Vitskapskafé om stamceller i Bergen

Stamcelleforsking set sinna i kok i både inn- og utland. Utopiske visjonar om resultata av forskinga blir stilt opp skrekkvisjonar frå motstandarane. Dette er tema for ein vitskapskafé i Bergen under Forskningsdagane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det store spørsmålet er om det er etisk forsvarleg å drive med denne forskinga.

Leiar for Seksjon for Medisinsk Etikk i Oslo er invitert til Vitskapskafeen i Bergen til å greie ut om nett dette spørsmålet.

Spent debatt

Eitt av dei heitaste spørsmåla i dag er korleis ein skal stille seg til stamcelleforsking og resultata av dette arbeidet.

Stamcellene er dei cellene i kroppen som produserer nye celler etterkvart som andre døyr eller vert skada.

Gjennom forsking på desse stamcellene håper ein å lære meir om cellene i kroppen, og i beste fall bli i stand til å etterlikne prosessen og skape nye menneskeceller, som kan erstatte skadde celler hos pasientar.

Striden står gjerne om bruken av befrukta egg for å få tilgang til dei naudsynte stamcellene. Det vert eit spørsmål om kva tid eit befrukta egg vert eit menneskeliv, og om den potensiale vinsten ved forskinga er verdt prisen.

Dette er ein veldig spent debatt i store deler av verda, og i USA har det også fått valdlege utfall.

Medisinar og teolog

Under vitskapskafeen skal Solbakk forklare og drøfte dei etiske sidene ved denne forskinga.

Han er utdanna både som medisinar og teolog, og har ein doktorgrad på filosofien i antikken. Solbakk vil gje ein grundig gjennomgang av kvifor dette med stamcelleforsking utgjer slikt eit etisk dilemma.

Han vil i løpet av ei kort stund freista å gje ei god oversikt over dei spørsmåla som melder seg i debatten, og korleis ulike partar stiller seg til dette.

Vitskapskafeen er dermed eit godt høve til å bli oppdatert på eitt av dei mest aktuelle forskingspolitiske spørsmåla i vår tid, med langtrekkjande konsekvensar for både våre etterkomarar og for forskinga i Noreg.

Det blir mogeleg å stille Jan Helge Solbakk spørsmål om temaet etter innlegget.

Nettverk

Vitskapskafeane er eit nettverk på over 40 kaféar i heile Europa, og er eit uformelt forum der viktige namn innan vitskapen held eit kort og forståeleg foredrag, og svarer på spørsmål frå publikum.

Vitskapskafeen tek dei vitskaplege diskusjonane ut frå forelesingssalar og seminarrom, og ned i mjuke sofaer eller opp på barkrakken. I godt selskap, og med noko godt å drikke, vil ein få høve til å lære noko nytt i avslappa omgevnadar, heiter det i eit presseskriv frå arrangøren.

Vitskapskafeen samlast denne gongen tysdag 26. september på Klar Bar i andre etasje på Zachariasbryggen, og dørene opnar 19:30.

Dette arrangementet finn stad i samband med Forskingsdagane 22. september til 1. oktober, som i år har etikk som hovudtema. Det er gratis inngang og opent for alle.

Powered by Labrador CMS