Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Aktivitet i barnehageåra er avgjerande for kor flink ein vert motorisk langt seinare, syner undersøkjinga.

I barnehagen er jentene mindre aktive enn gutane

Fysisk aktivitet er avgjerande for helsa, men slett ikkje alle barn aktive nok. Jentene heng ofte etter gutane.

Du har sjølv høyrt det: Skrål og leven ute, i ein vanleg, norsk barnehage. Ungane fer rundt, klatrar og huskar.

Men det er mest truleg gutane du høyrer best. Dei er tilsynelatande mest aktive, noko målingane frå eit kartleggingsprosjekt i Sogn og Fjordane òg syner.

Forskinga syner ikkje berre at gutar er mest fysisk aktive. Alt i alt er barna meir fysisk aktive i barnehagen enn heime.

– Det fortel kor viktig barnehagen er for fysisk aktivitet. Sidan 97 prosent av alle barn i alderen tre til fem år i Noreg faktisk går i barnehage, er dette ein viktig arena for å bygge gode vanar. Og det på tvers av både sosial bakgrunn og foreldras interesse og haldning til fysisk aktivitet, seier Ada K. O. Nilsen.

Intenst nok

Samstundes viser undersøkinga at lågintensiv aktivitet ikkje er nok; ungar må vere temmeleg intenst aktive om dei skal utvikle seg motorisk.

Det kan gjerne gå roleg for seg mens dei lærer seg noko nytt, men når dei er i gang, er moderat til høg intensitet viktig for å bli verkeleg flink.

I tillegg er fysisk aktivitet viktig for barna si helse og utvikling generelt, og nettopp derfor er det så viktig å få med flest mogleg.

Ada Kristine Ofrim Nilsen er doktorgradsstipendiat ved Norges idrettshøgskole. Etter studia har ho vore tilknytt Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal.

Men forskinga syner òg ein annan og litt pussig side rundt fysisk aktivitet og kor flinke ungane blir til ulike ting, altså den motoriske dugleiken deira.

Varig verknad

Dei som er mest aktive i barnehageåra, blir òg flinkast motorisk seinare, som ein vel skulle tru, men ikkje omvendt: Eit høgt motorisk ferdigheitsnivå i barnehagealder førar ikkje nødvendigvis til ein blir meir aktiv på sikt.

– Det er logisk nok at ein må vere i fysisk aktivitet for å utvikle motorikken. Tilsvarande må ein ha eit visst dugleiksnivå for å kunne ta del i og meistre ulike fysiske aktivitetar, seier Nilsen.

– Det verkeleg interessante er at aktivitetsnivået i barnehagealder ser ut til å forutsi motorisk ferdigheitsnivå to år fram i tid. Fysisk aktivitet i tidlege barneår er altså relevant for framtidig motorikk og kroppsleg meistring.

Aktivitetsmålingane vart gjennomført på alt 1308 ungar frå 68 barnehagar. Om lag 300 av desse varte tekne med på vidare på gjentekne målingar, for å sjå utviklinga deira over tid.

Ikkje omvendt

Men omvendt skjer det altså ikkje: Sjølv om ein unge i barnehagealder er svært god motorisk, til dømes til å løpe, hinke eller kaste ball, blir ikkje ho eller han nødvendigvis meir aktiv seinare.

– Ein kunne godt sjå føre seg at dei som meistrar motoriske utfordringar frå tidlig alder, òg vil være meir fysisk aktive i framtida, men slik ser det altså ikkje ut i vår undersøking. Kvifor det blir slik, må undersøkjast nærare, og truleg ser biletet annleis ut for skolebarn og ungdom.

Særleg jentene er det viktig å få med, ifølge studien.

Gutar spring føre

Barnehagen er ein ideell arena for å arbeide med fysisk aktivitet, fordi ungane jo oppheld seg så mykje akkurat her.

Fleirtalet av norske barn er aktive nok medan dei går i barnehage. Men det er skilnad på gutar og jenter.

Gutar er gjennomgåande meir aktive og mindre stillesittande enn jenter – og dei får meir utbytte av aktivitetane i barnehagen:

Funna rundt kjønnsskilnader i fysisk aktivitet i denne studien støttar oppunder tidligare forsking på skolebarn og ungdom. Gutar er «alltid» meir aktive enn jenter, uavhengig av alder, heilt fram til dei blir vaksne.

– Kjønnsskilnadene i fysisk aktivitet er større medan dei er i barnehagen enn resten av døgnet og i helgane. Det peiker på at desse ulikheitene ikkje berre er biologisk betinga, påpeiker Nilsen.

Større aksept for at gutar herjar

Dersom berre biologiske forhold hadde innverknad på skilnaden i aktivitet, ville det vore like stor skilnad mellom jenter og gutar uavhengig av tid og stad. Slik er det ikkje.

Men gutane får større utbytte av barnehagetida med tanke på den høgintensive aktiviteten den gjev. Kvifor veit ein ikkje riktig.

– Det blir litt gjetting, men kanskje er det større aksept for at viltre gutar herjar. Kanskje oppmuntrar dei tilsette gutar meir til slik vilter, høgintensiv og kroppsleg leik, eller at jenter får meir utløp for dette på heimebane, seier Nilsen.

Undersøkinga til Nilsen og medarbeidarane hennar viser òg at gutar og jenter utviklar seg ulikt over tid med tanke på fysisk aktivitet: Gutane auka aktivitetsnivået sitt meir enn jentene dei neste to åra – som er tidsspennet dei har undersøkt.

Fysisk aktivitet er moro.

Alle må få utfordringar

Mange spekulerer i at småbarn er naturleg aktive. Samstundes viser studien til Nilsen og medarbeidarane at er det stor variasjon i kor fysisk aktive ulike barn er: Nokon er svært aktive, medan andre med stor fordel kunne rørt seg meir.

Korleis skal ein så få opp aktiviteten blant dei barna som treng det mest?

Fokuset på fysisk aktivitet, motorikk og kroppslig leik i barnehagen er allereie med i rammeplanen for barnehagane. Mellom anna skal ein leggje til rette for fysisk aktivitet året rundt og sørgje for at barna får utfordringar og allsidig rørsleerfaringar.

– Kanskje ein må bli meir merksam på dei ungane som har lettast for å velje stillesittande aktivitetar og få desse meir med i den fysisk aktive leiken, seier Nilsen.

– Eg trur det er avgjerande viktig at ungane kjenner seg trygge og trivst i gruppa, at ein har engasjerte og aktive rollemodellar i dei vaksne som får ungane med på aktivitetar som stimulerer til meistring.

Aktivitet inn i alt

Med den nye kunnskapen kan Nilsen og kollegaene gje kommunane og barnehagane råd om korleis barnehagar kan bli enda betre på fysisk aktivitet.

Ifølgje Nilsen er mykje utetid viktig, men ingen garanti for mykje aktivitet. Det kjem i stor grad an på kva ein bruker utetida til.

– Ein annan moglegheit er å bruke fysisk aktive læringsmetodar inn i andre fagområde og aktivitetar i barnehagen, som i naturfagleg læring, tal- eller språkforståing. Berre fantasien set grenser.

– Ein bør òg bli enda meir merksam på å inkludere særleg jentene og dei som lettast veljar stillesittande aktivitetar framfor noko meir aktivt.

Det er med andre ord viktig at både det sosiale- og fysiske miljøet i barnehagen leggjast slik til rette slik at alle barn har kan delta i fysiske aktivitetar og også få utfordra seg motorisk.

Bra for teoretisk læring

Uansett meiner Nilsen ungar flest har mykje att fysisk for å gå i barnehage. Barnehagane er og blir viktige arenaer både for fysisk aktivitet der og da og for å leggje eit godt grunnlag for aktivitet og vanar i åra frametter.

I tillegg veit vi at fysisk aktivitet og kroppslig læring heng positivt og gunstig saman med teoretisk læring og kognitive funksjonar.

– Slik sett er barnehagar viktige for ei rettferdig fordeling av moglegheiter for både læring, helse og utvikling heilt frå tidleg alder. Dette vil vere svært viktig i eit folkehelseperspektiv for å jamne ut sosiale skilnader, seier Ada K. O. Nilsen.

UNGANE DABBAR AV

  • Medan fleirtalet av norske barn er aktive nok medan dei går i barnehage, dabbar dette fort av når dei kjem over i skulen og blir tvungne til å sitte stille.
  • Da blir dei òg fort mindre aktive enn det Verdsorganisasjonen for helse (WHO) og Helsedirektoratet tilrår, altså ein time med «moderat til intens» aktivitet kvar dag.

MÅLINGANE

  • Ungane blei utstyrt med kvart sitt «akselerometer» som målte rørsle i form av akselerasjon og dermed ga informasjon om kor ofte, kor lenge og kor intenst ungane rørte seg. Dei hadde instrumentet på seg i 14 dagar.
  • I tillegg målte ein motoriske ferdigheiter. Ungane skulle gjere ni øvingar: Dei fekk springe, kaste og ta imot ball, hoppe og hinke, sparke, stå på ein fot og gå framlengs og baklengs på ein linje. Ungane blei så målt og vurdert på kor utvikla ferdigheitene deira var i dei ulike øvingane.
  • Undersøkinga liknar den kjende UngKan-undersøkinga, men aldersgruppa og øvingane er litt annleis.
Powered by Labrador CMS