Detaljert og grundig gransking av jordlaget frå 8000 år sidan har gitt nye svar om kva som skjedde då Storeggaskredet råka for 8000 år sidan.  (Foto: Knut Rydgren)
Detaljert og grundig gransking av jordlaget frå 8000 år sidan har gitt nye svar om kva som skjedde då Storeggaskredet råka for 8000 år sidan. (Foto: Knut Rydgren)

Denne mosetusten fortel om ei katastrofe i steinaldersamfunnet

Hadde professor Stein Bondevik vore stressa den dagen i myra, hadde vi truleg ikkje fått vite det vi no veit om ei av dei mest ekstreme hendingane i noregshistoria.

Publisert

Storegga-tsunamien

Storegga-tsunamien blei forårsaka av eitt av dei største undersjøiske rasa i historia. Flodbølgja strøymde inn over Noreg, Skottland, Shetland, Grønland og Færøyane.

Forsking viser at tsunamien skjedde for kring 8150 år sidan. Det nøyaktige årstalet har ikkje vore mogleg å fastsette, men no har Stein Bondevik og Knut Rydgren fastslått kva tid på året katastrofen har funne stad.

Eit lite, grønt moseskot pakka inn i marin leire. Og endå eit. Og endå eit.

Professor Stein Bondevik og ein masterstudent han har med seg, stussar over synet av noko grønt og friskt i det marine slammet, tusenvis av år gammalt. Dei to er i ferd med å samle prøvar frå ei myr på Hommelstø i Brønnøy kommune i Nordland. Formålet er å sjå om det finst spor etter ein mogleg tsunami utløyst av eit skred utanfor Lofoten.

Geologen Stein Bondevik (t.v.) og økologen Knut Rydgren har i samarbeid kasta nytt lys over dei menneskelege følgjene av Storegga-tsunamien.  (Foto: Katrine Sele)
Geologen Stein Bondevik (t.v.) og økologen Knut Rydgren har i samarbeid kasta nytt lys over dei menneskelege følgjene av Storegga-tsunamien. (Foto: Katrine Sele)

Det finn dei ikkje. I staden finn dei svært gode spor etter Storeggatsunamien, som følgde Storeggaraset for 8000 år sidan. Dei små, unnselege moseskota vil komme til å fortelje forskarane noko vesentleg om det menneskelege omfanget av katastrofen.

Kan tidfeste tsunami

Korleis var livet i Noreg for 8000 år sidan? Arkeologiske funn seier mykje om dette. Kysten var svært viktig for steinaldermennesket, og mange utgravingar viser at busetnadene låg heilt nær sjøen. Helleristningar fortel om jakt og fiske frå båtar, busetnader på øyar langt til havs og avanserte maritime kunnskapar.

Steinalderfolket budde ved kysten store delar av året – spesielt på haust- og vinterstid. Men om somrane fór grupper opp i fjellet for å jakte på reinsdyr – funn av steinreiskapar og fangstanlegg høgt til fjells tydar på dette. Så kom dei ned igjen om hausten for å lagre vinterforråda sine med ved, utstyr, skinn, kjøt og anna.

På grunn av dette livsmønsteret har forskarar lenge vore interesserte i å vite kva tid på året den såkalla Storeggatsunamien skjedde.

– Mosefunna våre viser at vi med stor sikkerheit kan seie det skjedde i oktober månad. Effekten for steinaldersamfunna må dermed ha vore katastrofal, seier geolog Stein Bondevik.

Ei gåte for geologane

Kartet viser Storegga-raset og effekten av den påfølgende tsunamien. Bølgene inn mot kysten på Vestlandet var opp mot ti og elleve meter høye.  (Foto: (Illustrasjon: HiSF))
Kartet viser Storegga-raset og effekten av den påfølgende tsunamien. Bølgene inn mot kysten på Vestlandet var opp mot ti og elleve meter høye. (Foto: (Illustrasjon: HiSF))

Tsunamien er ei storhending i noregshistoria som forskarar først har funne ut om i nyare tid. I fleire tiår stussa skotske og norske geologar over sand som var avsett frå sjøsida inn i innsjøar langs kysten, og sand som dekte steinalderbusetnader. Både i Inverness og på Sunnmøre fann dei avsettingar som dei ikkje hadde noka god forklaring på. Hadde det vore ein storm av abnorme dimensjonar i Nordsjøen for 8000 år sidan?

Først med oljeleitinga på syttitalet kom svaret på gåta. På kanten av den norske sokkelen, mot fiskebanken Storegga, går det eit stup rett ned frå 250 meters djup til 500 meters djup. Dette er bakveggen til eit enormt ras. På havbotnen nedom skredkanten og heilt ned til 3000 meters djup ligg restane av det, med steinblokkar opp til ein kilometer i diameter.

Dette raset utanfor Mørekysten – det største kjente undersjøiske raset i historia – forårsaka det som no blir kalla Storeggatsunamien. Den første vitskaplege artikkelen om fenomenet kom i 1987. I starten var geologar mest opptekne av å stadfeste at tsunamien faktisk fann stad, sidan har andre spørsmål komme til.

Dei små moseskota frå ei myr på Helgelandskysten skulle gje svaret på eitt av dei viktigaste: Korleis blei steinaldermenneska råka av hendinga?

Tankespranget til professoren

Viss Stein Bondevik hadde vore stressa den dagen i myra, hadde han kanskje ikkje gjort det nødvendige tankespranget. Eller viss han ikkje hadde vore gift med ein botanikar som opna auga hans for plantelivet. Då hadde han kanskje forkasta prøvane, og trudd dei var ureina med notidig materiale som hadde komme inn i prøvetakaren ved ein feil.

Dette er vanskeleg å vite, men i alle høve tok han og masterstudenten seg tid til å sjekke saka nærmare, og ta opp mange prøvar. Kvar gong fekk dei opp grøne tustar. Dette kunne ikkje vere tilfeldig.

Etasjemosen veks ein avgrensa etasje i året. Storleiksforholdet mellom dei ulike etasjane på plantane gjorde det mogleg for forskarane å seie noko om når på året dei 8000 år gamle plantane vart rivne opp av flodbølgja. Storleiksforholdet er minst tidleg på våren, og størst seint på hausten. (Foto: Stein Bondevik)
Etasjemosen veks ein avgrensa etasje i året. Storleiksforholdet mellom dei ulike etasjane på plantane gjorde det mogleg for forskarane å seie noko om når på året dei 8000 år gamle plantane vart rivne opp av flodbølgja. Storleiksforholdet er minst tidleg på våren, og størst seint på hausten. (Foto: Stein Bondevik)

– Då eg skjøna av den grøne fargen at mosane kunne ha vore levande då dei blei rive med av tsunamien, gjekk dimensjonane opp for meg. Levande materiale som er avsett og bevart i augneblinken naturkatastrofen finn stad, er noko av det mest dyrebare ein geolog kan komme over, seier han.

Moseforskaren i Sogndal

Først eit tankesprang, og så ein porsjon råflaks: Då geologiprofessoren ved Universitetet i Tromsø bestemte seg for at han ville flytte heim til Sogndal, og fekk jobb ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, blei han tilfeldigvis kollega med ein av dei fremste moseforskarane i Noreg. Økolog Knut Rydgren er ein av tre forskarar i landet som har drive med ringmerking av etasjemose, og følgt veksten og reproduksjonen til denne mosearten nøye.

– Dei færraste økologar gidd å forske på mose. Dei fleste likar betre blomar, og dessutan er dei små mosane vanskelegare å lære seg. Men eg elskar mosane! Dei er så vakre og fascinerande, seier Rydgren.

Kva mosen fortel

Saman returnerte Stein Bondevik og Knut Rydgren til myra på Helgelandskysten for å samle nye prøvar. Med seg fekk dei 19 temmeleg godt bevarte skot av grøn etasjemose som Rydgren fraus ned og seinare analyserte.

Målingar synte at grønfargen kjem av intakt klorofyll, og radiokarbondateringar viste at mosen var 8000 år gammal.

– Ufatteleg at desse planterestane kunne vere så godt bevart i leira gjennom tusenvis av år! seier Bondevik.

Etasjemose

Det særeigne med etasjemosen er at nye skot ikkje veks frå tuppen, slik som hos andre moseartar, men på ryggen av fjorårets skot. Ut av vekstmønsteret og storleiksforholdet mellom det nye skotet og fjorårsstengelen kunne Knut Rydgren slutte kva tid på året planten må ha blitt riven opp av tsunamien.

Samanlikningar med etasjemose som veks i dag, samla inn frå månadane juli til og med desember, viste at tsunamien må ha skjedd i oktober, slutta han.

Flodbølgja på kring 10 til 12 meter vaska dermed inn over land på tidspunktet der menneska oppheldt seg nærast havet, og då dei nett var ferdige med å byggje opp vinterforråda sine. Øydelegginga av buplassar, båtar, utstyr og forråd må ha gjort den påfølgande vinteren svært vanskeleg for dei som overlevde. Dimensjonane var enorme. Hadde det skjedd i dag, ville alle kystbyane på Vestlandet vore lagt under vatn.

– Med dette studiet har vi vore med på å avdekke omfanget av ei heilt ekstrem hending i Noregs-historia. Ei hending frå den mørkaste delen av historia vår som vi berre har små fragment av kunnskapar om, seier Rydgren.

Referanse: 

Stein Bondevik og Knut Rydgren. Moss growth patterns and timing of human exposure to a Mesolithic tsunami in the North Atlantic. Geology, september 2014. Samandrag