Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

I sjø kan pukkellaksen minne om atlantiske laks eller sjørøye. I elva får hannfiskane ein karakteristisk pukkel på ryggen. Prikkar på halen og svart tunge er andre kjenneteikn. På bildet ser vi fangst frå eit tidlegare tokt.

Forskarar med dårleg nyheit: – Det er pukkellaksår

Rekordfangstar på forskingstokt kan tyde på kommande invasjon i lakseelvane.

Den uønskte pukkellaksen har ein toårig syklus. Han invaderte norske elver i 2017 og 2019.

Pukkellaksen er ein stillehavslaks som får ein karakteristisk pukkel på ryggen når han går opp i elva for å gyte. Fisken er uønskt i norsk natur.

Spørsmålet har derfor vore: Ville invasjonen gjenta seg i 2021? Alt tyder på det.

Rekordmykje pukkellaks i trålen på sildetokt

– Vi har aldri før fått like mange pukkellaksar i trålen, seier havforskar Kjell Rong Utne om fangstane frå det årlege maitoktet i Norskehavet.

Fartøy frå Noreg, Island, Danmark og Færøyane er ute for å kartlegge først og fremst silda, men også andre artar. Dei trålar over store havområde.

– Både vi, det færøyske og det danske fartøyet har fått fangstar med pukkellaks. Vi har fått både meir av dei og over eit større område enn i pukkellaksåra 2017 og 2019, seier Utne.

Dei grå rundingane viser pukkellaks-fangstane på maitoktet. Kryssa viser kor fartøya har tråla (desse er ikkje komplette for 2021).

Meir sørleg utbreiing

I 2017 og 2019 blei det fanga høvesvis 53 og 24 pukkelaksar. I år er totalen 91 stykk. I eitt trålhal var det 28 stykk.

Fiskane, som er på mellom 400 og 1500 gram, er fanga lenger sør og vest enn tidlegare. Dette kartet viser fangstane i dei tre åra:

Gjennom Havforskningsinstituttets nettverk av fiskarar i den såkalla referanseflåten har forskarane også fått meldingar om bifangst av pukkellaks. Vi har rapportar frå båtar på seinotfiske utanfor Mørekysten om mellom ein til ti pukkellaksar i kvart einaste notkast. I enkelte kast blei det fanga 30–40 fisk.

Dette er tidlege teikn i havet. Men vil pukkellaksane også renne inn i norske elver saman med vår eigen laks utover sesongen?

Vanskeleg å spå kor dei landar

– Det er definitivt pukkellaksår, men det er vanskeleg å spå mengdene og kor dei kjem til å treffe land, seier forskar Eva Thorstad i NINA. Ho er ekspert på den spesielle biologien til pukkellaksen.

Det var i 2017 at pukkellaksen «eksploderte». Han blei ein snakkis over heile landet, i tillegg til å figurere i Sverige, Danmark, Storbritannia, Irland, Island og Grønland.

Før dette har han vore eit vanleg syn i Finnmark, særleg nær grensa til Russland, men også der auka fangstane dramatisk i 2017.

I 2019 var det endå meir fisk totalt sett, men då var mengdene hovudsakleg i Troms og Finnmark.

Veit lite om konsekvensane

– Men det at vi no får meldingar om bifangst utanfor Nordland, Trøndelag og Møre, er nok litt urovekkande, seier Thorstad.

– I kva grad er pukkellaksane eit problem for atlantisk laks?

– Det veit vi framleis lite om. Dei gyter tidlegare enn vår laks. Avkommet skal i teorien gå rakt ut i sjøen utan å bruke tid på å ete i elva. Men nokre undersøkingar viser at dei også kan bli verande i nokre veker, forklarer ho.

– Men vi har sett i mindre vassdrag i Finnmark at mengdene pukkellaks kan bli overveldande. Då vil fortrenging og konkurranse om plass og mat kunne vere eit problem.

Varmare klima er ikkje heile forklaringa

At dei kan spreie nye sjukdomar til vår ville og oppdretta laks, er også rekna som ein risikofaktor.

Men kva skjedde eigentleg i forkant av 2017 som plutseleg gav ein pukkellaksboom?

Thorstad trur varmare klima er delar av forklaringa på kvifor pukkellaksen fekk eit oppsving.

– Pukkellaksen er nok ein klimavinnar som trivst betre i stigande havtemperatur. Men det må ha vore fleire faktorar i sjøen som har stemt i forkant av 2017-invasjonen, slik som mattilgangen, seier ho.

Denne pukkellaksen blei fanga på forskingsstasjonen til Havforskningsinstituttet i Etneelva i 2019.

Brukar anledninga til å lære meir om arten

I pukkellaksår kan forskarane i det minste lære meir om den uønskte arten.

Fleire år med data frå havet og elvene gir meir kunnskap om pukkellaksen. For eksempel kor mykje pukkellaks vi kan vente oss – og kor og korleis han utgjer størst trugsel for vår heimlege laks.

I mange elver opnar laksefisket 1. eller 15. juni. NINA har derfor lagt ut ein artikkel om kva du gjer om du får pukkellaks på kroken.

Om pukkellaks

  • Stillehavslaks som får ein karakteristisk pukkel på ryggen når han går opp i elva for å gyte.
  • Uønskt i norsk natur.
  • Prikkemønster på halen og svart tunge er også kjenneteikn som skil pukkellaksen frå den atlantiske laksen.
  • Gyter i elva og døyr like etterpå.
  • Yngelen klekker og vandrar direkte ut i havet. Der dei blir i eitt år før dei går opp i elvene.
  • Oddetalsår-bestanden er langt større enn partals-bestanden. Dette kan vere ein genetisk meir robust fisk.
  • Blei sett ut på Kolahalvøya frå 1950-talet. (Blir derfor også kalla russelaks.) Har sidan blitt hausta i eit avgrensa russisk fiske.
  • Russarane begynte å sette ut ein nordleg og meir hardfør variant på 1980-talet. Det er denne som no har breidd om seg.
  • Mengda og utbreiinga har auka dei siste åra.
  • Har blitt registrert i norske elver frå nord til sør. Men særleg mykje i Finnmark.
  • Også registrert i andre europeiske land.
  • Uønskt fordi den kan konkurrere med vår laks om plassen i elva. Kan tilføre elvene mykje gjødsling når dei døyr i store mengder.

Om SeaSalar-prosjektet

Står for Atlantic Salmon at Sea - factors affecting their growth and survival.

Eit samarbeid mellom NINA, HI og UiT, med innslag frå ei rekke andre institusjonar.

Skal avsløre ny kunnskap om villaksen sitt liv i havet.

Powered by Labrador CMS