Annonse

- Skjermfolket tek større risiko

– Ny hjerneforsking tyder på at dei som er storforbrukarar av dataspel, Internett, mobiltelefon og Ipod, er meir villige til å ta ein stor risiko enn dei som skaffar seg informasjon gjennom bøker, seier den britiske hjerneforskaren Susan Greenfield.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Dagens unge generasjonar er storforbrukarar av dataspel, Internett, mobiltelefon og Ipod. Dei har knapt tid til å setja seg ned for å tenkja seg om.

– Heile tida er dei på jakt etter nye opplevingar. Konsekvensen av dette er at me i framtida vil få ein generasjon som er meir villig til å ta store sjansar enn dagens eldre generasjonar, seier Susan Greenfeld frå Oxford University.

– Meir omsynslause

Greenfield fortel at dei har oppdaga at den delen av hjernen som handlar om kjensler og om å ta omsyn til andre, blir svekt hos dei som kanskje brukar sju av døgnet sine 24 timar til å vera på nett for å spela dataspel, ha kontakt med venner via Facebook eller Twitter.

Som døme viser ho til ein anleggsarbeidar i Storbritannia som fekk ei jernstang gjennom denne delen av hjernen og ein amerikansk Vietnam-veteran som fekk ei kule i den same delen av hjernen.

Desse hendingane lamma den delen av hjernen som seier stopp før ein tar ein for stor risiko. Greenfield viser til at Vietnam-veteranen tok store sjansar i kortspel, sjølv om han burde vita at han ville tapa alle dei pengane han hadde satsa.

– Evna til å vurdera det til å vera ein for stor risiko var blitt borte. Difor spår eg at framtidas generasjonar vil bli meir omsynslause enn dagens.

– Dessutan vil dei visa mindre empati. Dei vil nemleg ikkje ha nokon identitet knytt til fortida, notida eller framtida. Alt vil vera knytt til opplevingar. Vitskapen veit i dag at hjernen lett let seg påverka av miljøet, konstaterer ho.

Skjermfolket vs. bokfolket

– Det har verken blitt skrive betre romanar eller betre symfoniar etter at Internett og dei sosiale media blei innførte, sa hjerneprofessor Susan Greenfield i eit foredrag på UiO. (Foto: Martin Toft)

Greenfeld samanliknar skjermfolket med bokfolket.

– Dei som brukar bøker for å skaffa seg informasjon, brukar hjernen på ein heilt annan måte. Ut ifrå det dei les klarar dei å laga seg ei forteljing, medan skjermfolket heile tida ser informasjonen på skjermen.

– Dei klarer difor ikkje i same grad som bokfolket å laga seg ei forteljing ut ifrå det dei les. Skjermfolket vil også lytta langt mindre til andre enn det bokfolket gjer, meiner Greenfeld.

– Det har verken blitt skrive betre romanar eller betre symfoniar etter at Internett og dei sosiale media blei innførte, legg ho til.

Fleire brukar ADHD-medisinar

Til slutt kastar ho ut denne brannfakkelen.

– Forbruket av medisinar til ungdomar som har ADHD, har gått rett i vêret i Storbritannia dei siste åra.

– Er det tilfeldig eller kan det vera ein samanheng mellom det og ungdommen sitt overforbruk av Internett, mobiltelefon, Facebook, Twitter og andre elektroniske dippeduttar? spør ho og let spørsmålet hengja i lufta.

Bakgrunn:

Susan Greenfield vitja nyleg Universitetet I Oslo med foredraget ”The Future of the Brain, the Brain of the Future”. Det blei skipa til av Oxfords norske alumniforeining i samarbeid med Centre for Molecular Biology and Neuroscience ved UiO.

Powered by Labrador CMS