Forfattarene av den nye boka «Det norske demokratiet i det 21. århundre» meiner tapet av sjølvstende er den viktigaste endringa Noreg har vore gjennom. Årsaka er først og fremst dei endringane som har skjedd i resten av verda. Stormaktene har vorte mektigare, internasjonalt samarbeid har vorte viktigare. (Foto: Erik Johansen, NTB Scanpix)

- Noreg meir uavhengig i 1814 enn i dag

EU gjer Noreg til eit lydrike, og vi var meir uavhengige då vi var i union med Sverige enn vi er i dag, konkluderer professorar i ei ny bok om det norske demokratiet.

 

 

Lydrike

Eit land som er tvungen til å adlyde og følgje eit anna lands påbud. Det er ikkje nødvendigvis snakk om ein okkupasjon, og lydriket er offisielt sjølvstendig. Betegnelsene marionettstat, og marionettregjering, er også ein del brukt. 

Sverige prøvde å gjere Noreg til eit lydrike i 1904, da det ble klart at unionen ville gå i oppløysing. I nyare tid fantes det små lydriker i Sør-Afrika som kaltes Bantustaner.

Kor høg er eigentleg kvaliteten på det norske demokratiet? Er eit fullverdig demokrati mogleg for ein småstat i ei verd dominert av stormakter?

Professorane Øyvind Østerud og Harald Baldersheim stiller store spørsmål i innleiinga til boka Det norske demokratiet i det 21. århundre. Og dei to bokredaktørane er ikkje blygare enn at dei lover at boka faktisk svarer på spørsmåla.

– EU gjer oss til eit lydrike

Den 24. september skal boka lanserast på Litteraturhuset i Oslo.

Boka gjev ein statusrapport over det norske demokratiet i dag, og ser på korleis demokratiet har utvikla seg gjennom dei siste 200 åra. Østerud har sjølv skrive eit kapittel om Grunnlovas paragraf 1, den som slår fast at Noreg er ein suveren nasjonalstat.

I kapittelet gjer han greie for kva den mest grunnleggjande paragrafen betydde i 1814, og kva han betyr i dag. Ordlyden er endra noko sidan 1814, slik han er i 80 prosent av Grunnlova.

Men kva med innhaldet i paragrafen – klarer vi å oppfylle kravet om at Noreg skal vere eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhengig monarki?

Østerud konkluderer med at Noreg på mange måtar var meir uavhengig for 200 år sidan.

– Dei fleste lovene vi har i dag, er pålagde utanfrå, gjennom EØS og andre internasjonale avtaler. Vi har vorte eit lydrike, vi lyder andre sine påbod. Vi er i mykje større grad eit lydrike i dag enn då vi gjekk i union med Sverige, seier Østerud.

Skjebnen til små land

Han meiner tapet av sjølvstende er den viktigaste endringa Noreg har vore gjennom. Årsaka er først og fremst dei endringane som har skjedd i resten av verda. Stormaktene har vorte mektigare, internasjonalt samarbeid har vorte viktigare.

– Spelerommet vårt var større i 1814. Dette er skjebnen til dei små landa, hevdar han.

Men samstundes som Noreg som nasjon har vorte mindre uavhengig, er staten meir demokratisk internt.

Mest demokratisk i verda

– Det vi har att av sjølvstyre, er meir demokratisk i dag. I 1814 var stemmeretten avgrensa, og vi hadde eit lite sjikt med politiske embetsmenn. I dag er det ein større del av befolkninga som har kontroll over avgjerslene, seier Østerud.

Og førebels er Noreg mellom dei aller mest demokratiske landa i verda. Det viser Carl Henrik Knutsen, som har gjort ei systematisk samanlikning av Noreg og andre land.

– Knutsen sitt kapittel overraska meg. Eg hadde trudd at det skulle vere enkelte område der Noreg ikkje kom så bra ut, men Noreg var i toppen av alle målingane, seier Baldersheim.

– Sjølv om det er store utfordringar i Noreg, er utfordringane trass alt større i nesten alle andre land, legg Østerud til.

Demokrati under press

Noreg er i topp, men verda er i rask endring og det norske demokratiet er under press. Utfordringane er ikkje berre eksterne.

– Ei viktig endring er at dei politiske partia ikkje lenger er knytte til breie folkerørsler, og dei rekrutterer ikkje i same grad politikarar gjennom kommunestyre og ulike yrkesgrupper i befolkninga. Partiorganisasjonane er i større grad enn på 1960- og 1970-talet prega av heiltidspolitikarar, seier Østerud.

Baldersheim trur kommunereforma kan forsterke denne tendensen.

– Reforma vil føre til ein dramatisk reduksjon i talet på kommunestyrerepresentantar, påpeiker han.

Levering av tenester

Han legg til at folk i mindre grad enn før ser på politisk engasjement som ein viktig del av det å vere ein god samfunnsborgar. I dag er det først og fremst levering av tenester folk ser på som viktig ved demokratiet. Og politikarane si evne til å levere tenester, er grunnleggande for den politiske legitimiteten.

– Dette ser vi tydeleg i framlegget til kommunereforma også. Deltaking tyder lite, nærleik til kommunesenteret tyder lite, og levering av tenester er nesten alt, seier Østerud.

Baldersheim og Østerud er ikkje sikre på at leveringa vert betre i større kommunar.

Svekka mangfald

Reforma kan altså svekke både mangfaldet på Stortinget og politikarane sin legitimitet. Dei to meiner likevel at det norske systemet er solid på kort sikt. På lang sikt kan dei ikkje love noko.

– Vilkåra kan endre seg radikalt, på måtar vi ikkje veit noko om. Vi har hatt mange eksempel på hendingar som ingen kunne føreseie – 1. verdskrig, Berlinmurens fall, slutten på den kalde krigen – viktige hendingar med enorme konsekvensar, påpeiker Østerud.

Ei bok for alle

Boka er eit resultat av det tverrfaglege Demokratiprogrammet ved Universitetet i Oslo. Kapittelforfattarane har til saman ei fagleg breidde som favnar statsvitskap, medievitskap, juss og historie. 

Redaktørane lover at språket ikkje skal vere for spesialisert. Dette handterte dei mellom anna ved å sirkulere kapitla mellom forfattarane, på tvers av fag og spesialitet.

– Boka skal vere fullt leseleg for folk som ikkje er fagfolk. Ho er for studentar, fagmiljø og interessert allmente, seier dei.

 

Referanse: 

Øyvind Østerud og Harald Baldersheim (red.). Det norske demokratiet i det 21. århundre. Fagbokforlaget, 2014

Powered by Labrador CMS