Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Religion speler ei nøkkelrolle i kvardagen til folk i Bolivia. Her utsikt over byen Oruro.(Illustrasjon: sunsinger / Shutterstock / NTB scanpix)
Religion speler ei nøkkelrolle i Bolivia
Bolivia vart i 2009 ein sekulær stat, men religiøse tradisjonar står sentralt i både daglegliv og politikk. Religiøse institusjonar meklar mellom ulike syn på utvikling og religion.
Bolivia er blant dei fattigaste landa i Sør-Amerika. Deltakarar i internasjonalt utviklingsarbeid som FN og ikkje-statlege organisasjonar har drive eit utstrekt utviklingsarbeid i landet. Det gjer også kristne organisasjonar med internasjonal støtte, også frå Noreg.
Men korleis går kristent arbeid i hop med utviklingsarbeid? Er religiøse institusjonar ein brems eller eit positivt bidrag til utvikling i fattige land?
Det er problem førsteamanuensis Arnhild Leer-Helgesen ved Universitetet i Agder drøftar i ei ny bok om utviklingsarbeid i Bolivia.
– Debatten står ofte mellom dei som hevdar at religion anten bidreg stort eller er ein hemsko for utviklingsarbeid, men sanninga er meir kompleks. Målet mitt har vore å finne ut kva for rolle religion speler for utviklingsarbeid i Bolivia, på godt og vondt, seier Leer-Helgesen.
Forhandlar om verdiar og identitet
Leer-Helgesen har studert to bolivianske kristne institusjonar sitt arbeid i Andesfjella. Den eine er ein tverrkyrkjeleg evangelisk organisasjon med røter til den norske Misjonsalliansen.
Den andre er ei luthersk kyrkje med støtte frå mellom andre Det lutherske verdsforbund (Misión Alianza de Noruega en Bolivia og Iglesia Evangélica Luterana de Bolivia).
Arbeidet hennar viser at religiøse institusjonar har særskilde ressursar som kan bidra positivt i utviklingsarbeid.
– Representantar frå trusbaserte organisasjonar i Bolivia forhandlar dagleg mellom teologi og utviklingsteoriar, fordi begge sider er del av deira identitet. Dei er påverka av lokale kulturelle og religiøse praksisar på den eine sida og internasjonale utviklingsstrategiar og kristne tradisjonar på den andre, seier Leer-Helgesen.
Dei bolivianske organisasjonane og dei tilsette der forhandlar mellom teologi på den eine sida og utviklingsteoriar på den andre og mellom kristen identitet og urfolksidentitet.
Forhandlingane kan gå om ulike religiøse tradisjonar lokalt, regionalt og internasjonalt.
– Forholdet mellom religion og utvikling er ikkje gitt, men vert skapt gjennom forhandling. For religiøse institusjonar er utviklingsarbeid del av deira tru, og dei arbeider mot religiøse mål og utviklingsmål på same tid. Spenningar mellom tru og tankar om utvikling er der heile tida og dette kan både vera ei kjelde til djupare innsikt og eit problem, seier Leer-Helgesen.
Sekulær stat og religiøst folk
Religion speler ei nøkkelrolle i kvardagen til folk i Bolivia. Opp mot 80 prosent av innbyggjarane definerer seg som katolikkar. Talet på protestantar veks raskt mot nærare 20 prosent.
Religiøs og spirituell tru og praksis hos urfolket er både ein eigen tradisjon og del av dei to kristne retningane i Bolivia. Av dei rundt elleve millionane innbyggjarane i Bolivia er omtrent halvparten urfolk.
Frå 2006 har landet for første gong ein president frå urfolket, Evo Morales. Landet fekk ny grunnlov i 2009. Der vert både urfolks religiøsitet og synet på utvikling og det gode liv vektlagde.
Den nye grunnloven set søkjelys på landets eigne tradisjonar, samfunnsstrukturar og tenking og kritiserer vestleg påverknad både historisk og i dag.
Guds ord og menneskeleg utvikling
Annonse
Misjon er for lutherske og evangeliske institusjonar grunngjeven i tolkinga av Guds ord. Utviklingsarbeidet skal vera i tråd med menneskerettane og andre internasjonale samfunnsprinsipp.
Ifølgje Leer-Helgesen er det tanken om menneskeleg utvikling – sentral for FN og andre internasjonale utviklingsaktørar – som dominerer strategiar og leiinga i dei kristne institusjonane. Menneskerettar, likestilling, helse, skulegang for alle, økonomiske mogelegheiter og myndiggjering av det enkelte menneske står sentralt.
Debatten om kven som skal definera utvikling har stått i sentrum av den politiske debatten i Bolivia dei siste ti åra. Statlege planar bruker urfolkets eigne omgrep for å beskriva det gode liv og samfunn, presentert som kontrast til vestleg forståing.
Leer-Helgesen viser til at dei to trusbaserte institusjonane i sine offisielle dokument står tett opp til forståinga hos internasjonale utviklingsaktørar, mens dei tilsette i praksis bruker språk og tankar frå urfolkets filosofi.
– Den kristne tenkinga er på mange felt harmonisert i tråd med både urfolksfilosofien og tenkemåten i FN, med ideal som menneskerettar, rett til skulegang og like rettar for kvinner og menn. Desse tankane er ofte støtta opp om gjennom teologiske argument, men her finn ein også viktige spenningar, seier Leer-Helgesen.
Likestilling er vanskeleg
Eit av dei mest konfliktfylte temaa i internasjonal utviklingsdebatt i dag er spørsmål om kjønn og likestilling.
Sterke religiøse grupper kjempar for å bremse denne agendaen i FN, basert på ei konservativ tolking av både Bibelen og Koranen.
– Likestilling mellom kjønn var også ein underliggande spenning i dei to institusjonane i Bolivia. Begge jobba med å styrkje kvinner sine rettar i samfunnet og politisk. Mens den lutherske kyrkja også jobba teologisk for å endra kvinner sin posisjon, var dette eit ikkje-tema i den evangeliske organisasjonen. Den indre usemja rundt tolkinga av kvinner si stilling gjorde at dei la lokk på debatten, seier Leer-Helgesen.
Frå økonomisk til menneskeleg vekst
Frå 1990-åra såg ein ei dreiing i FN, blant politikarar, i forskingsverda og hos utviklingsorganisasjonar frå å leggje mindre vekt på økonomisk vekst og meir på menneskeleg utvikling og livskvalitet.
– Endringa gav eit nytt spelerom for religiøse aktørar. Folk skulle sjølve definere kva utvikling er. Lokal deltaking vart viktig og det vart opna for å tenke meir heilskapleg rundt det gode livet. Dette passa godt for dei religiøse organisasjonane, som då kunne inkludere det spirituelle og gode relasjonar som sentrale aspekt. I tillegg var det rom for å løfte fram kyrkjer og moskear som sentrale grasrotaktørar i store delar av verda, seier Leer-Helgesen.
Annonse
Gud på banen
Utviklingsminister Erik Solheim fanga opp denne utviklinga i 2010 og snakka om at Gud måtte på banen i utviklingsarbeidet. Denne satsinga i Utanriksdepartementet låg lenge nede, men den nye utviklingsministeren Dag Ulstein (KrF) har no igjen løfta fram dette initiativet.
Leer-Helgesen er kritisk til haldningar om at religiøse mål og utvikling kan skiljast gjennom offisielle retningslinjer. Samstundes åtvarar ho mot å sjå religiøse utviklingsinstitusjonar og -grupper som betre og meir legitime enn sekulære.
I boka konkluderer ho med at dei kristne institusjonane følgjer opp FNs tankar om menneskeleg utvikling og i mange tilfelle styrkjer lokalsamfunn og grupper i samfunnet.
Samstundes kjem ein ikkje bort frå underliggande spenningar og motsettingar mellom ulike mål og religiøse tolkingar.
– Mine erfaringar og studiar viser mange døme på korleis tru kan gi ekstra motivasjon for endring, men også mange tilfelle der teologisk tenking motseier sentrale utviklingsmål. Dette er prosessar som føregår samtidig innanfor same organisasjon, forklarer Leer-Helgesen.
Ho meiner det er ufruktbart å stemple religion som god eller dårleg bidragsytar for utvikling på eit generelt grunnlag.
– Både forsking og praksis innanfor internasjonal utvikling bør leggje meir vekt på denne kompleksiteten, der ulike teologiske tolkingar og syn på utvikling pregar det daglege arbeidet i institusjonar, meiner forskaren.
Referanse:
Arnhild Leer-Helgesen: Negotiating Religion and Development, Identity and Contention in Bolivia. Bok frå Routlegde, 2019. (Sammendrag)