Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Alt dyreliv i havet er ein del av ein naturleg prosess som absorberer klimagassutslepp.

Fisk og kval bind klimagassar i havet

No veit forskarane meir om korleis desse dyra kan påverke utslepp av klimagassar.

– Det er bra at karbon vert fanga i havet, men mindre klimagassutslepp frå menneske er det som generelt sett er best for klimaet, seier Angela Helen Martin.

Ho er stipendiat ved Institutt for naturvitskap på Universitetet i Agder (UiA).

Martin publiserte nyleg ein oversiktsartikkel om korleis fisk og andre dyr påverkar klimagassar i havet. Det vil seie at ho har gått gjennom tidlegare studiar og forskingslitteratur på feltet. Denne forskinga handlar mellom anna om korleis dyrene inngår i den naturlege karbonkretsløpet.

Grunnstoffet karbon er grunnlag for alt liv på jorda. Syklusen, eller karbonkretsløpet, går gjennom luft, vatn, jord, fjell, planter, dyr og menneske i ein evig runddans. Som del av gassen CO2 er karbon også med på å regulere klimaet på jorda.

Fordelar ved karbonlagring i havet

Ein av konklusjonane hennar er at det er behov for å undersøke korleis dyr påverkar karbonsyklusen, slik at ein kan utvikle ei effektiv handsaming av karbon i havet og blant marine virveldyr.

– Dersom vi til dømes berre vernar om plantematerialet som gjer klimagassar om til organisk karbon, kan vi gå glipp av all karbonlagringa som dyra står for. Og dersom vi går glipp av den, drar vi kanskje ikkje nytte av alle fordelane ved karbonlagringa i havet, seier Martin.

Oversiktsartikkelen vart publisert i det vitskapelege tidsskriftet One Earth. Medforfattarane hennar var Heidi C. Pearson ved University of Alaska Southeast, Grace K. Saba ved Rutgers University og Esben M. Olsen ved Havforskingsinstituttet og UiA.

Forskar Angela Martin på feltarbeid i Austevoll.

Dyr lagrar karbon

Martin og kollegaene hennar har studert korleis fisk, kvalar, skilpadder, fuglar og andre havdyr har ein effekt på korleis karbon bevegar seg og vert lagra i havet.

– Dyr får i seg karbon i maten. Deretter vert maten lagra i kroppen. Som igjen vert skilt ut med avføring eller pusta ut. Avføringa frå nokre fisk og kvalar er næringsstoff som planter bruker til fotosyntesen. Plantene tek opp karbondioksid og produserer organisk karbon. Og når dyr bevegar seg, kan karbon og næringsstoff bevege seg med dei, seier Martin.

Forskinga veit så langt ikkje om den samla effekten av dyr på karbon i ulike leveområde er god, dårleg eller likegyldig for klimaet. Martin seier det kjem an på mengda av gass som vert slept ut i atmosfæren, balansert mot karbonlagringa.

– Det vi veit, er at det er bra for klimaet dersom karbonet blir bunde i havet, veldig bra dersom karbonet går ned i havsedimenta og dårleg dersom karbonet blir slept ut i atmosfæren, seier ho.

Karbonsyklusen absorberer klimagassar

Ifølgje Martin har havet det siste tiåret absorbert ein fjerdedel av jordas klimagassutslepp gjennom karbonsyklusen.

– Dei fleste utsleppa havet absorberer blir ikkje tatt opp av levande organismar slik som planter, dyr, bakteriar og så vidare. I staden løyser dei seg opp i vatnet og bidrar til oppvarming og forsuring av havet, seier Martin.

Ho understrekar at vi må redusere klimagassutsleppa for å stoppe klimaendringane.

Plantar og område med brakkvatn, våtmarker, mangrovar, sjøgras og dyr utgjer ei biologisk pumpe.

– Sjølv om den representerer ein veldig liten prosentdel av karbonet i havet, kan vi påverke den biologiske pumpa gjennom forvalting av havressursane. Naturbaserte løysingar er eit verktøy for utsleppsreduksjon som kan bidra til å minske alvorsgraden av klimaendringane, seier Martin.

Tilrår nye studiar

Ho rår framtidige forskarar til å samle eksisterande data for å komme fram til ny kunnskap. Martin og kollegaene tilrår også at ein tilpassar forskinga slik at ho vert teken i bruk i politiske vedtak og retningslinjer.

– Dette kan bidra til at vi finn dei beste tilnærmingane til forvalting, seier ho.

Angela Helen Martin listar opp fire døme der vitskapeleg ekspertise er nødvendig:

  1. Bør karbonfangsten fisken står for vere ein del av vurderinga omkring fiskeriforvaltinga?
  2. Vil verneområde vere ein god måte å ta vare på karbon som er fanga opp av fisk?
  3. Bør vi bruke vern på ein bestemt stad eller på ei rekkje stader?
  4. Bør nokre vern gjelde heile året, eller er spesifikke årstider viktigare?

Utslepp til atmosfæren

Oversiktsartikkelen har over 160 kjelder. Inkludert er meir enn 150 vitskapelege artiklar, to rapportar, éi bok og fiskeridata publisert av FNs ernærings- og landbruksorganisasjon ( FAO) og Det internasjonale havforskingsråd ( ICES).

– Vi fann ut at karbon pusta ut av marine pattedyr går tilbake til atmosfæren, mens karbon pusta ut av fisk i havdjupet kan bli i havet og halde seg ute av atmosfæren i meir enn hundre år, seier Martin.

Det finst mange skildringar av dyr som påverkar mengda karbon eller tilfører næringsstoff, både på positive og negative måtar for klima.

– Dei vi særleg saknar kunnskap om, er spørsmålet kor mykje karbon som blir påverka av marine virveldyr, og kva som sidan skjer med karbonet, seier Martin.

Ho ser denne forskinga som svært relevant for samfunnet, særleg fordi det no vert innført nye politiske retningslinjer om emnet.

– Nokre karbonrike habitat, slik som brakkvatn og sjøgras, vert no teke inn i dei politiske retningslinjene for å redusere verknaden av klimaendringane. Det vil påverka oss alle, seier Martin.

Referanse:

Angela Helen Martin mfl.: Integral functions of marine vertebrates in the ocean carbon cycle and climate change mitigation. One Earth, 2021. Doi.org/10.1016/j.oneear.2021.04.019

Powered by Labrador CMS