

– Det er vanskeleg å seie kva som er Luther sitt bidrag og kva andre ting som har prega samfunnet i ein heil region. Men det høge nivået av tillit og vekta på solidaritet og rettferd i dei nordiske landa samsvarer til dømes sterkt med både Luther og Paulus sine idear, seier Mjaaland.

Trump foran den episkopale kyrkja i Washington DC.

Donald Trump og Bibelen

Han meiner at mange i dag har ein tendens til å sjå på religion på ein forenkla måte: Vi er for eller imot, med eller ikkje med. Religion er godt, eller det er vondt.

– Eit godt døme på ei slik polarisering, er Donald Trump som stiller seg med bibel i hand framfor ei kyrkje og triumferer, meiner Mjaaland.

Han viser til Trumps stunt i byrjinga av juni. Først rydda han vekk demonstrantar frå den episkopale kyrkja i Washington DC med tåregass, så stilte han seg opp for å bli fotografert. Slik signaliserte han til den kvite kyrkjelyden at «eg er på dykkar side».

Samstundes er mange svarte i USA sjølv religiøse og forstår kampen mot rasisme som ein teologisk og åndeleg kamp, slik Martin Luther King gjorde.

Mjaaland ser på Trumps stunt som misbruk av religion.

– Han tråkka i realiteten både på innhaldet i Bibelen og på dei svarte sin lange kamp mot slaveri og rasisme. Deira viktigaste kampskrift var jo Bibelen, historia om Moses og Joshua og om den lidande Kristus som bringer rettferd og fred.

Han meiner at filosofien kan bidra til å problematisere det polariserte synet på religion som pregar offentleg debatt i dag. Han kan hjelpe oss å sjå nyansar og avsløre maktmisbruk i religionens namn.

– Religion er ikkje anten godt eller vondt. Den har alltid begge sider. Derfor er kritikk av religion nødvendig, men vi treng òg ei forståing av religion som ein ressurs for å forstå vår eiga tid. Berre slik kan vi forstå den verda vi lever i.

Referanse:

Marius Timmann Mjaaland (ed.): The Reformation of Philosophy: The Philosophical Legacy of the Reformation Reconsidered, Religion in Philosophy and Theology 102, 2020. DOI 10.1628/978-3-16-159218-8 Sammendrag

Powered by Labrador CMS