Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

– Einsemd gjer oss sjuke på sikt. Denne kunnskapen må vi integrere i heile helsevesenet, seier forskar Roger Ekeberg Henriksen.

Historia bak eit spektakulært funn:
Einsemd kan vere ei direkte årsak til diabetes type 2

Ti års tankar om einsemd leia til funn med internasjonal slagkraft.

Det begynte med at Roger Ekeberg Henriksen oppdaga ein mystisk samanheng: Er du sjenert, blir du lettare forkjøla. No har eit liknande funn gjort at han blir omtalt i alt frå Newsweek til Hindustan Times.

30. september publiserte Diabetologia, eit tidsskrift om diabetes, det oppsiktsvekkande funnet til Henriksen og hans to medforfattarar, Roy Miodini Nilsen og Ragnhild Strandberg, alle tre frå Høgskulen på Vestlandet.

Forskinga deira viste at einsemd kan være ei direkte årsak til diabetes type 2, ein av verdas ti mest dødelege sjukdommar.

Risikofaktoren er på nivå med andre typiske faremoment, slik som dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet.

Eit solid funn

At mangelen på gode sosiale relasjonar kunne vere så direkte knytt til alvorleg sjukdom, kjentest i utgangspunkt som ein vågal hypotese då Henriksen forma den for ti år sidan. Men funnet er solid og etterlet ikkje tvil på dette punktet, og det er nært i slekt med andre funn han har gjort gjennom dei siste åra som sjukepleieforskar.

– Det som skjer i kroppen vår når dei mjuke verdiane, som sosiale relasjonar, blir oversett, er livsfarleg. Vi kan sjå i forskinga vår kva det fører til av nedkorta liv, gjennom dødelege tilstandar som hjarteinfarkt og diabetes, seier Henriksen.

– Med andre ord: Dei mjuke verdiane er faktisk knallharde. Død og forderving følgjer om vi ikkje tek omsyn til dei. Så det er på høg tid at vi som samfunn tek dei meir på alvor enn det vi gjer i dag, seier han.

Ein einsam forskar på einsemd

Tidsskriftsredaksjonen skjønte i forkant at dette funnet kom til å bli lagt merke til, og dei sende ut pressemelding internasjonalt.

Responsen var enorm: Henriksen har mellom anna blitt omtalt av dei to største avisene i India, Times of India og Hindustan Times. Også amerikanske Newsweek har hatt ein grundig artikkel om funnet, og han har blitt intervjua av Medical News Today – ein av dei største publikasjonane om helse i verda, med 120 millionar lesarar på månadsbasis.

Internasjonale fagfolk med millionar av følgjarar har tvitra nyheita.

– Bodskapen om at einsemd kan gjere deg sjuk, er livsviktig å få ut til folk flest, så det kjennest fantastisk å nå ut til millionar av menneske. At til dømes dei to største avisene i eitt av verdas mest folkerike land, India, har omtalt saka, gjer meg så glad, seier Henriksen.

For å bli forkjøla eller få influensa, må du jo bli eksponert for eit virus. Korleis kan det viruset bry seg om at du er sjenert? Eg stussa veldig!

Roger Ekeberg Henriksen

Han har sett namnet sitt på trykk på uventa plassar som The Spirit of Cape Verde, Nigeria Post og på hotlista til Reddit, dessutan i ei lang rekkje medium i Kina, Japan, Frankrike, Spania, Hellas, Australia og Canada – berre for nemne noko. Forskingsnyheita dukka opp i ei lita lokalavis i Italia, kunne ein kjenning med italiensk slekt fortelje han. I Noreg har NRK hatt saka.

Så kvifor vekkjer dette funnet så mykje merksemd?

Det bryt på mange måtar med korleis vi tenkjer kring helse, meiner Henriksen. Vi har den psykiske helsa på den eine sida og den fysiske helsa på den andre sida, og skotta mellom desse fagfelta er nokså lukka.

Funnet kombinerer kunnskap frå psykologi, medisin og nevrovitskap, noko som er uvanleg å gjere, sjølv om det finst banebrytande fagmiljø i USA, Storbritannia og Nederland som han har fått mykje god støtte frå.

Psykologar er gjerne opptekne av einsemd, men medisinske fagfolk er det sjeldan – i alle fall ikkje i forskingssamanheng.

– Eg har kjent meg veldig einsam i å forske på denne tematikken i Noreg, seier Henriksen.

Bodskapen om at einsemd kan gjere deg sjuk, vart publisert i media verden over.

Å snu opp ned på tankane

Av og til handlar forsking om å snu vanlege idear på hovudet. Så også i dette tilfellet: «Social baseline theory», som Henriksens forsking baserer seg på, representerer eit stort sprang i korleis vi forstår betydninga av sosiale relasjonar for oss menneske.

Han oppdaga teorien ved eit tilfelle.

Alt som sjukepleiarstudent fatta Henriksen interesse for samanhengen mellom psykologiske fenomen og sjukdom. I mastergradsoppgåva si forska han på sjenanse.

Til si eiga overrasking, leia intuisjonen hans til nokre svært konkrete funn: Om du er sjenert, er det mykje større sjanse for at du blir forkjøla, får influensa eller blir plaga av hovudpine. Han fekk funnet sitt publisert i School Psychology International, men syntest sjølv det var mystisk:

– For å bli forkjøla eller få influensa, må du jo bli eksponert for eit virus. Korleis kan det viruset bry seg om at du er sjenert? Eg stussa veldig!

Einsemd fører til endringar i blodsukkernivået

Så korleis kan ei psykologisk kjensle leie til fysisk sjukdom? Dette spørsmålet heldt fram med å svirre rundt i hovudet hans etter at masteroppgåva var fullført.

Sidan fekk han nyss om ein internasjonal helsekonferanse i Nederland der forskaren James A. Coan skulle vere til stades, professor i psykologi ved University of Virginia. Frode Thuen ved Høgskulen på Vestlandet tipsa han om at dette måtte vere noko i hans gate. På den tida jobba Henriksen på eit helsesenter som samtaleterapeut for barn og unge.

Han drog til Nederland for eiga rekning.

Teorien som Coan er berømt for å ha utvikla, «Social baseline theory», skildrar dei spesifikke mekanismane som ligg til grunn for funna Henriksen sidan har gjort. Men sjølv om han høyrde forelesinga til Coan den gongen, tok det ei tid før han skjøna innhaldet. Han måtte sette seg inn i både nevrovitskap og indremedisin for å kunne forstå det.

Først då dei møttest to år seinare, snakka Henriksen og Coan om ein av fleire hypotesar som kunne utleiast av teorien hans: at einsemd fører til endringar i blodsukkernivået.

Dette var førebels ikkje testa skikkeleg, men Henriksen hadde lyst til å gjere det ved hjelp av dei store helseregistera som finst i Noreg. Den amerikanske forskarkollegaen blei entusiastisk over at nokon ønskte å utforske ei grein av teorien hans i djupna.

For Coan sjølv, hadde spranget til å forstå samanhengen mellom helse og sosiale relasjonar vore stort.

Vi treng kvarandre slik fiskar treng vatn

Kva betyr vi for kvarandre? Kor viktig er det eigentleg for eit menneske å ha vener, familie, kjæraste, kollegaer, naboar som helsar i forbifarten?

Innan stressforsking og helseforsking forstod forskarar det lenge slik at sosial støtte var ein type ressurs du fekk utanfrå. Det var med andre ord eit ekstragode, noko som kunne gi deg eit løft i livet.

Men då James A. Coan byrja å sjå nærmare på dette, fann han ut at ideen faktisk ikkje stemte.

I laboratoriet sitt jobba han med 10-30 deltakarar og såg på kva som skjedde i hjernen deira når dei fekk sosial støtte. Forventninga hans var at det ville verke aktiverande, i tråd med synet på sosiale relasjonar som eit gode. Men slik var det ikkje – sosial støtte utløyste ikkje nemneverdig hjerneaktivitet.

Faktisk skjedde det stikk motsette: Dei delane av hjernen som styrer stressresponsen, blei mindre aktive. Først blei Coan forskrekka over at resultatet hans ikkje blei som venta.

– Men då han sidan diskuterte dette med kollegaer som heldt på med dyreforsøk, fall noko på plass for han. Dei påpeikte at slik det er med menneske, er det også med hestar. Tek du ein hest ut av flokken, blir den stressa og uroleg, full av nykkar og styr. Men får den komme inn i flokken igjen, slappar den av og blir som vanleg, seier Henriksen.

Vi menneske, slik som hestar, treng med andre ord flokken vår, og sosiale relasjonar er heilt grunnleggande for at vi skal kunne fungere. Dei er ikkje noko ekstragode, type: kjekt å ha. Dei er noko vi må ha – viss ikkje er det fare på ferde.

– Vi tikkar og går som normalt så lenge vi er i eit gjensidig støttande sosialt miljø. Men viss det manglar, blir stressresponsen i kroppen straks aktivert, seier Henriksen.

Han fortel at i «Social baseline theory» er den grunnleggande ideen at hjernen vår ikkje ser på sosial støtte som ein ressurs, nett som ein fisk i vatnet heller ikkje ser på vatnet som ein ressurs.

– Hjernen vår forventar at den sosiale støtta skal vere på plass, nett som fisken forventar at vatnet skal vere det.

Einsame bruker mykje energi

Å vere einsam, er dermed å vere ute av balanse: Du manglar andre du kan støtte deg på.

Dette skjønar hjernen. Den tenkjer: «No må eg utløyse forsvaret mitt og vere i stand til å ordne opp sjølv, om noko farleg skulle skje.» Den tek til å sette i gang stressresponsen i kroppen: hevar blodsukkernivået, blodtrykket og hjartefrekvensen, mellom anna.

– Tenk deg at du er aleine i ei mørk gate på natta. Då er du ekstra vaktsam og bruker mykje energi på å passe deg for moglege farar. Slik har hjernen det også, når den kjenner seg einsam, seier Henriksen.

For Coan, som dreiv med laboratorieforsøk på få personar, var det mogleg å påvise at det skjedde endringar i hjernen og kroppen som følgje av einsemd, men ikkje at desse endringane førte til sjukdom på lengre sikt.

Fakta frå norsk helseundersøking

Her hadde Henriksen ein fordel – tilgangen på store helseregistre i Noreg, slik som Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, HUNT. Han ville teste ideane om samanhengen mellom einsemd og sjukdom i stor skala.

Coan hadde sett at sosial isolasjon førte til høgare blodsukkerverdiar i kroppen. Men derifrå til å hevde at einsemd kunne føre til ein sjukdom som diabetes, var eit stort sprang. Biologisk sett var det mykje å forklare, og i utgangspunktet blei det rein gjetting.

Dette spranget har Henriksen teke med dei nye funna sine.

Han presenterte modellen sin for første gong då han var stipendiat i 2012. Når det har teke ti år frå hypotese til funn, heng det saman med at han måtte vente på at det nødvendige datamaterialet var innsamla og analysert.

– Eg trong blodprøvesvar frå mange tusen menneske, og det er ikkje slikt du som enkeltforskar kan hoste opp pengar til, fortel han.

Datamaterialet han trong, blei samla inn mellom 2017 og 2019, som ein del av HUNT. Då titusenvis av blodprøvar var ferdig analyserte i 2020, la Henriksen alt anna til side for å sjå om samanhengen han ante mellom einsemd og diabetes type 2, faktisk fanst. Når funnet nyleg blei publisert og kjent over heile verda, blei faren til «Social baseline theory», Coan, svært begeistra.

– Dette viser, slik han også har vore oppteken av i mange år, kor alvorleg det er å vere aleine – anten det handlar om einsemd, sosial isolasjon eller kjensla av å vere utanfor. Dette er ein tilstand vi ikkje er anatomisk tilpassa, som art. Det gjer oss sjuke på sikt. Og denne kunnskapen må vi integrere i heile helsevesenet, seier Henriksen.

Inspirert av «Dei mjuke hendene»

Funnet om diabetes er ikkje det første der Henriksen har vist desse samanhengane.

Tidlegare har han påvist at einsemd kan føre til metabolsk syndrom, tilstanden som ligg til grunn for dødelege sjukdommar som mellom anna hjarteinfarkt.

I ein annan studie har han vist korleis gravide kvinner som manglar sosial støtte frå sine partnarar, føder barn med større fare for å få infeksjonssjukdommar.

Som sjukepleiarstudent fekk han den aller første inspirasjonen til å forske på sosiale relasjonar då han såg «Dei mjuke hendene» - ein film av Margreth Olin som viser einsemda og utanforskapen til eldre menneske på sjukeheim. Den gjorde djupt inntrykk.

– Eg såg så klart då kor viktig sjukepleiarrolla er. Men eg tenkte også: Kven tek dette her på alvor? Kven vil prioritere desse verdiane, når budsjetta skal planleggast og andre prioriteringar skal gjerast?

Henriksen kjente at dokumentasjon og harde fakta var det som måtte til. Dette har vore prosjektet hans heile vegen som sjukepleieforskar. Gjennom åra har han gang på gang vist at dei mjuke verdiane og handlingane har svært mykje å seie for knallharde utfall som liv og død – for dei store folkesjukdommane som vi strevar sånn med å få gjort noko med.

– Som mannleg sjukepleiarstudent merka eg at det låg i lufta: Du driv med nok mjukt, slikt som kvinner driv med. Kanskje trigga det meg. Eg såg kor viktig det var, den omsorga, og heile tankegangen bak sjukepleiaryrket, seier Henriksen.

– Eg håpar og trur at forskinga eg har drive med sidan, har vore med på å gi desse verdiane tyngde. No blir neste store skritt å finne ut korleis redusere einsemda i samfunnet. Det vil eg jobbe med frå no av.

Referanse:

Roger E. Henriksen mfl.: Loneliness increases the risk of type 2 diabetes: a 20 year follow-up – results from the HUNT study. Diabetologia, 2022. Doi.org/10.1007/s00125-022-05791-6

Powered by Labrador CMS