Forskingspolitikk som science fiction

Aktuell forskingspolitikk, klimaendringar og nyare bioteknologi vert gjort til drama i Kim Stanley Robinson sin nyaste bokserie. Den verkelege forskinga tar att science fiction-forfattaren sine fantasiar.

Publisert

Vi lever i tider der det å snakke om vêret ikkje lenger er høfleg tomprat, men dødsens alvor. Science fiction-forfattarar ikkje treng å fantasere for å forbløffe med soger om bioteknologisk utvikling. Vi lever i ei brytingstid der klimaendringar og nye epidemiar gjer teknologiske nyvinningar nødvendige for menneskeartens overleving. Våre tradisjonelle økonomiske rammer held vitskapen attende og fremjar ein stødig kurs mot den uomgjengelege katastrofen - “det å øydeleggje verda er langt enklare enn å endre litt på kapitalismen.”

Fra Mars til Washington D.C.

Dette er premisset for Kim Stanley Robinsons Forty Signs of Rain, og dei to påfølgjande bøkene i hans siste trilogi.

Kim Stanley Robinson gjorde seg kjendt som ein seriøs og visjonær science fiction-forfattar med ein trilogi om Mars. Her freista han ikke berre å skildre korleis menneska kunne kolonisere vår raude naboplanet og dei kulturelle, sosiale og økonomiske konsekvensane av dette.

"Kim Stanley Robinson."
"Kim Stanley Robinson."

Relasjonar mellom framståande vitskap, miljø og økonomi er sentrale i dei fleste av bøkene hans, både før og etter Mars-trilogien. Det vert hovudfokuset óg i dei tre nyaste bøkene hans der problemstillinga vert flytta til vår tid - der dette er meir aktuelt enn nokonsinne. Dei tre bøkene fokuserar på tre karakterar sentralt plassert i Washington, som alle har ein finger med i spelet i menneskets møte med dei pågåande klimaendringane.

Forsking som hovudperson

I sine posisjonar i det politiske og vitskaplege byråkratiet fungerar hovudkarakterane som effektive plattformer for Robinson når han går fram for å skildre dei ulike prosessane som moderne forsking går igjennom, og dei hindringane som må overvinnast. Dette kjem særs godt fram i den første boka i trilogien, Forty Signs of Rain. Dei menneskelege hovudpersonane er berre berarar av dei verkelege hovudaktørane - forskinga, forskingsprosessane, ideane og filosofien.

Det er ikkje mykje til handling i denne boka i tradisjonell forstand, for spaninga ligg i interaksjonen mellom ulike prosjekt, i framstillinga av problema som effektiv bioteknologi står overfor, såvel som dei konkrete årsakane til klimaendringar, deira konsekvensar og alternativ til løysingar.

Eit av dei mest spanande momenta i Forty Signs of Rain er prosessen forskingsprosjekt må gå igjennom for å vinne økonomiske midlar. Robinson skildrar utvelgingsarbeidet, dei indre politiske vurderingane i dei akademiske miljøa, og personlege konfliktar - og ikkje minst hovudpersonens manipulasjonar av prosessen for å fremje sin eigen agenda. Dette får konkrete konsekvensar for han i dei neste bøkene, der han kastas inn i ei konspiratorisk verd som gjev serien eimen av å vere ein teknothriller.

Spekulativ science fiction

Klima-trilogien er djupt forankra i science fiction-sjangerens røtter. Science fiction er meir enn både høgtsvevande romeventyr og tungsindige filosofiske metaforar, klassisk science fiction er spekulative forteljingar om vitskap og teknologi av meir eller mindre truverdig art. Det klassiske dømet på dette er forteljingane til Jules Verne, som populariserte potensialet som låg i dåtidas teknologiske nyvinningar.

Å gå frå ei fjern framtid på Mars i boka Icehenge og Mars-trilogien til vår eiga samtid i Antarctica og klima-trilogien er ikkje eit stort hopp anna enn i miljø, for alle desse bøkene har sine fotfeste like mykje i reell vitskap som i drama. Dei spekulerer i vitskapens potensial til å endre mennesket, til å redde mennesket. Robinsons bøker er basert på grundige studiar av både filosofi, økonomi og av den tekniske vitskapen som vert skildra. Det er hans innsikt i teoriar og forskingsarbeid, og evne til å visualisere realistiske applikasjonar av dette som gjer at Kim Stanley Robinson lukkast så bra i sjangeren. Ein kan tru på forslaga og spekulasjonane hans.

Vurderingane hans av ulike formar for solenergi er nøye, og vektlegg den store skalaen dei ulike løysingane krev for å vere effektive. Meir fantastiske er løysingar som å salte verdshava for å restarte Golfstraumen eller flytte på dei store ismengdene som bryt laus frå Antarktisk attende til polpunktet eller andre stader i verda. Det er allikevel reelle forslag henta frå forskingsmiljø som leitar under ein kvar stein for å finne løysingar på krisa vi står overfor.

Bioteknologiske løysingar

Det økologiske aspektet ved klimakrisa vert særs vektlagt, og økologi og naturens kompliserte balanse er tema som går att i fleire av Robinsons bøker. I klima-trilogien dukkar dette opp ikkje berre i sosiobiologiske tankeeksperiment knytta til å verte ein naturleg del av klodens økologi, men óg i dramaet rundt aktuell bioteknologi.

Robinson tar tak i ideen om å aktivt manipulere plantelivet til å verte meir effektive i nedtak av karbondioksid frå lufta, og slik kompensere for auka luftureining. Store deler av første boka er dedikert til problema med å overføre dei ønskja kvalitetane til plantar på ein effektiv og sikker måte.

På same vis som med dei andre forslaga dummer han ikkje ned forklaringa på dei tekniske hindringane for dette, han lar vitskapens representantar sjølv forklare med sin eigen terminologi. Slik lærar han ikkje berre vekk den reelle situasjonen innanfor praktisk genforsking, men spekulerar óg i potensialet denne forskinga har på eit realistisk og forståeleg vis.

Genmanipulert lav

Det er særleg genmanipuleringa av lav som får stå i sentrum. Dette ettersom lav står i ein unik posisjon i planteverda som ei blanding av algar og sopp som lever i eit symbiotisk forhold til trer og andre plantar.

Det enklaste viset å dra ned meir karbondioksid frå atmosfæren er ved å spre fleire plantevekster, men problemet med dette er at dei fleste av desse plantevekstane er kortlevde og karbondioksiden slepp ut att i lufta når desse plantane døyr. Alternativt er gamle trer istand til å ta ned og halde på karbondioksid så lenge dei lever, og lav kan påverke eit tre si evne til å gjere dette.

Robinsion foreslår at genmanipulert lav kan påverke trer til å dra ned meir karbondioksid og styrkje trea, og dette vil óg gjere at lavet vil spre seg snøggare i skogen. Dei langsiktige konsekvensane er vanskeleg å spå, men Robinson lar ein av bikarakterane avvise uroa for at vi forårsakar ei ny istid - vi veit jo allereie korleis vi varmar planeten opp att!

Genmanipulert lav vert eit håp om at vi kan manipulere naturen til å kompensere for oss sjølv, men Robinson viser klar skepsis til ei slik magisk løysing på problema, for han er det minst like viktig å rydde opp i føresetnadane for at klimakrisa oppstår. Og dei finn han i den sosiale og økonomiske dimensjonen.

Samfunn og økonomi

Som mange andre er Robinson uroleg for at planeten ikkje taklar det vestlege levesettet og forbruket som følgjer med. I hans auger er klimaøydeleggjande industri knytt saman med global økonomisk og sosial urettferd, ein kan berre stogge rovdrift på jordas ressursar ved å fremje økonomisk og sosial rettferd.

Kim Stanley Robinson slår eit slag for eit sunt og levande demokrati som eit premiss for eit sunt miljø. Som motsetnad til dette står ein totalitær kapitalisme og marknadsliberalisme som ikkje ser gevinsten i dei reformene som krevs av oss om situasjonen skal reddast. Robinson kritiserar kapitalismen for å vere ei grunnleggjande årsak for problema, og kritiserar kapitalismens forsvarar for deira tru på at den same kapitalismens marknad vil gje verda dei nødvendige og langsiktige løysingane på dei problema vi står overfor.

Særleg verdsbanken får krass kritikk av forfattaren for å vere til hindring for god miljøpolitikk. Robinson vender seg heller mot keynesiansk blandingsøkonomi og hentar inspirasjon frå “The New Deal”. Robinson framhevar at vitskapen må verte politisk, og i hans roman er det ein flaumkatastrofe i Washington som gjev det vitskaplege miljøet høve til å kunne innta politikken.

Teikn på regn

Kim Stanley Robinson er ein dyktig forfattar som iløpet av tre bøker klarar å gjere dei vitskaplege og politiske utfordringane vi står overfor levande. Frå klimaendringar til bioteknologi til mistanken om valfusk, alt kjem fram i tydleg og spanande detalj. Særleg Forty Signs of Rain skil seg ut som hard science fiction, ein forskingsthriller i motsetnad til ein teknothriller.

Her er verkeleg vitskapen og forskinga sjølve protagonistane medan personane hamnar i baksetet. Menneskene dukkar klarare opp i Fifty Degrees Below og Sixty Days and Counting, som er langt meir filosofiske av seg. På sett og vis er dei to bøkene eit haleheng på Forty Signs of Rain, som i større grad går i konsekvensane og filosofien bak, og det flørtast med tibetansk buddhisme, bisarre personlighetsforstyrringar og skuggeaktige konspirasjonar.

Det heile vert eit spanande drama, men det skadar ikkje Robinsons faglege tyngde ettersom historien stadig forankrar seg grundig i det som er hovudtemaet for bøkene; klimaendringer og vitskapens politiske rolle. For om bøkene har ein hovudbodskap så er det at vitskapen må ta ein meir aktiv rolle i å forme framtida, at vitskapen ikkje er skild frå dei politiske realitetane og bør vere ei positiv kraft. At klimaendringane har ein sosial og økonomisk dimensjon står óg veldig sterkt. Men Robinson sin kritikk av marknadsøkonomien vert aldri eit banalt åtak, men ein velformulert og gjennomtenkt analyse av systemets veikskapar.

Det er kanskje for seint å snu klimaendringane som er på veg, men det tyder ikkje at ein ikkje skal freiste. Rundt omkring i verda opplever ein vêrfenomen mange vel å knytte til menneskets handsaming av naturen, og fleire vert merksame på at noko bør gjerast. Kim Stanley Robinson er ein av dei, og det er fleire forfattarar og filmskaparar som gjer det same. Om mogleg vil kanskje dei mektige politiske og økonomiske institusjonane følgje etter. Kanskje med litt hjelp frå eit aktivt forskingsmiljø?

Kim Stanley Robinsons “klimatrilogi”:

Forty Signs of Rain
HarperCollins
2004

Fifty degrees below
HarperCollins
2005

Sixty days and counting
Bantam
2007