Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Viktig å forska på langtidseffektar på barnet av medisinbruk under svangerskapet
Vi veit meir om korleis mors medisinbruk kan påverka barnet som nyfødd enn når det veks til. Forskar har sett på langtidseffekt av smertestillande.
Nokre legemiddel som er trygge å bruka til vanleg, kan skada fosteret dersom mor brukar dei medan ho er gravid.
Men akkurat kva legemiddel dette gjeld, kva skader dei kan gje og kor stor risikoen er, er ikkje det enklaste å finna ut av.
– Vi kan ikkje testa legemiddel på gravide, for tenk om det skulle visa seg at barnet faktisk vart skada, seier forskar Johanne Naper Trønnes ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
– Men i Noreg er vi så heldige at vi har den store MoBa-undersøkinga, i tillegg til gode helseregister. Det gjev oss ikkje svar på alt vi lurer på, men ein del kan vi finna ut av, ikkje minst langsiktige effektar.
Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa) er ei av verdas største helseundersøkingar. 114.500 barn, 95.000 mødrer og 75.000 fedrar deltek.

Konsentrerte seg om dei lovlege legemidla
Det er nemleg forska mest på effektar som kan observerast alt ved fødselen. Har barnet misdanningar? Er det fødd for tidleg? Har det for låg fødselsvekt?
Slike og liknande ting er relativt enkelt å observera.
– Men vi har òg etter kvart noko forsking som har sett på faren for åtferdsforstyrringar, ADHD, autisme og så vidare, effektar som fyrst viser seg når barnet vert eldre, seier Trønnes.
Sjølv har ho sett på langtidseffekten av smertestillande, både reseptfrie som paracetamol og sterke smertestillande av typen opioid. Denne gruppa stoff omfattar til dømes morfin, kodein og heroin. Det siste er sjølvsagt ulovleg, men Trønnes har konsentrert seg om legale opioid.
Det mest kjende opioid-legemidlet er Paralgin Forte.
Undersøkte språk, åtferd og temperament
Trønnes kome fram til at gravide bør vera varsame med langvarig bruk av opioid. Men det er paracetamol som er fyrstevalet som smertestillande.
Lang erfaring med bruk og ein god del forsking har gjort at ein har rekna legemiddelet som trygt å bruka.
– Men fleire studiar i den seinare tid har funne ein samanheng mellom langvarig bruk av paracetamol og ADHD eller andre åtferdsforstyrringar når barnet veks til. Men ein veit ikkje om det kjem av paracetamolbruken eller andre, bakanforliggjande årsaker, seier Trønnes.
Ho har sett på om varigheita av bruken under svangerskapet kan ha langsiktige verknadar som har vore uoppdaga tidlegare. Ho og kollegaene undersøkte korleis språk, åtferd og temperament hadde utvikla seg hjå barn av mødrer som hadde rapportert bruk av paracetamol i svangerskapet.
– Vi fann ingen utslag ved korttidsbruk av paracetamol. Det tyder på at gravide kan halda fram med å bruka paracetamol, så lenge det er i kortare periodar, seier ho.
Legemiddelbruk i svangerskapet i samråd med lege
Trønnes har òg undersøkt noko som ikkje mange andre har sett på: mors legemiddelbruk under svangerskapet, i dette tilfellet bruk av opioidar, og skuleprestasjonane til barnet.
– Vi tok utgangspunkt i nasjonale prøvar i femte klasse då barna er ti–elleve år gamle. Vi fann ingen forskjell mellom barn av mødrer som oppgav korttidsbruk av opioidar i svangerskapet og barn av mødrer som ikkje hadde brukt opioidar, så det ser ikkje ut til å vera nokon grunn til uro her heller.
Trønnes understrekar at all legemiddelbruk under svangerskapet skal vurderast i samråd med lege.
– Mora har jo bruk for legemiddelet fordi ho har ein tilstand som treng behandling. Eventuell risiko knytt til bruk av eit legemiddel må derfor vurderast opp mot ulempe og risiko ved å la tilstanden vera ubehandla.
Referansar:
Johanne Naper Trønnes mfl.: Analysis of Prenatal Exposure to Opioid Analgesics and Scholastic Skills in Children in Fifth Grade in Norway. JAMA Network Open, 2022. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2022.22425
Johanne Naper Trønnes mfl.: Association of Timing and Duration of Prenatal Analgesic Opioid Exposure with Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder in Children. JAMA Network Open, 2021. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2021.24324
Johanne Naper Trønnes mfl.: Prenatal paracetamol exposure and neurodevelopmental outcomes in preschool-aged children. Paediatric and Perinatal Epidemiology, 2019. Doi.org/10.1111/ppe.12568
Johanne Naper Trønnes mfl.: Safety profile of medication used during pregnancy: results of a multinational European study. Pharmacoepidemiology and Drug Safety, 2017. Doi.org/10.1002/pds.4213
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Barn som ikke kan snakke, vil også være med
-
Disse delene av landet får kraftigst solformørkelse på lørdag
-
Verden blir mer og mer soldrevet
-
Han mener vi har mye å lære av små karpefisker
-
– Uten vindkraft er det umulig å elektrifisere olje- og gassektoren
-
Studie koblet diabetesmedisin til fosterskader: – Dette tror vi ikke på i det hele tatt
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER