Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Kulturarvsektoren må involvere og anerkjenne ulike stemmer i samfunnet, kanskje også konfliktfylte stemmer, meiner Kaja Hannedatter Sontum.

Kulturarven vår er meir enn stavkyrkjer og rosemåling

Musea må bort frå gamle kategoriar om kva og kven som er norsk, om dei vil vere relevante for ungdom i dag.

Sosial inkludering og mangfald. Dette er eit mål innan kulturarvfeltet.

Forskar og arkeolog Kaja Hannedatter Sontum har funn som tydar på at ein kanskje bør tenkje nytt om måten dette gjerast på.

Allereie i spørsmålet om kva kulturarv er, er Oslo-ungdommar usamde med offentlege plan- og styringsdokument innan feltet.

– I desse dokumenta og i den offentlege debatten elles, handlar kulturarv ofte om materielle minne frå fortida. Det kan vere utgravingar, faste objekt og lause gjenstandar. Ungdommar eg har snakka med, tenkjer oftare på kulturarv som noko immaterielt, seier forskaren.

Mat og musikk kan vere kulturarv

Ho fullførte nyleg ein doktorgrad i arkeologi ved Universitetet i Oslo.

Der intervjua ho ungdommar som meinte at kulturell praksis, til dømes språk, mat eller musikk, kunne vere like mykje kulturarv som eit hovudplagg på eit museum.

– Kanskje har dette å gjere med at det er lettare å kjenne seg inkludert av slik immateriell kulturarv. Den tradisjonelle forståinga av kulturarv er meir stadbunden, statisk og avgrensande. Ein snakkar om historiske røter, seier Sontum.

– Forvalting av kulturarv og kulturminne gjerast for folkets del, seier Kaja Hannedatter Sontum. Ho meiner det er behov for å tenke nytt.

Kategoriserande tankegang

Sontum har undersøkt kva kulturarv-aktørar gjer for å inkludere og spegle mangfald – og kva dei som faktisk skal inkluderast, tenkjer om saka.

På den eine sida har ho studert offentlege plan- og styringsdokument. På den andre sida har ho gjort intervju og gruppesamtalar med elevar frå til saman fem ulike vidaregåande skular i Oslo, tre frå vestkanten og to frå austkanten.

Ungdommane ho har snakka med, har hatt ulike kulturelle bakgrunnar. Nokon har all familie i Noreg, andre har familiar med ei migrasjonshistorie. Det er særleg dei med migrasjonsbakgrunn som er synlege i Sontum sine diskusjonar.

– Deira historier utpeikar seg ved ei oppleving av å mikse ulike kulturar og praksisar og dermed skape noko nytt, noko som er deira eige. Men denne opplevinga av å ha fleire og hybride kulturelle tilknytingar finn ein ikkje att i dei offentlege dokumenta. Dokumenta speglar derimot ein kategoriserande måte å tenkje på.

Ungdommar fell utanfor

Det står for eksempel slik i stortingsmeldinga Leve med kulturminner frå 2004-2005:

«I tillegg til å ta vare på norsk kulturarv handler kulturminneforvaltning i det flerkulturelle Norge om å dokumentere, formidle og ta vare på kulturarv med tilknytning til samene som urfolk, de fem nasjonale minoritetene – jødene, kvenene, rom, romanifolket og skogfinnene – og de nyere minoritetsgruppene – de siste 35 årenes innvandrere».

I stortingsmeldinga Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken frå 2012-2013 brukast ikkje lenger formuleringa «i tillegg til den norske kulturarven», men inkluderingsmodellen byggjer framleis på dei same prinsippa, meiner Sontum.

På plannivået har det likevel vore ein tendens til å leggje til nye kategoriar innanfor ein eksisterande ide om kva kulturarv er, påpeikar ho.

– Kulturarven til ulike innvandrargrupper presenterast ofte som eit tillegg til, og samtidig fråskilt frå, den stadbunde nasjonale eller lokale historia. Perspektivet om at det går an å ha fleire tilknytingar, eller at ein kan oppleve å falle utanfor eller bevege seg mellom dei eksisterande identitetskategoriane, manglar.

Spesielt den yngre generasjonen ser ut til å vere skeptiske til å bli representerte på denne måten, noko Sontum sjølv har sett i arbeidet sitt.

– Plandokumenta hjelper ikkje

Gjennom uformelle samtalar med museumstilsette og andre innan kulturarvfeltet, har ho fått inntrykk av at det er fleire som no etterspør nye måtar å inkludere og tenkje mangfald på.

– Dei offentlege plandokumenta og lovgjevinga ser ikkje ut til å vere til hjelp, seier Sontum.

Gjennom intervjua har ho fått inntrykk av at mange unge gjer reflekterte val når dei identifiserer seg med ulike kulturelle praksisar.

– Dei etablerer samanhengar mellom seg sjølve og andre på måtar som ikkje samsvarar med representasjonar av ein norsk kjernekultur og einskaplege minoritetskulturar. Men forteljingane deira tydar også på at dei kjenner seg usikre på si eiga tilhøyrsle, spesielt i samanheng med korleis dei definerast av andre rundt dei, seier Sontum og legg til:

– Dei uttrykkjer sin eigen kulturarv som noko dei vel, og noko dei gjer og noko som kan blandast og miksast. I ulike sosiale settingar kan det oppstå noko nytt. Opplevinga av å vere plassert mellom ulike kategoriar ser ut til å medverke til refleksjon rundt definisjonar, for eksempel kva det vi seie å vere etnisk norsk.

– Må snu tankegangen

Sontum påpeikar at forvalting av kulturarv og kulturminne gjerast for folkets del. Då må arbeidet forankrast i erfaringane til dei ein prøver å inkludere, meiner ho.

– Nye strategiar burde ha som mål å stimulere til kritisk refleksjon og dialog om korleis ulikskap stadig produserast i samfunnet. Kulturell ulikskap er ikkje noko som berre er der, det skapast heile tida gjennom ulike sosiale og politiske prosessar.

Ein må rett og slett snu om på heile tankegangen om korleis ein driv med inkludering innan kulturarvsektoren, ifølgje Sontum.

– I staden for å undergrave folks levde erfaringar, må sektoren involvere og anerkjenne ulike stemmer i samfunnet, kanskje også konfliktfylte stemmer. Aktørar innan kulturarvfeltet har ein unik og god posisjon til å vere med på denne samtalen. Dei kan dessutan tilby verktøy og arenaer der idear om identitet og tilhøyrsle kan diskuterast.

Eit godt utgangspunkt

Sontum meiner at innsikt i fortidas migrasjonar, kulturmøte og transformasjonar kan vere eit grunnlag for å diskutere dagsaktuelle spørsmål.

Ho foreslår at ein kan bruke museumsutstillingar, samlingar, kulturminneplassar og historiske gjenstandar som utgangspunkt for å invitere til vanskelege, men viktige samtalar.

Forskaren seier at kjennskap til fortida gjev grunnlag for å vere ein samtalepartnar rundt førestillingar om tilhøyrsle i dagens samfunn. Dei som har makt innan kulturarv-feltet bør ikkje komme med ferdige svar, men heller ta del i samtalen på ein kritisk måte.

– Vi som er arkeologar, eller jobbar innan kulturminneforvaltning og -formidling, kan ikkje nekte for at det vi held på med, er politisk. Vi må heller vedkjenne den maktposisjonen vi er i når det gjeld å definere kva kultur og kulturarv er, og vi må spørje oss kva rolle dette spelar i dagens samfunn. Vi må rett og slett ta del i samtalen, seier ho.

Referanse:

Kaja Hannedatter Sontum: Heritage in motion. Narratives of translocality and strategies of identification among second generation migrant youths in Oslo, Norway. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo, 2021.

Powered by Labrador CMS