Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Forskarar veit enno lite om dei effektane vindkraft kan ha på miljø og økosystem i havet.

Vindmøller skremmer fisk og dyr i havet

Vindkraft til havs er spådd ein rask vekst i 2020-åra. Korleis påverkar det dei som lever i havet der turbinane kjem? Her er seks effektar havforskarar meiner møllene kan ha på havmiljøet – på godt og vondt.

Det første vindkraftanlegget til havs vart etablert utanfor Danmark allereie i 1991. I dag finst dei både i Amerika, Europa og Asia, og stadig fleire er under planlegging – også i norske farvatn.

At havvind kan produsera store mengder ny, fornybar energi, er det ingen tvil om. Men kva veit me om effektane på miljø og økosystem i havet?

– Så langt har det vore forska lite på dette, og det er mykje vi ikkje veit. Det er difor stort behov for langvarige studiar av havmiljøet før, under og etter at det blir etablert havvind, seier Karen de Jong og Henning Steen, forskarar ved Havforskingsinstituttet.

Ut frå kunnskapen som finst i dag, peikar dei på fleire effektar det er grunn til å følgje med på:

1. Utbygging påverkar havbotnen

Vindmøller til havs har så langt mest blitt monterte fast på havbotnen. I framtida blir flytande turbinar vanlegare, men også desse treng forankringar. Utbygginga kan skada flora og fauna på havbotnen, blant anna korallar og fiskeartar som lever og gyter der.

Éin slik art er lodde, som legg egg i sand og grus på botnen. Lodda er viktig i næringskjeda i havet, og er frå før under press. Omsynet til lodda bidrog til at HI i 2019 rådde frå å opna eit område i Barentshavet for havvind.

Også tobis, ein av artane vi fiskar mest av i Nordsjøen, lever og gyter på sandbotn og kan bli påverka av vindparkutbygging.

Storleiken på flytande havvindmølle av typen Hywind samanlikna med kjende bygg.

2. Sprenging skremmer fisk og dyr

Sprengingsarbeidet under utbygging av vindparkar kan også skremma fisk og andre dyr i eit større område rundt sjølve installasjonane. På same måten som seismikkskyting som blir brukt under oljeleiting, bør ein difor unngå sprenging i område og tidsrom når det føregår gyting.

Det er også mogleg å førebyggja miljøforstyrring frå sprenging ved å laga luftbobler i sjøen som dempar støyen. Såkalla boblegardin er eit krav i fleire andre land, og havforskarane rår til at det bør brukast i Noreg òg.

3. Forstyrrande bakgrunnsstøy

Sprenging lagar høg lyd, men berre i korte periodar. Når vindturbinane først er i drift, lagar dei derimot låg, men samanhengande støy så lenge rotorblada går rundt. Denne bakgrunnsstøyen kan forstyrra kommunikasjonen mellom fisk og dyr.

– Men vi treng fleire målingar frå havvindanlegg for å kartlegge støynivå og berekne kor mykje av området kan bli påverka, seier Karen de Jong.

Ho har tidlegare studert i laboratorium korleis låg, jamn støy påverkar paringa til bergkutlingen, ein liten fisk som brukar lyd under paring omtrent som torsken.

Bergkutling-hannane brukar både «song» og «dans» for å tiltrekkja seg hoer – men når songen blir forstyrra av støy, ser hoene mest på danserørslene. Det er også færre par som gyter. Dette kan over tid påverka utviklinga til arten.

Flytande havvindmøller av typen Hywind med botnforankringar.

4. Tiltrekkande kunstige rev

Turbinane, eller forankringane for flytande turbinar, er ikkje berre stengsler i sjøen. Dei fungerer også som kunstige rev der det kan veksa algar og skjel, som igjen tiltrekkjer seg fisk og andre dyr. I opne havområde med blaut botn kan dei bidra til å auka det biologiske mangfaldet.

Dette er grunnen til at kunstige rev er blitt plasserte ut i sjøen mange stader. Ein studie av kunstige rev utanfor kysten av California konkluderte med at dei er blant dei mest produktive habitata i verda.

– Men turbinfundament og forankringar kan også fungere som springbrett for framande artar, slik at dei kan spreie seg til nye område der dei ikkje naturleg høyrer heime, seier Henning Steen.

5. Vern mot fiske

Vindmølleparkar hindrar mange typar fiske. Det er sjølvsagt dumt for fiskarane, men bra for fiskebestandane som får ei «frisone» og kan byggja seg opp. Slike fysisk avgrensa frisoner, kombinert med kunstig rev-effekten, kan difor ha positive ringverknader for økosystema.

Ein fersk gjennomgang av forskinga konkluderte med at mange fiskeartar finst i større mengder innanfor vindmølleparkar enn i havområda utanfor.

– Men det er enno ikkje mogleg å seie om det berre er snakk om lokal tiltrekking, eller om det gir ein positiv verknad for bestanden, seier Karen de Jong.

6. Minska klimaendringar?

Viss fornybar energi frå havvindmøller erstattar fossil energi frå kol, olje og gass, kan det bidra til å redusera utsleppa av klimagassar. Det er i så fall godt nytt, også for havet og dei som lever i det.

Klimaendringane påverkar livet i havet på mange ulike måtar. Varmare hav gjer at mange artar må sjå seg om etter nye beiteområde, slik for eksempel torsk og makrell har flytta seg lenger nord. Høgare CO2-nivå gjer havet surare, og fleire stader lir fisk av oksygenmangel. Havis som smeltar gjer det vanskelegare for artar som lever ved iskanten å finna gytestader og føde.

Desse endringane er allereie i gang. Men reduserte klimagassutslepp, for eksempel ved hjelp av vindkraft, kan avgrensa omfanget og dermed berga liv både til lands og til havs.

Fakta: Havvind

  • Havvind står i dag for 0,3 prosent av den globale straumproduksjonen, men er i rask vekst.
  • Det internasjonale energibyrået (IEA) spår ein årleg vekst for havvind på 13 prosent i åra framover.
  • Med ny politikk og teknologi kan elkapasiteten frå havvind bli femtendobla innan 2040.
  • Equinor etablerte verdas første flytande havvindpark i Storbritannia i 2019, og planlegg Noregs første havvindpark på Tampen i Nordsjøen.
  • Hausten 2019 la regjeringa fram høyringsforslag om opning av tre norske havområde for utbygging av havvind.

Referanser:

Karen de Jong mfl.: Noise can affect acoustic communication and subsequent spawning success in fish. Environmental Pollution, 2018. (Sammendrag) Doi.org/10.1016/j.envpol.2017.11.003

Jeremy T. Claisse mfl.: Oil platforms off California are among the most productive marine fish habitats globally. PNAS, 2014. Doi.org/10.1073/pnas.1411477111

Powered by Labrador CMS