Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Filosofane Arne Johan Vetlesen og Inga Bostad er over snittet opptatt av å dyrke fram ein kritisk offentleg samtale med mange stemmer.

Slik held du deg danna utan piano

PODCAST: Demokratiet er uperfekt og må difor stadig kritiserast og reforhandlast, meiner filosofane Inga Bostad og Arne Johan Vetlesen.

Er du ein av dei som tenkjer at det å vere danna handlar om å vere lydig, veltilpassa og ha fine kunstverk på veggane og klassiske bøker i bokhyllene?

Danningsidealet er meir rebelsk enn som så. Danning, på den akademiske måten, handlar om «å tenke sjæl», å tenke kritisk og å seie frå når det buttar imot – gjerne kraftigare enn du har høyrt det frå Trond-Viggo Torgersen.

Å vere konstant sjølvkorrigerande

Dersom samfunnskritiske, «plagsame» folk blir for lojale mot styresmakter og andre autoritetar, set dei nemleg folkestyret og dei felles borgarrettane våre på spel, ifølgje filosofane Inga Bostad og Arne Johan Vetlesen ved Universitetet i Oslo.

Det betyr ikkje at demokratiet er perfekt. Snarare tvert imot.

– I forståinga mi av danning ligg det ein føresetnad om at demokratiet er uperfekt og at styreforma – på alle nivå og i alle institusjonar – difor stadig må kritiserast og reforhandlast. Ellers er det fare på ferde, seier Vetlesen.

Demokratiet er med andre ord eit styresett som er, og bør vere, konstant sjølvkorrigerande. Og det vi forhandlar om, er verdiane våre. Er vi nøgd med samfunnet vi lever i? Korleis tek vi eigentleg ansvar for oss sjølve og fellesskapet?

– Den offentlege samtalen handlar i stor grad om kva vi ynsker å føre vidare i samfunnet og kva vi ynsker å endre. Vi treng danning for å klare å sjå kunnskapen i ein samanheng, seier Bostad.

Ho likar å få hjelp av Jens Bjørneboe for å skildre dei to hovudtypane danning: Det finst ei med piano og ei utan.

Danning med handlar om sosialisering og samstemming og har ei byrjing og ein slutt. Danning utan piano er meir prosessuell, open og fridomssøkjande, og går føre seg heile livet, frå vogge til grav.

– Samstundes som danningsomgrepet har hatt skiftande innhald gjennom historia, så har det stått i eit kritisk forhold til utdanning, seier Bostad.

Varslaren si utsette rolle

Evna til eit samfunn eller ein institusjon å tolerere systemkritikarar kan altså reknast som ein lakmustest for kor robust demokratiet er. Så korleis er vilkåra for danning i dag?

– Skuffande ofte viser det seg at kritikken som blir framsett, er uønska og at kritikktoleransen vi snakkar så høgt om berre er ein festtale, seier Vetlesen.

Ja, for vi seier gjerne at vi er tilhengarar av kritikk, og vi skriv om det i verdiplattformene våre, at det er nødvendig. Men kva skjer når nokon faktisk kjem med kritikk og openheita vert sett på prøve – kanskje er han retta mot delar av ei profesjonsutøving på skulen der kritikaren arbeider som lærar eller på sjukehuset der ho arbeider som lege?

– Mange varslarar fortel at det ganske fort skjer eit skifte frå saka dei ynska merksemd om, det kritikkverdige, og til personen som kom med kritikken, dei sjølve. Etter ei stund vert dei kanskje omplasserte, kanskje skulda for å ha drite i eige reir, kanskje jamvel sagt opp, seier Vetlesen.

Spørsmålet som ofte melder seg i varslarsaker, er kor lojaliteten ligg. Arbeidstakarar er forventa å skulle vere lojale mot arbeidsgivar, bidra til å verne omdømmet til arbeidsplassen som truleg er konkurranseutsett i ein tøff marknad, slik dei fleste arbeidsplassar er det i dag.

– Men kven skal læraren vere lojal mot, spør Vetlesen retorisk, – skal ho arbeide for rektor, profesjonsstandarden eller elevane?

Medråderett heller enn lydnad

Korleis er dette på universitetet? Bostad leia i 2009 Danningsutvalet for høgare utdanning. Synest ho den akademiske toleevna for kritikk er sterk?

– Eg trur ho er ganske god, og det er vi heilt avhengig av. Men eg kjenner på aukande krav om tilpassing til eit tellekantsystem der deltakinga i ein felles samtale om korleis vi har det og korleis vi ynsker å ha det er meir krevjande enn før og særleg på universiteta, seier ho.

Evne og rom for kritikk og medverknad er viktige stikkord her, og Bostad viser til den tyske filosofen Axel Honneth som ho meiner har tenkt og skrive godt om det gjensidige avhengnadsforholdet mellom ynsket vårt om at skulen og universitetet skal danne og utdanne sjølvstendige, tenkjande menneske og demokratiet sin reproduksjon av seg sjølv.

– Demokratiet vil forvitre om denne vekselverknaden ikkje får halde fram med å eksistere, seier ho.

Ta med heim-beskjeda er altså at vi bør vere varsame med indoktrinering; å gjere barn og unge lydige, og rause med å gje dei fridom til å tenke og forme seg sjølve – helst gje dei praktisk erfaring i medråderett.

Sivil ulydnad si rolle

Men kva skjer når folk blir forbanna saman? Begge danningsfilosofane er opptatt av sivil ulydnad og Vetlesen ser det til og med som ei plikt å stille som ekspertvitne for fortvilte aksjonistar, i alle fall i saker der eksistensgrunnlaget vårt står på spel slik det gjer i natur- og klimakrisa.

I 2019 stod han opp for 17 klima- og naturaktivistar i den kontroversielle aktivistgruppa Exctinction Rebellion som blant anna hadde aksjonert ved å lime seg fast i ulike departement og elles hindre framkomst.

– Exctinction Rebellion er det perfekte dømet på kor vanskeleg det er å gje unge, systemkritiske menneske fritt spelerom. Dei har kanskje prøvd lovlydige middel i lange tider i eit forsøk på å ta ansvar for ei viktig sak, ikkje berre for seg sjølve, men komande generasjonar og så endar dei opp i fengsel eller med skyhøge bøter, seier han.

Og kva sa professoren i Oslo tingrett?

– Det er viktig å sjå historisk på saka, synest eg. Folk har gjort ting som dei veit er ulovleg før av samvitsfulle grunnar. I desember 1955 sette den mørkhuda kvinna Rosa Parks seg på eit «whites only»-sete i ein buss i Alabama i USA. Dette var straffbart, og ho blei også straffa, i første omgang, fortel han.

Men så går det nokre år, og borgarrettsrørsla eksploderer. Snart kjem Martin Luther King Jr. og andre på bana og i løpet av 1960-åra skjer noko Vetlesen er svært opptatt av: bevisbyrden skiftar. Dei som forsvarar ein diskrimerande status quo, må no argumentere for at tingenes tilstand er rett. Det same skjedde under apartheid i Sør-Afrika og slaveriet på midten av 1800-talet.

– Skiljet mellom rett og moral er hårfint, legg Bostad til, – men vi må kunne seie frå når det buttar imot. Når eksistensgrunnlaget vårt er i ferd med å forsvinne, som no, må vi både akseptere og tole sterkare middel enn ein lågmælt samtale, seier ho.

Februar 1956. Rosa Parks må gje frå seg fingeravtrykk etter ein arrestasjon under den 381 lange bussboikotten i Montgomery som gjekk føre seg frå tidleg desember 1955 til desember 1956.

Vil dagens aktivistar bli gitt rett?

Bostad, som også er styreleiar i Det Europeiske Wergelandssenteret, eit ressurssenter for opplæring i demokrati og menneskerettar, meiner vi kan lære noko av historia, ikkje minst av forhandlingane om kva historia eigentleg var, og slik kome eit steg vidare i lindringa av sår i fortida.

– Difor er det viktig å minnast 22. juli og andre store brotsverk. Men vi kan ikkje lære alt av fortida, for vi veit ikkje kva framtida vil bringe, seier ho.

Det vi veit ganske sikkert, er at endring ikkje skjer utan innleiingsvis motstand, og at slike som Black Lives Matter-rørsla, Edward Snowden, dei gule vestane, Greta Thunberg og Exctinction Rebellion kan ha fanga og forsterka ei tidsånd som gjer at dei etter kvart får rett.

– Vendinga i bevisbyrden skjer ikkje før ein minoritetsposisjon tek til orde, kanskje jamvel bryt gjeldande lovverk, og seinare etter kvart får følgjarar, og endå seinare får rett eller blir gitt rett av majoriteten, minner Vetlesen oss om.

Tida vil vise kven av dei nemnde som vil lykkast. I mellomtida gjeld det å «stay danna» eller for filosofane sin del, å vere «kleggar i offentlegheita», slik Sokrates ynska det.

Høyr Inga Bostad og Arne Johan Vetlesen snakke om danning og evna til demokratiet til å tolerere systemkritikarar i podkasten Universitetsplassen. Programleiar er Monica Bjermeland.

Lytt til mer fra Universitetsplassen podkast

Universitetsplassen er en forskerbasert podkast om samfunnet produsert av Universitetet i Oslo. Her møtes både unge og erfarne forskere for å snakke om det de mener er viktig og aktuelt, sammen med gjester fra norsk samfunnsliv.

Du finner Universitetsplassen i alle podkastapper, inkludert iTunes/Apple podcasts og Spotify.

Powered by Labrador CMS