Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Korleis kan det oppstå slitasjegikt i hender som ikkje er utsett for særleg slitasje?

Kva skuldast slitasjegikt når det ikkje er slitasje?

Cellene sine kraftverk mitokondriane spelar ei viktig rolle ved slitasjegikt. Enno er det uklart om dei er skuld i sjukdommen eller offer sjølve.

Slitasjegikt rammar rundt halvparten av befolkninga i løpet av livet. Sjukdommen gjev smerter i ledda og kan gjera det vanskeleg å utføra daglegdagse oppgåver for dei som er hardt ramma.

Det har lenge vore klart at risikoen aukar med alderen. Sidan det er vanleg å bli ramma i hofte- og kneledda, har ein trudd at slitasje etter langvarig bruk har vore ei viktig årsak. Desse ledda ber jo kroppsvekta vår når vi står og går. Men ein kroppsdel passa ikkje inn i biletet.

– Desse, seier Andrea Dalmao-Fernández, medan ho held opp hendene og viftar med fingrane.

– Hendene er ikkje på langt nær utsett for den same belastninga som hofter og kne, men er likevel ein av dei vanlegaste stadene å få slitasjegikt eller artrose som det òg – mindre misvisande – vert kalla på norsk.

Andrea Dalmao-Fernández er forskar ved Farmasøytisk institutt på UiO.

Kraftverket til cella

Dei seinare åra har forskarane innsett at artrose ikkje er ein reint mekanisk tilstand som skuldast slitasje i utsette ledd.

No ser dei på sjukdommen som systemisk, som betyr at han rammar heile kroppen. Det oppstår ein kronisk betennelse i brusken i ledda som er råka.

Dalmao-Fernández er no postdoktor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Doktorgraden sin tok ho ved universitetet i Coruña i heimlandet Spania, der ho var del av ei forskargruppa som jakta på meir kunnskap om artrose-gåta frå fleire ulike innfallsvinklar.

Utgangspunktet til Dalmao-Fernández var mitokondriar. Mitokondriar finst inne i alle celler, og vert ofte omtala som kraftverket til cella. Dei har sitt eige DNA, som vert forkorta mtDNA for å skilja det frå «vanleg» DNA.

Dyrka celler i laboratorium

– Frå før er det kjent at mitokondriane i bruskceller hjå pasientar med artrose ikkje fungerer som dei skal. Dermed er det interessant å studera mtDNA i desse cellene, for å sjå om vi kjem nærmare eit svar, fortel Dalmao-Fernández.

– Problemet er at vi kan berre få tak i bruskceller når sjukehus erstattar kne eller hofte på pasienten. Det skjer ikkje så ofte, enten pasienten har artrose eller ikkje. Så vi trong ein alternativ framgangsmåte for å få dei mengdene celler som vi treng til eksperimenta våre.

Måten Dalmao-Fernández valde å undersøkja, var å bruka såkalla cybridar som er er ein type hybride celler.

– I laboratoriet har vi cellekulturar med framdyrka celler som ikkje kan døy, der mtDNA er fjerna. Vi kombinerer dei med blodplater frå høvesvis friske og pasientar med artrose. Det er desse kombinerte cellene som er cybridane, forklarar Dalmao-Fernández.

Sjuk bruskcelle

– Blodplater er dei einaste cellene i kroppen som berre har mtDNA, ikkje vanleg DNA. Denne siste cella, altså cybriden, er av ein type som vi kan halda liv i og forska på i laboratoriet, forklarar Dalmao-Fernández.

Men ein ting er å ha noko som kan forskast på, men vil observasjonane gje svar som kan brukast i vidare forsking? Eller ville forsøka berre gje svar på kva som skjedde med cybriden, utan at det hadde relevans for kva som skjer i ei sjuk bruskcelle? Det var det Dalmao-Fernández hadde sett seg føre å finna ut av.

– Vi dyrka fram åtte ulike cellekulturar, fire med mtDNA frå to friske donorar, fire med mtDNA frå to artrose-pasientar. MtDNAet vart plassert inn i celler der alt i cellekjernen som kunne laga bakgrunnstøy, var fjerna, fortel Dalmao-Fernández.

Jakta går vidare

– Den einaste forskjellen var dermed i mtDNA. Vi observerte korleis cellekulturane oppførte seg på ulike parameter og fann at artrose-cybridane skilde seg frå cybridane med mtDNA frå friske celler, slik vi hadde håpa.

Samstundes oppførte artrose-cybridane seg liknande som vanlege bruskceller frå pasientar med artrose.

– Konklusjonen vår er dermed at vi kan bruka cybridar som modellar for artrosesjuke bruskceller. Vi har ikkje funne svaret, men vi håpar metoden kan vera til hjelp i den vidare jakta, seier Dalmao-Fernández.

– Vi veit til dømes ikkje kva rollen til mitokondriane er. Vi veit at det er ein samanheng mellom dysfunksjonelle mitokondriar og artrose, men er det mitokondriane som er årsaka til sjukdommen? Eller er dei sjølve berre eit symptom?

Referanse:

AndreaDalmao-Fernández mfl.: Mitochondrial DNA from osteoarthritic patients drives functional impairment of mitochondrial activity: a study on transmitochondrial cybrids. Cytotherapy, 2021. (Sammendrag) Doi.org/10.1016/j.jcyt.2020.08.010

Powered by Labrador CMS