Annonse

Lagar elektrisitet av virus

Forskarar har for første gong brukt virus til å produsere elektrisitet. Kan bli framtidas straumforsyning til mobil og pc.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Lawrence Berkeley National Lab)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Piezoelektrisitet

Piezoelektrisitet ((av gr. piezein; «å presse», «å klemme») er eit naturfenomen der elektriske ladningar blir produsert ved at eit materiale beståande av krystallar blir påført press.

Den såkalla piezoelektriske effekten vart oppdaga i 1880 av Jacques og Pierre Curie i enkelte krystallinske mineraler.

Kjelde: Wikipedia

Forskarar ved Lawrence Berkeley National Laboratory har lukkast med å lage ein generator som omdannar trykk til elektrisitet – ved hjelp av eit virus.

– Det er nødvendig å gjere meir forsking, men vårt arbeid er eit lovande nytt steg mot utviklinga av personlege straumgeneratorar, seier Seung-Wuk Lee i ei pressemelding.

Arbeidet er publisert i Nature Nanotechnology.

Sjå ein video som viser prinsippet i mikrogeneratoren:

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no 

 

Powered by Labrador CMS