Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Tala på krefttilfelle blant barn og unge stig år for år på verdsbasis.

Vanskeleg å samanlikna forsking om kvifor barn får kreft

Kreft er den nest vanlegaste dødsårsaka hjå barn. Likevel førekjem han så sjeldan at det er vanskeleg å undersøkja kva som forårsakar sjukdommen.

Ifylgje Statistisk sentralbyrå døydde heile åtte prosent av alle barn i Noreg før dei vart eitt år i 1900. Hundre år seinare, i år 2000, var talet 0,38 prosent.

Risikoen for kreft hjå barn er heldigvis veldig låg. Men likevel er kreft den nest vanlegaste dødsårsaka blant barn og unge under 20 år i høginntektsland. Berre ulukker tek fleire liv.

Men at kreft har fått denne posisjonen, skuldast ikkje berre at vi langt på veg har lukkast i å eliminera dødsårsaker som tidlegare var utbreidde.

– Tala på krefttilfelle blant barn og unge stig år for år på verdsbasis. Det tyder på at det ikkje er berre biologiske årsaker til sjukdommen, men at det òg kan vere utomliggjande årsaker, seier Sarah Hjorth Andersen, forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Og det betyr igjen at dersom vi kan identifisera dei utomliggjande årsakene, kan ein del av tilfella førebyggjast.

– Dersom vi kan identifisera utomliggjande årsaker, kan ein del tilfelle av kreft hjå barn førebyggjast, seier Sarah Hjorth Andersen.

Anbefalingar for framtidige studiar

Som jordmor er Hjorth Andersen oppteken av om medisinbruk kan vera ei slik utomliggjande årsak.

Og då er det ikkje kva medisinar barnet tek ho tenkjer på, men medisinar som mora tek medan barnet enno er ufødd.

– Sjølv om kreft er på andreplass på lista over dødsårsaker, er det likevel – heldigvis – eit sjeldan fenomen. Men det betyr òg at moglegheitene for å forska på årsakene er færre, så studiane som finst på denne samanhengen er som regel små, seier Hjorth Andersen.

– Og dei som finst, er så forskjellige at dei er vanskelege å samanfatta til samstemte retningslinjer.

Ho har gått gjennom 112 studiar av denne samanhengen for å undersøke styrkar og veikskapar. På bakgrunn av det har Hjorth Andersen og kollegaene peika ut tre område der dei kjem med anbefalingar for framtidige studiar av samanhengen mellom medisinbruken til mora og kreft hjå barnet.

1. Riktig klassifisering av krefttype

For forsking på kreft hjå vaksne finst det retningslinjer som gjer at ulike resultat lett kan samanliknast.

Det finst ikkje tilsvarande retningslinjer for forsking på samanheng mellom medisinbruken til mora og utvikling av kreft hjå barnet.

– Studiane eg har sett på, har hatt litt ulike innfallsvinklar. Nokon har undersøkt årsaker til barnekreft generelt, andre har sett spesifikt på mor sin medisinbruk, fortel ho.

– Men i ein femtedel av studiane har sjukdomsutfallet berre blitt kategorisert som kreft. Det vert ein sekkepost som ikkje forklarar særleg mykje.

Ho forklarar at det vi kjenner som kreft, eigentleg er ein diagnose ut frå eit sett med symptom. Sjølv det vi kjenner som ulike krefttypar, som blodkreft, lungekreft og så vidare, kan kvar for seg skuldast ei rekkje ulike bakanforliggjande årsaker.

2. Vurdera tidspunkt i svangerskapet for medisinbruken

– Vidare er det berre 15 prosent av studiane som dokumenterer når i svangerskapet mor har brukt medisin. Men det er godt mogleg at risikoen for skadar hjå fosteret varierer etter kva stadium det er på i utviklinga, så det er òg ein faktor som må undersøkjast, seier ho.

3. Ta omsyn til at medisinbruken skuldast sjukdom

Ei anna mogleg feilkjelde er studiar som samanliknar mødrer som brukar medisinar med friske mødrer.

– Då overser ein at dei som brukar medisinar, gjer det jo fordi dei har ein sjukdom. Ein samanliknar altså mødrer som har ein sjukdom og som brukar medisinar med mødrer utan sjukdom som ikkje brukar medisinar, forklarar Sarah Hjorth Andersen.

– Men då veit ein ikkje om det er medisinen som eigentleg utgjer risikoen, eller om det er sjukdommen, noko som slett ikkje er utenkjeleg ved særleg immunsjukdommar. Dersom det siste skulle vera tilfelle, er det lite å henta ved å be mora stoppa med viktige medisinar.

Referanse:

Sarah Hjorth mfl.: Maternal Medication Use and Childhood Cancer in Offspring – Systematic Review and Considerations for Researchers. American Journal of Epidemiology, 2021. Doi.org/10.1093/aje/kwab154

Powered by Labrador CMS