Annonse

Sel i tareskog vart beste undervassfoto 2013

Hammarhai, anemonereke og porselenskrabbe er nokre av vinnarmotiva i internasjonal fotokonkurranse under vatn.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med:



 

Denne saken er produsert av NRK.

[gallery:1]Ein einsam sel som dukkar fram i ein skog av tare er vinnaren i ein årleg undervassfotokonkurransen heldt av University of Miami. Biletet er tatt ved Cortes bank nær San Diego i California av amatørfotograf Kyle McBurnie.

– Biletet av steinkobba stakk seg ut og tiltrekte seg vår intuitive og kjenslemessige merksemd for dette unike økosystemet under havoverflata, seier juryleiar Jiangang Luo ved University of Miami til NRK.no.

Fotografar frå 23 ulike land melde på over 650 bilete i årets konkurranse som er i regi av Rosenstiel School of Marine & Atmospheric Science ved University of Miami.

Konkurransen har fire ulike kategoriar, makro, fiske- eller dyreportrett, og vidvinkel. I tillegg premierte juryen også det samla beste bilete uavhengig av kategori, og det beste biletet tatt av studentar ved University of Miami.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS