Forskar meiner elevar kan lære meir med utforskande undervisning. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Elevar lærer meir med utforskande undervisning
Sjølv om elevane kan svara på læraren sine spørsmål, er det ikkje sikkert dei har lært noko. Men med utforskande undervisning utkonkurrerer andreklassingar elevar på vidaregåande.
Gimp og Mopi var akler. En gring muffet Gimp og Mopi i bogsen. Mopi pyttet en av Gimps fropper, fordi di ikke kunne skruppe sim. Gimp bofte «Komp app froppen min!» Men Mopi ville ikke kompe hen til ilt. Derfor svurpet Gimp Mopi, og aklene breste til skvitt. Etter det forvittet Armp i sleppen. Hen taplet begge aklene, og luppet dem til boppen.
Oppgåve 2: Svar på desse spørsmåla:
Hva var Gimp og Mopi?
Hvorfor pyttet Mopi en av Gimps fropper?
Hvorfor svurpet Gimp Mopi?
Dersom du svarde at Gimp og Mopi var aklar, at Mopi pytta Gimps fropp fordi di ikkje kunne skruppa sim og at Gimp svurpa Mopi fordi Mopi ikkje ville kompa hen til ilt, har du alt rett.
Men har teksten gjort deg noko klokare? Forhåpentleg ikkje.
Merethe Frøyland er leiar av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo, og har brukt denne teksten i mange samanhengar for å illustrera det ho kallar name-dropping i læringssituasjonen. Det er fenomenet å bruka omgrep som ein har lært seg utan å kjenna tydinga ordentleg.
– Elevane lagar seg strategiar for å finna dei riktige svara på spørsmåla til læraren, som i eksempelet over. Men dei har ikkje dermed lært noko, seier ho.
Ho fekk dette overtydande demonstrert i ein studie kor ho samanlikna to ulike tilnærmingar til undervisning i geologi. Den eine klassen var ein andreklasse på vidaregåande der læraren hadde ei tradisjonell undervisingsform, den andre ein andreklasse på barneskulen der undervisninga var lagt opp som utforskande. No er studien publisert i Science Education.
Elevane kunne med stor presisjon dele inn steinar etter tre ulike kategoriar: magmatiske, metamorfe eller sedimentære. Det greidde dei ved å bruke mønstera på steinen: prikkete, stripete eller lag-på-lag.
Elevane i vidaregåande, derimot, kunne namna på steinanene, men ikkje knytt til eigenskapar. I artikkelen fortel forskarane om ei gruppe vgs-elevar som brukte stripene i ein metamorf stein til å identifisera den som magmatisk, og vidare tolka dei det at han var magmatisk som at han hadde blitt danna ved avsetningar, altså sedimentær.
– Den same steinen vart altså utan vidare identifisert som både magmatisk, metamorf og sedimentær. Den slags heilgarderingar driv vi ikkje med i geologien, smiler Frøyland.
Annonse
Det er altså fenomenet å bruka omgrep som ein har lært seg utan å kjenna tydinga ordentleg, ho og kollegaene kallar for name-dropping.
Ein annan interessant observasjon er forskjellen i bakgrunnen til dei to lærarane i studien. Begge hadde rundt femten års erfaring på sitt alderstrinn, men berre vgs-læraren hadde geofagleg bakgrunn.
– Det kan tyda på at måten ein underviser på, kan vera viktigare enn fagkunnskapen. For lærarar som enno ikkje er heilt trygge på faget dei skal undervisa i, tilbyr Naturfagsenteret ferdige, utforskande undervisningsopplegg som forklarar korleis ein går fram steg for steg. Prikkar, striper og lag på lag er nettopp eit slikt opplegg, seier Frøyland.
– Men det vil jo aldri vera noko ulempe at ein òg har kompetanse i faget, legg ho til.
Ho understrekar at studien deira berre omhandlar to klassar, og at ein derfor skal vera forsiktig med å trekkja allmenn konklusjonar. Likevel viser ho til TIMSS-rapporten som kom før jul, der eitt av funna er at utforskande undervisning gjev betre læring.