No kan du styre droner med hjernen

Eit quadkopter som blir styrt av hjernebølgjene til piloten vart nyleg presentert ved eit kinesisk universitet. I videoen presenterer forskarane «Flying Buddy 2» og kva den kan brukast til.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Ein hårbøyle med elektrodar og eit klart hovud er alt som skal til for å fly nyvinningen «Flying Buddy 2» frå forskarar ved Zhejiang Universitetet i Hangzhou.

I motsetnad til vanleg fjernstyring der ein treng ein fjernkontroll og litt fingerferdigheit, blir denne flygande kompisen styrt ved å lese hjernebølgjene til piloten.

Systemet brukar elektroencefalogram (EEG), ein nevrofysiologisk måling og registrering av den elektriske aktiviteten i hjernen.

Kommandoane blir fyrst sendte til ein datamaskin, som så sender dei vidare til flymaskina.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS