Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Kunstnar Hege Sviggum er ein av få i Noreg med utdanning i botanisk illustrasjon. (Foto: May Grethe Lerum)
Kunstnar Hege Sviggum er ein av få i Noreg med utdanning i botanisk illustrasjon. (Foto: May Grethe Lerum)

Botanisk illustrasjon trumfar digitalfoto

Det er ein god grunn til at du ikkje finn foto, men akvarellar eller teikningar i dei gode floraene.

Publisert

Botanikar Inger Auestad og førstelektor Hege Sviggum ved Høgskulen på Vestlandet vil løfte fram denne kunsten som eit stadig like viktig hjelpemiddel i vitskapen.

Under Forskingsdagane inviterte dei derfor til workshop i botanisk illustrasjon. Pågangen vart stor, særleg frå unge studentar.

Sjølv om vi har allverdens digital teknikk og kan bestemme og dokumentere artar og mangfald med genetiske analysar og digitale hjelpemiddel, er forskarverda avhengig av illustratørar som kan framstille både nye og velkjente artar for vitskapen.

– «Analoge» illustrasjonar er utan sidestykke fordi kunstnaren kan framheve viktige eigenskapar ved artane, slik at dei blir lettare å skilje frå andre. Det er derfor du ikkje finn foto, men akvarellar eller teikningar i dei gode floraene. Så botanisk illustrasjon er eit viktig element i arbeidet med å komme oss ut av miljøklemma, fortel botanikar Inger Auestad, som er førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap.

Ho er begeistra for arbeida til kollega og kunstnar Hege Sviggum.

Interessa var stor då Høgskulen på Vestlandet inviterte til workshop i botanisk illustrasjon.

Deltakarane var både studentar frå fleire fagkrinsar og amatørkunstnarar med interesse for botanikk. (Foto: May Grethe Lerum)
Interessa var stor då Høgskulen på Vestlandet inviterte til workshop i botanisk illustrasjon. Deltakarane var både studentar frå fleire fagkrinsar og amatørkunstnarar med interesse for botanikk. (Foto: May Grethe Lerum)

Viktig også for framtida

Sviggum er førstelektor i kunst og handverk ved høgskulen, men har også vidareutdanna seg innan botanisk illustrasjon, mellom anna hjå Royal Botanical Gardens i London.

Ho er no i avslutningsfasen av ei diploma-utdanning i botanisk kunst hjå britiske Society of Botanical Artists.

– Berre ved den botaniske hagen i London arbeider eit dusin illustratørar. Framleis ligg det store lager av artar som ikkje er identifisert og katalogisert, og utgangspunktet er ofte pressa og turka planter. Foto kan då ikkje vise planta i tre dimensjonar, slik ein god illustratør kan, fortel Sviggum.

Botanisk illustrasjon har tradisjonelt vore eit særs viktig hjelpemiddel innan fleire forskingsgreiner. Bildet viser ein av Korsmos ugrasplansjar, illustrert av teiknaren Sara Mørk. Den klassiske floraen kan ikkje erstattast av digitale databankar. (Foto: May Grethe Lerum)
Botanisk illustrasjon har tradisjonelt vore eit særs viktig hjelpemiddel innan fleire forskingsgreiner. Bildet viser ein av Korsmos ugrasplansjar, illustrert av teiknaren Sara Mørk. Den klassiske floraen kan ikkje erstattast av digitale databankar. (Foto: May Grethe Lerum)

Botanisk illustrasjon har eit vitskapleg formål der ein skal illustrere ein art og ikkje gje eit portrett av ei individuell plante.

– Ein må derfor som illustratør studere nært, ofte er det små, løynde detaljar som hår på begertenner eller årer i kronblad som skil ulike artar frå kvarandre. Dette vert derfor ofte framheva, seier ho.

Inger Auestad (t.v) og deltakarane på workshop i botanisk illustrasjon ser detaljar i plantedelane, detaljar sjølv det beste foto ikkje kan framheve på ein god måte. (Foto: May Grethe Lerum)
Inger Auestad (t.v) og deltakarane på workshop i botanisk illustrasjon ser detaljar i plantedelane, detaljar sjølv det beste foto ikkje kan framheve på ein god måte. (Foto: May Grethe Lerum)

Ser ikkje etter det vakre

Klassiske, teikna illustrasjonar viser at det gjennom tidene utvikla seg eit visuelt språk mellom illustratør og fagbotanikar.

For Hege Sviggum var kunst utgangspunktet. Ho skaper også andre typar biletkunst. Men likevel er det gleda og undringa over botanikken som er drivkrafta.

– Det er fasinasjonen for botanikken som alltid har drive meg til å plukke planter i smådelar, utforske og leite fram spanande former. Eg er faktisk ikkje så glad i å teikne det vi kallar vakre blomar, den typen venleik vi ser i til dømes ei rose, seier ho.