Bit for bit med kreft

Noen samlar på frimerke eller antikvitetar. Andre samlar på tusenvis av bitar med brystkreft.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire gonger i veka har Beathe Sitter «bøtteteneste»: Ho hentar bitar med brystkreft frå kvinner som nettopp har fått operert ut ein svulst. (Foto: Geir Mogen)

Det er så mykje ein ikkje veit. Som at den dama som spaserer over gata tidleg ein onsdagsmorgon, ikkje held i ein vanleg blå termos. Som at det slett ikkje er kaffi ho har i han. Eller suppe, for den saks skyld.

Men at det er ein forskartermos hun ber i handa. Fylt med flytande nitrogen. Og når ettermiddagen nærmar seg, så kjem den same dama til å spasere over gata igjen. Med den same blå termosen i handa. Nå med tre bitar med brystkreft i.

Frå tre kvinner som akkurat denne dagen fekk operert ut den ekle kreftklumpen i brystet.

Det er så mykje ein ikkje veit der ein tuslar til jobben ein onsdagsmorgon. Som at nede i ein kjellar midt i Trondheim finst det noe som liknar på forvaksne mjølkespann.

Og at inne i desse spanna finst det over 2000 bitar med brystkreft frå over 1000 norske kvinner. Som er samla inn dei siste elleve åra. Som ligg der nedfryst i heile 196 minusgrader.

Og at i desse spanna ligg ein del av fasiten på behandling av brystkreft. Kven overlevde? Kven fekk kreften i retur? Kven vart heilt frisk? Kven døydde? Og kvifor døydde akkurat ho?

Kvifor? Kvifor?

Svulsten må vere stor nok

Beathe Sitter. (Foto: Geir Mogen)

– Alt som kan opererast ut av svulstar på eit bryst, tek vi imot med opne armer, seier forskar Beathe Sitter ved NTNU.

Det er ho som er dama med den blå termosen. Fleire gonger i veka dei siste elleve åra har ho gått turen frå MR Metabolomics lab ved NTNU og bort til kirurgen på sjukehuset som opererer kvinner med brystkreft.

– Vi kallar denne turen for bøtteteneste fordi dei fleste synast termosen liknar på ei bøtte, seier Sitter.

Medan dei aller fleste starta arbeidsdagen med å skjenke seg ein kopp kaffi, starta Sitter med å skjenke litt flytande nitrogen.

– Å samle inne svulstbitar er den enkle delen av jobben. Den vanskelege delen er å analysere bitane, og forstå dei data vi får ut, seier Sitter.

Ho veit mykje om kreft, men lite om kvinnene som i dag skal donere bort ein bit av svulsten sin. Det einaste kriteriet for å bli med i samlinga er at svulsten er stor nok. Den må være større enn éin centimeter. Det er det heile.

Elles veit Sitter ingenting om dagens pasientar. Om sjokket dei fekk over å få diagnosen. Om frykta for å dø. Om håpet om å overleve.

Kreftens fingeravtrykk

I løpet av dei siste elleve åra har over 1000 norske kvinner gitt bidrag til kreftforskinga. Prøvene av svulstane deira ligg i flytande nitrogen før dei vert fryst ned til 196 minusgrader. (Foto: Geir Mogen)

– Det er eigentleg dei gamle kreftprøvene som er dei mest verdifulle. Viss vi koplar våre analysar av svulstane saman med pasientens historie, finn vi ut korleis det har gått med akkurat den kvinna som hadde akkurat den kreftsvulsten, seier Sitter.

For det finst ikkje berre éin type brystkreft. Det er nettopp det den blå termosen, bøttetenesten og mjølkespanna med svulstar handlar om.

– Vi trur at det finst nesten like mange typar brystkreft som det finst kvinner med brystkreft, seier Ingrid Gribbestad.

Ho er professor ved MR Metabolomics lab ved NTNU, medlem av prestisjetunge K.G. Jebsen senter for brystkreft, og sjefen over alle sjefar når det gjeld det som kallast metabolisme.

Metabolisme er ordet for alle kjemiske prosessar i ein levande organisme der tilførte eller sjølvproduserte stoffer brytast ned til enklare forbindelsar, og nye komplekse molekyl byggast opp.

– I ei celle finnes det genar, protein og metabolittar. Det er metabolittane – som er små molekyl – vi ser på. Viss du har ein kreftsvulst, så vil den ha eit «fingeravtrykk». Med vår MR-maskin er det muleg å sjå på dette fingeravtrykket på et molekylært nivå.

– Vi har nå kopla informasjon om kreftcellenes metabolittar med genuttrykket. Det er vi de første i verda til å gjere, seier Gribbestad.

Skreddarsydd behandling

– All forsking om kreft gjer sitt til at vi ein dag kanskje løyser gåta. Å oppdage tre nye typar brystkreft er vårt siste bidrag i dette puslespelet, seier Ingrid Gribbestad. (Foto: Geir Mogen)

Alle som samlar på noe, veit at ein dag kan samlinga vere mykje meir verd enn dei først trudde. Gjennom å analysere, analysere, analysere og analysere igjen fann Gribbestad nyleg tre nye typar brystkreft.

Dette gjorde ho i samarbeid med professor Anne-Lise Børresen-Dale som leier det nyoppretta K.G. Jebsen sentret for brystkreftforsking. I dag betyr denne oppdaginga ingenting for kvinnene som ligg inne på operasjonsbordet til kirurgen.

Og kor mange fleire som i framtida kan overleve brystkreft takka vere denne oppdaginga, tør ikkje Gribbestad setje eit tal på. Men det ho er viss på, er at om noen år, kanskje fem, så kjem blant anna hennar forsking til å bidra til at fleire kvinner kan få en skreddarsydd behandling.

Kanskje få mindre cellegift. Og dermed sleppe å miste håret. Sleppe smerta med å få store dosar cellegift sprøyta inn i kroppen. Sleppe den ekstreme utmattinga som ofte følgjer med.

– Vi vil gjerne bidra til at pasientane får akkurat den behandlinga den enkelte treng, seier Gribbestad.

Aggressiv svulst?

Fleire stipendiatar arbeider ved MR Metabolomics Lab. Riyas Vettukattil forskar i hovudsak på kroppsvæsker. (Foto: Geir Mogen)

Brystkreft startar medat ei celle deler seg i to. Så deler ho seg vidare. Frå den første cella deler seg, og til dette ender opp som ein kreftklump i brystet, kan det gå mange år.

– Det er millionar av celler i ein sånn klump, seier Sitter.

Mange kvinner kan gå med små svulstar i årevis før dei veks og så blir oppdaga gjennom at kulen blir stor nok. På sjukehuset vert det da undersøkt om svulsten er aggressiv eller ikkje.

Dette vert gjort med mammografi, legeundersøking og ved å stikke ei nål inn i brystet for å hente ut ei prøve av svulsten.

– Denne analysen er viktig for å bestemme kva for behandling pasienten skal ha, seier Gribbestad.

– Men vi klarer ikkje å behandle alle godt nok. Framleis døyr mange pasientar av brystkreft. Vi jaktar på å kunne kartleggje den enkelte svulsten så nøyaktig som mulig, slik at vi veit mykje om korleis vi best skal sette inn støyten mot kvar enkelt svulst.

– I denne jakta kan genar, protein og metabolske uttrykk hjelpe oss med å plukke ut dei aggressive frå dei som ikkje er så aggressive. Målet er at vi skal ha utvikla eit så godt diagnoseverktøy at vi kan analysere kreften i svulsten inne i pasienten.

– Målet er at fleire skal overleve, og at fleire skal sleppe å få for sterk behandling. Vi veit at våre teknikkar kan bli eit verktøy som kan brukast i møtet med pasientane, seier Gribbestad.

Ingen bitar går i søpla

MR Metabolomics Lab ved NTNU er internasjonalt eineståande, og det er berre prestisjetunge Imperial College som har ein liknande MR-lab. (Foto: Geir Mogen)

Ifølgje Kreftforeninga får ei av elleve kvinner i Norge diagnosen brystkreft. Sjukdommen tek årleg livet av fleire hundre kvinner i Noreg, medan ein halv million døyr på verdensbasis.

– Men det er òg viktig å huske på at nesten 90 prosent av kvinner med brystkreft overlever, og er utan kreft fem år etter ein operasjon, seier Sitter. Dagens bøtteteneste er nå over, termosen er tømt, og samlinga i kjellaren har fått tre nye medlem.

– Kastar de noen av svulstbitane?

– Nei, nei, nei, seier Sitter og ristar bestemt på hovudet.

– Ein veit aldri når ein får bruk for noen av dei att. Det er i desse bitane at fasiten ligg. Vi kastar ikkje ein einaste ein av dei.

Powered by Labrador CMS