Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Økonomisk uvisse kan vere ei viktig forklaring på nedgangen i førstefødslar blant kvinner, ifølge forskarar.

– Pandemien kan gje færre barnefødslar

Koronapandemien kan få enda større konsekvensar for norske fødselstal enn tidlegare pandemiar har hatt, meiner forskarar.

Norske fødselstal er no på rekordlåge 1,53 barn per kvinne. Forskarar trur at følgjene av koronapandemien vil dytte talet enda lenger ned.

– Viss vi får ein langvarig økonomisk nedgang, er det grunn til å vere bekymra. Kanskje vil ikkje unge våge å få dei barna dei ønskjer seg, seier professor Trude Lappegård ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo.

Ventar ingen babyboom

Pandemiar og økonomiske nedgangstider har påverka fødselstal før òg. Saman med vitskapeleg assistent Axel Peter Kristensen fortel Lappegård no om den kunnskapen forskarar i dag har om temaet.

I 1918 var store delar av verda ramma av spanskesjuka, ein influensaepidemi som førte til rundt 15 000 norske dødsfall eller 0,6 prosent av folket. I tida etterpå vart det ein tydeleg nedgang i talet på fødslar, følgt av ein babyboom i 1920.

– Men den gongen var Noreg meir isolert. No er det ikkje slik lenger. Ein økonomisk nedgang i andre land vil påverke oss òg. Derfor trur vi ikkje at det vil kome ein babyboom om to år, seier Kristensen.

I ei fersk masteroppgåve har han studert korleis arbeidsløyse påverkar fødselstala.

Då han analyserte data for alle nordmenn i perioden 1994–2014, såg han at særleg éi gruppe vart påverka dersom dei stod utan arbeid: dei som ikkje hadde barn frå før.

Går utover førstegongsfødslar

– Blant barnlause utan arbeid var fødselstala merkbart lågare enn blant andre barnlause. Dette gjaldt både kvinner og menn, seier Kristensen.

Hos dei som allereie hadde fått barn, var situasjonen annleis. Der såg arbeidsløyse ut til å gje ein svak auke i talet på barnefødslar. Men dette gjaldt berre kvinner.

Kristensen og Lappegård veit ikkje kvifor dei ser desse skilnadene. Men dei kan spekulere.

– Når du ikkje har barn frå før, er det så mange ting som skal på plass. Du prøver å finne plassen din i arbeidsmarknaden, og kanskje ønskjer du kjøpe ein bustad. Arbeidsløysa skaper ei uvisse, seier Lappegård.

Folk med barn frå før står kanskje litt stødigare, foreslår ho.

– Noreg har jo gode velferdsordningar. Det er ikkje slik at all inntekt fell bort viss du mistar jobben.

Kristensens hovudfunn er også reflektert i andre studiar. Til dømes peikar ein rapport frå Statistisk sentralbyrå i 2017 på økonomisk uvisse som ei viktig forklaring på nedgangen i førstefødslar blant kvinner.

Trude Lappegård og Axel Peter Kristensen

Likt mønster i nordiske land

Det er ikkje sikkert at milliardkrisepakkar frå regjeringa er nok til å stoppe ein ytterlegare nedgang i fødselstala. Ein studie av Chiara Comolli og medforskarar, der Lappegård tok del, tydar på at land i større grad enn før responderer på økonomiske kriser på same måte.

Dette kjem til syne i fødselstala etter to finanskriser. Etter finanskrisa rundt 1990 var fødselstala heilt ulike i dei nordiske landa. Etter finanskrisa omkring 2010 var tala nesten identiske.

– Vi trur at dei nordiske landa på 90-talet responderte isolert, akkurat slik vi såg etter spanskesjuka. Så endra internett og globaliseringa forholdet vårt til resten av verda. Det handlar ikkje berre om at økonomien er tettare voven saman. Heile inntrykket vårt av verda vart påverka, seier Lappegård.

Ho viser for eksempel til internasjonal politikk og klimakrisa, som begge kan gjere nordmenn usikre på framtida.

– Få dei unge inn i arbeidslivet

Likevel bør den norske regjeringa halde fram med å prøve å normalisere norsk økonomi, meiner ho. Ho trur at dette er viktigare enn å betre ein allereie god familiepolitikk.

– God familiepolitikk kan ikkje kompensere for mangel på ei sikker inntekt. Folk må føle at dei er i stand til å syte for seg sjølve og ein familie. Det hjelper ikkje å få utbetalt i dyre dommar det første året viss ein ikkje har jobb etterpå, seier Lappegård.

Kanskje bør politikarar også bli meir bevisste på kor viktig det er å få unge inn i arbeidslivet, foreslår ho.

- Når fødselstala går ned, blir barne- og familieministeren alltid spurt om ein kommentar. Arbeidsministeren og finansministeren slepper unna. Men slik vi ser det, er det som skjer på desse områda vel så viktig for vala dei unge tar.

Eit nordisk mysterium

Sjølv om økonomi er viktig, er det også andre ting som speler inn når vi tar livsvala våre. Og mykje er uvisst. For forskarar er det eit stort mysterium kvifor talet på fødslar har gått ned i alle dei nordiske landa dei siste åra. Nedgangen har vore større enn i andre europeiske land.

Finanskrisa rundt 2008 gav ei logisk forklaring i starten, men dei siste åra har norsk økonomi vore relativt god, påpeikar Lappegård.

– Det kan jo hende at preferansane har endra seg og at folk no ønskjer seg færre barn. Dette veit vi ikkje, men til hausten deltar Noreg i ein stor europeisk studie som skal prøve å finne svar, seier Lappegård.

Dagens mødrer skal jobbe òg

Dei trur ikkje at norske kvinner vil nærme seg bestemødrene sine fødselstal med det første. Tidleg på 1970-talet fekk desse kvinnene i snitt 2,1 barn.

– Vi kan ikkje forvente at dagens unge skal få like mange barn. Dei blir jo også forventa å jobbe, noko dei ønskjer sjølve òg. I tillegg var det mykje slump før i tida. I dag er dei fleste barn som fødast, planlagde.

Dette er ei følgje av moderne prevensjonsmidlar, som kom på slutten av 1960-talet, påpeikar ho.

Lappegård deler ikkje bekymringa til statsministeren for at låge fødselstal skal gå ut over velferda. Ho meiner at det ansvaret ikkje kan leggjast på unge, og at politikarar heller må finne andre inntektskjelder, eventuelt ta upopulære val om å kutte i velferdstilbodet.

– Det eg er meir uroa for, er at vi får eit samfunn der unge ikkje føler at dei har moglegheit til å få barna dei ønskjer seg. Då er det noko usunt med samfunnet.

Lappegård og Kristensen er involverte i to nystarta forskingsprosjekt som skal prøve å forstå den nordiske nedgangen. Det eine er leidd av Lars Dommermuth i Statistisk sentralbyrå. Her skal forskarane mellom anna sjå barnefødslar i samanheng med økonomisk uvisse. Det andre prosjektet skal gå nærare inn på endringar i arbeidsmarknaden og sosial ulikskap.

Referansar:

Axel Peter Kristensen: Arbeidsledighet og fruktbarhet - En kvantitativ studie av betydningen av individuell og aggregert arbeidsledighet for kvinner og menn sin fruktbarhetsatferd. Masteroppgave ved UiO, 2020.

Nedgangen i fruktbarheten fra 2010. Rapport fra Statistisk sentralbyrå, 2017.

Chiara Comolli mfl.: Beyond the Economic Gaze: Childbearing during and after recessions in the Nordic countries. Stockholm Research Reports in Demography, 2019. Samandrag. Doi.org/10.17045/sthlmuni.8089028.v1

Powered by Labrador CMS