Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Lærarar har ei plikt til å inkludere alle elevar, både han som krenker andre, og han som blir krenkt, seier Silje Førland Erdal.

Har norske lærarar fått berøringsangst for rasisme?

PODCAST: Mange lærarar er redde for å trakke feil.

Publisert

– Skulen er ein primærarena for opplevd rasisme hos elevar, og då nyttar det ikkje å feie temaet under teppet, seier Silje Førland Erdal ved Universitetet i Oslo.

Nulltoleranse er ein like dårleg strategi, ifølgje universitetslektoren, sjølv om ho godt veit kva står på spel når temaet vert tatt opp i klasserommet. Så korleis kan norske lærarar kome meir på bana i dette polariserte landskapet?

Det dei treng, er kompetanse om korleis dei kan gå inn i vanskelege samtalar eller situasjonar med elevane, meiner forskarane vi har snakka med i denne episoden av podkastserien Universitetsplassen.

Må kjenne til dei diskriminerande mekanismane

– Vi kan aldri vere hundre prosent budde på alle reaksjonar som kan oppstå i klasserommet, men vi kan lære oss enkelte strategiar, seier Erdal.

Og det gjer lærarane lurt i. Rasisme er nærast som ein kulturarv å rekne. Slike tankar og haldningar bur i oss alle, inkludert tilsette på skulane. Denne såkalla arven kan møtest ved å lære seg å tenke enda breiare på mangfald.

Claudia Lenz, landets einaste professor i førebygging av rasisme og antisemittisme, tilsett ved MF Vitenskapelig høgskole, understrekar at mange krenkingar skjer utan intensjon.

– Lærarane må vere medvitne om korleis dei diskriminerande mekanismane speler seg ut inni dei sjølve og i og utanfor skulen. Skulen er ikkje ei øy, men ein del samfunnet, seier ho.

Men dette er ikkje nødvendigvis ei lett øving.

– Det å bli utfordra i si eiga verkelegheitsforståing, å ta innover seg at munnhell ein til no har oppfatta som uproblematisk og heilt normalt, vert opplevd som problematisk og belastande av andre, kan vekke eit ubehag og utløyse motstand. Det er difor svært viktig at læraren ikkje blir redd for å trakke feil, seier Lenz.

Silje Førland Erdal (t.v.) og Claudia Lenz oppfordrar lærarar til å skaffe seg kompetanse om korleis dei kan gå inn i vanskelege samtalar og situasjonar med elevane.

– Redselen har blitt sterkare dei siste åra

Likevel registrerer dei to lærarutdannarane at mange lærarar og lærarstudentar har fått ein berøringsangst med tema dei siste åra.

– Redselen ser ut til å vere sterkare no enn han var for berre ti år sidan, seier Erdal.

I 2015 kritiserte FN Noreg for å ikkje ville ta i ordet rasisme. Samstundes har rasistisk motiverte drap både her til lands og i andre land, Black Lives Matter-rørsla, 22. juli-markeringane og dei personlege erfaringane folk har med rasisme, som no blir fyldig dekt i media, brakt temaet nærare oss.

Men i staden for å auke toleransen ser det ut til at gapet i haldningar vert djupare. Ifølgje Lenz oppstår vanskane når rasismetemaet vert kopla til sterk moralsk fordømming.

– Når grensene for kva vi oppfattar som rasisme vert utvida, står sjølbildet til den enkelte og deira moralske integritet på spel. Dette bidrar til at sterke kjensle kan kome i sving – både hos elevane og hos læraren, seier Lenz.

– Vi lever med ei antirasistisk norm i dag. Ein skal jo ikkje vere rasist, seier Erdal.

Begge to fryktar at desse faktorane samla kan gjere det vanskeleg for lærarar å handtere samtalen om rasisme i klasserommet på ein god, pedagogisk måte.

Med plikt til å inkludere

– Slike samtalar er krevjande fordi ein aldri kan vere heilt budd på kva for situasjonar som oppstår i klasserommet. Det kjem blant anna an på kven elevane er, kva for bakgrunn dei har og korleis relasjonen mellom elevane, og mellom læraren og elevane er, seier Erdal.

Difor er det viktig at lærarane utviklar ein profesjonskompetanse som kan gjere dei tryggare i slike situasjonar. Til dømes ved å førebu seg på tenkte scenario, tenke: Kva gjer eg dersom nokon seier noko hatefullt i klasserommet?

– Generelt kan vi seie at lærarar har ei plikt til å inkludere alle elevar, både han som krenker andre, og han som blir krenkt, seier Erdal og rådar dei til å førebu seg ved å øve inn nokre strategiar.

Det kan vere å møte elevane som ytrar noko hatefullt med nye spørsmål og å spørje kvifor det er viktig for han som krenker å bruke akkurat dei sårande orda.

– Ein annan strategi kan vere å stoppe, seie at du er usamd i det eleven seier, og at du treng tid til å tenke på korleis vi skal snakke om dette i klasserommet, legge utsegna i kjøleskapet, så å seie. Slik viser du at du tek hendinga på alvor samstundes som du kjøper deg tid, seier Erdal.

Lite kunnskap om rasismekunnskap hos lærarar

Men kva kunnskap har norske lærarar om rasisme og andre former for diskriminering? Det veit vi ifølgje Lenz og Erdal fint lite om. Her trengst meir kunnskap.

– Når det er sagt, har ordet rasisme stått i læreplanen i mange år. Elevane har krav på ei undervisning som både tek opp årsaker til rasisme, sett i eit historisk perspektiv, og tiltak som kan bidra til å førebyggje rasisme og andre former for hat i framtida, seier Erdal.

På 7. trinn skal elevane ifølgje Utdanningsdirektoratet «drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering».

Etter 10. trinn skal elevane kunne «gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast».

Fleire lærarar i barne- og ungdomsskulen har byrja å bruke handboka til Tinashe Williamson i undervisinga si. Det synest Erdal og Lenz er eit godt grep.

Heile skulen skal med

Både Erdal og Lenz arbeider i skulesatsinga DEMBRA, Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme, som arbeider for å hjelpe skular med å takle diskrimerande åtferd.

– Arbeidet tek utgangspunkt i dei spesifikke utfordringane til skulen og støtter dei tilsette i arbeidet med å utvikle heilskaplege arbeidsmåtar mot fordommar og utanforskap, fortel Lenz.

Naturfag og kroppsøving kan til dømes vere viktige arenaer der elevane kan lære å reflektere kritisk rundt kropp og identitet.

– Men ansvaret for å motverke rasisme og anna diskrimering kan ikkje kvile på enkelte fag eller eldsjeler. Både skuleleiarar, lærarar og andre tilsette må dra i same retning og saman reflektere over kva for felles verdiar og kva for pedagogiske og fagdidaktisk perspektiv ein skal jobbe ut i frå, seier Erdal.

Den opplevde rasismen til elevane avgrensar seg altså ikkje til undervisingssituasjonen og klasserommet. Difor arbeider skulesatsinga med heile skulen.

– Det stygge skjellsordet vert ropt i gangen, utestenginga av eleven som dei andre meiner ikkje passar inn, skjer i friminutta eller i SFO-tida. Difor trengst alle dei vaksne til å fange opp og handtere problematiske hendingar, seier Lenz.

Referanse:

Maria Wasvik mfl.: «Vi vil ikke leke med deg fordi du er brun - en undersøkelse av opplevd rasisme blant ungdom. Rapport fra Antirasistisk senter, 2018. ISBN 978-82-90789-71-3

Lytt til mer fra Universitetsplassen podkast

Universitetsplassen er en forskerbasert podkast om samfunnet produsert av Universitetet i Oslo. Her møtes både unge og erfarne forskere for å snakke om det de mener er viktig og aktuelt, sammen med gjester fra norsk samfunnsliv.

Du finner Universitetsplassen i alle podkastapper, inkludert iTunes/Apple podcasts og Spotify.

Powered by Labrador CMS