Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Å ta seg av eit ammande barn samstundes som ein har dundrande migrene er ei utfordring.

Migrenemedisin går lite over i morsmjølk

Nybakte mødrer med migreneplagar kan trygt ta medisin utan å bekymra seg for at han går vidare til barnet.

Publisert

Ammande uroar seg ofte for effekt på barnet når dei tek medisinar. Mange bestemmer seg for å vera føre var og brukar mindre medisinar enn dei burde.

– Men som regel er det berre minimale mengder av legemiddelet som kjem over i morsmjølka. Problemet er at vi ikkje har studiar som dokumenterer godt nok kor mykje eit ammande barn får i seg av det enkelte legemiddelet, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

– Då kan vi heller ikkje gje kunnskapsbaserte råd.

– Morsmjølk er eit komplekst biologisk materiale som krev spesialtilpassa analysar, seier Hedvig Nordeng.

Ikkje slått ut

Ho trekkjer fram antibiotika som eit godt døme på at ammande kan bli overforsiktige i medisinbruken sin.

– Vi har eksempel på at ammande slutta på antibiotikakur mot brystbetennelse for tidleg, fordi dei føler seg betre og fordi dei trur det er det beste for barnet, seier Nordeng.

– Men då er det ikkje sikkert at infeksjonen er slått ut, og han kan koma tilbake verre enn før. Og altfor mange kvinner får råd om å slutta med amming fordi dei treng medisinar fordi studiar manglar.

Nordeng er medforfattar på ein artikkel om ei undersøking av om migrenemedisinar av typen triptan går over i morsmjølk.

Sjølv om studien ikkje omfatta meir enn 19 mødrer, tok den likevel seks år å gjennomføra.

Spesialtilpassa analysar

– Morsmjølk er eit komplekst biologisk materiale som krev spesialtilpassa analysar. Ho inneheld mykje protein, immunstoff, feitt, vitamin og mineral.

For å utføra analysane måtte fyrsteforfattar av studien Siri Amundsen og kollegaane hennar ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg spesialutvikla ein metode for å måla nivåa av triptan i morsmjølka.

– Morsmjølka inneheld så mykje feitt og protein at utan spesialtilarbeiding av prøvane vil vanleg analyseutstyr rett og slett gå tett. Å utvikla spesialtilpassa analysar for å måle legemiddel i human mjølk er tidkrevjande og ei av årsakene til at slike studiar er sjeldne, fortel Nordeng.

Dårleg teke opp i morsmjølk

Men langt om lenge fekk dei resultata sine. Og det var ein gladnyheit for alle som slit med migreneanfall i ammeperioden.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg kor viktig det er for kvinner med migrene å kunne ta medisinar slik at dei slepp å ta seg av barnet sitt under eit dundrande migreneanfall, legg ho til.

– Undersøkingane våre viser at det er noko forskjell på kor mykje av ulike typar triptan som går over i morsmjølka. Når vi justerte mengda i mjølka for vekta på barnet, fann vi at barnet kanskje fekk i seg to prosent og lågare for mange av triptana, seier Nordeng.

– Triptanet som det var mest av, naratriptan, hadde ein overgang til morsmjølk på fem prosent. Dette er framleis moderat. Desse legemidla vert altså dårleg teke opp i morsmjølk, og dei vert brotne raskt ned. Det er heller aldri rapportert nokon biverknader hjå brysternærte barn, forklarar Nordeng.

Komplisert og tidkrevjande

No håpar ho legemiddelprodusentane fylgjer opp med å oppdatera pakningsvedlegga i sine medisinar.

– Dessverre let produsentane ofte vera å utføra morsmjølkstudiar, og når slike studiar fyrst vert gjort, vert preparatomtalane sjeldan oppdatert.

– Det er ikkje så godt å skjøna kvifor. Det burde jo berre vera ein fordel for dei at preparatomtalen er oppdatert, og fleire trygt kan bruka produktet deira, seier Nordeng. Ho legg til at legemiddelmyndigheitar følgjer opp så godt det let seg gjera for å sikra at preparatomtalar vert oppdaterte, seier ho.

– Når det er så komplisert og tidkrevjande å utføra undersøkingane av medisinar i morsmjølka hjå menneske, er det forståeleg at det ofte er dyre- og celleforsøk som vert utført. Passasje av verkestoff over til rottemjølk og over cellemembranar er vanleg. Desse metodane er derfor òg viktige og trengst å gjerast så robuste og brukbare som mogeleg.

Offentleg-privat forskingsprosjekt

Saman med medforfattarar frå sju europeiske land har Nordeng nyleg publisert ein stor gjennomgang av såkalla ikkje-kliniske metodar for å studera overgang av medisinar til morsmjølk. Prosjektet er kalla ConcePTION.

Ikkje-kliniske metodar vil seia at forsøka ikkje vert gjorde direkte på menneske.

Startar rekruttering i mai

– Dette samarbeidet vil bana veg for fleire studiar på medisinar, morsmjølk og amming. Som ein del av prosjektet vil morsmjølkprøver frå ammande mødrer bli samla inn, analysert og lagra i ein biobank for medisinsk forsking. Forskinga vil koma alle kvinner som treng å bruke medisinar til nytte, seier Nordeng.

No skal ho og UiO leia eit nytt ConcePTION-prosjekt, på ei anna gruppe medisinar: antihistamin, altså allergimedisinar.

– I mai startar vi rekruttering av ammande med allergi som er villige til å gje noko av morsmjølka si til forskingsprosjektet vårt. Vi skal undersøkja levocetirizin og cetirizin, verkestoffa i legemidla Xyzal, Cetirizin, Cetimax og Zyrtec. Er det lesarar som kjenner nokon som kan vera aktuelle, kan dei jo tipsa dei om denne artikkelen, seier Hedvig Nordeng.

Om forskningsprosjektet

ConcePTION er eit offentleg-privat forskingsprosjekt, finansiert av det europeiske Innovative Medicines Initiative program.

Formålet er å auka kunnskapen om medisinar brukt under graviditet og amming.

Referanser:

Siri Amundsen mfl.: Transfer of triptans into human breast milk and estimation of infant drug exposure through breastfeeding. Basic & Clinical Pharmacology & Toxicology, 2021. Doi.org/10.1111/bcpt.13579

Nina Nauwelaerts mfl.: A comprehensive review on non-clinical methods to study transfer of medication into breast milk – A contribution from the ConcePTION project. Biomedicine & Pharmacotherapy, 2021. Doi.org/10.1016/j.biopha.2020.111038

Powered by Labrador CMS