Kronikk: På sviktande grunnlag
La oss tenkja oss eit nytt syn på talt og skrive språk, eit syn som seier at skriftspråk og talespråk er distinkte, skilde. Det kan gi oss ny innsikt i dysleksi, skriver lese- og skriveforskar Per Henning Uppstad i denne kommentaren.
Forskinga på dysleksi og på lesing har lenge vore basert på det som har med lydsystemet i språket å gjera, det me kallar fonologi. Det er ei rådande oppfatning at det er når ein skal overføra lydane - fonema - til bokstavar at det går gale. Ein ser altså problema med lesing i samband med lytting.
Sidan byrjinga av 1900-tallet har språkvitskapen meint at skriftspråket er sekundært i høve til talespråket - altså at skriftspråket ikkje er noko anna enn eit spegelbilete av talespråket.
La oss tenkja oss eit nytt syn på talt og skrive språk, eit syn som seier at desse to språka er distinkte, skilde. Dei er ikkje isolerte frå einannan, men dei skil seg frå kvarandre på vesentlege punkt, noko som gjer at me kan sjå på dei som forskjellige språk.
Her er tidsaspektet kanskje det viktigaste skiljet. Talt kommunikasjon (snakking og lytting) går føre seg synkront, og den som snakkar, må halda på ordet og ikkje ta for lange pausar. Skriven kommunikasjon (lesing og lytting) har ikkje same tidsvilkåret.
Dersom me ser på tale og skrift som to forskjellige språk, er det større grunn til å sjå lesing og skriving i samanheng - fordi det jo handlar om same språket. Me kan såleis tenkja på tilhøvet mellom lesing og skriving som det å sjå ein fjelltopp frå to sider, på same måte som snakking og lytting er to sider av ein nærliggjande fjelltopp i same fjellkjede.
I dag blir forsking på lesing og skriving drive stort sett kvar for seg - og ein har gjort lite for å sjå på samanhengen mellom dei to. Kva har det å seia for skriftspråkopplæringa at ein ser så ulikt på dei to?
Min doktoravhandlings bidrag til det teoretiske grunnlaget for lese- og skriveforskinga kan vera vesentleg for dei som slit med bokstavane (Uppstad, 2005). God teori blir endå viktigare når ein arbeider med dei som har vanskar med skriftspråket. Men god teori er noko som manglar på dette området.
Noko av problemet gjeld kvaliteten på dei grunnleggjande oppfatningane, til dømes definisjonen av kva “språk” er.
La oss ta nokre døme frå andre område: Fram til Einstein trudde ein til dømes at lysstrålene blei borne fram av stoffet eter. Difor snakkar ein jamvel i dag om eteren i samband med radio, tv og Internett.
Denne førestillinga stammar truleg frå den mellomalderske redsla for det tome rom (horror vacui) og så fann ein det passande å definera inn eter
som det stoffet som fylte dette tomromet.
Poenget er at me må vera forsiktige med kva me tar med i dei definisjonane me nyttar i vitskapen. Dette gjeld ikkje minst grunnleggjande oppfatningar om språket. Definisjonar er nemleg reiskapar, og som kjent er det vanleg å nytta forskjellige reiskapar til forskjellige oppgåver.
Ein fiskar har for det første bestemte reiskapar til bestemt bruk, i tillegg endrar han gjerne på reiskapen for å gjera han betre - for at fisket skal bli betre. Å tenkja på definisjonar som reiskapar som kan betrast - eller hypotesar som må testast - er ikkje vanleg i vitskapen.
Men dersom me ikkje gjer dette, blir konsekvensen den same som dersom fiskaren ikkje skulle brydd seg med maskevidde, lengdemål eller kva type fisk han fekk. Når det gjeld dei reiskapane - eller definisjonane - som har blitt brukt i forsking på lese- og skriveferdigheiter, har dei klåre veike punkt og forbetringspotensiale.
Forbetringar av denne typen er noko av det eg prøver å gjera i doktoravhandlinga, mellom anna gjennom å føreslå ein ny definisjon av ‘språk’.
Det som i dag finst av definisjonar, er laga med andre omsyn for auga enn studiet av lese- og skriveferdigheiter. Som reiskapar er dei difor ikkje tenlege for det arbeidet me her skal gjera.
I avhandlinga mi føreslår eg følgjande definisjon: “språk er eit sett av kodar med potensiale for meining” og hevdar at denne på vesentlege punkt er betre enn dei definisjonane lese- og skriveforskinga til nå har basert seg på. Men dette er berre starten, påstanden er at dersom me endrar på ein så grunnleggjande definisjon, får det òg konsekvensar for ei rekkje andre oppfatningar som gjeld språket.
*Uppstad, Per Henning (2005). Language and Literacy. Some fundamental issues in research on reading and writing, Upublisert doktorgradsavhandling, Institutionen för lingvistik och fonetik, Lunds Universitet.*