Barn blir ofte sinte på kvarandre, og ein del av leiken. Det er der dei løysar konflikter og gjer dei betre rusta til å takle utfordringar seinare i livet, seier forskar. (Foto: Microstock)

Barnehagebarn får ikkje vere sinte

Dei tilsette i barnehagen demper sinne hos barn heller enn å finne ut kva dei prøver å kommunisere. Det kan gjere barna dårlegare til å takle utfordringar seinare i livet.

Den norske barnehagen har mykje glede og humor, men sinne ser ikkje ut til å vere ei akseptert deltakingsform.

Det går fram av ei studie doktorgradsstipendiat Liv Torunn Grindheim har gjort. Da ho leita i rammeplan for barnehagen frå 2011, fann ho at ordet «sinne» ikkje vart nemnt ein einaste gong. «Glede» var derimot nemnt 24 gonger.

– Vi må lausrive oss frå den tradisjonelle tanken om at sinne er noko negativt og ei motsetning til glede og lykke, og heller sjå bodskapen som ligg bak det barn uttrykkjer, meiner Grindheim.

Ho har forska på haldningar til barns sinne i barnehagen gjennom observasjon og samtalar med barn og tilsette i tre norske barnehagar.

Ein måte å seie ifrå på

I Grindheim sitt materiale såg dei små ut til å knytte sinne til noko skummelt, mellom anna på grunn av den måten personalet involverer seg når dei vert sinte.

Barnehageforskar Liv Torunn Grindheim meiner det ikkje er aksept for å uttrykkje seg gjennom sinne i barnehagen. – I nordisk kultur assosierer vi litt for ofte sinne med å tape andlet og mangle sjølvkontroll, seier ho. (Foto: Mauricio Pavez)

– Barna fortel at dei vaksne ofte kjeftar om nokon er sinte i barnehagen, seier ho.

Etter samtalar med barnehagetilsette fann ho at dei i teorien meinte at barn bør uttrykkje alle kjenslene sine, men i praksis såg det i ut til vere dei gode kjenslene som ble sett på som passande.

– Sinne bryt med måtar ein forventar at barn skal delta på i barnehagen, og blir dermed noko ein prøver å unngå, hevdar Grindheim.

Målet er at barnehagen skal vere ein likeverdig fellesskap der fleire deltakingsformer blir respekterte. Barnehageforskaren meiner derfor ein må sjå det som eit positivt teikn at barna seier ifrå når noko ikkje er som det skal.

– Når dei kommuniserer, får vi kunnskap om urettferd og overtramp, og slik vert det mogleg å leggje til rette for ein betre fellesskap i barnehagen.

Å tape andlet

Tankar og ideal om kva som er passande åtferd av barn, er verdiar som sit djupt i kulturen vår.

Grindheim støttar seg til forskinga på feltet som viser eit idyllisk bilete av glade smårollingar i barnehagen.

– I nordisk kultur assosierer vi litt for ofte sinne med å tape andlet og mangle sjølvkontroll. Sinne er ei heilt nødvendig deltakingsform som kan knytast til grunnleggjande verdiar og rettar som demokrati og ytringsfridom, påpeikar ho.

– Barn må få delta på eigne premisser. Dei kan ikkje uttrykkje seg som vaksne ved å argumentere rasjonelt på ein roleg og fornuftig måte. Sinne kan vere det språket og verktøyet dei har tilgjengeleg. Om dei vert hindra i å nytte seg av dette, tek ein frå barna retten til å uttrykkje seg.

Lærar å løyse konfliktar

Grindheim si forsking viser likevel at barn som uttrykkjer sinne når dei meiner seg urettferdig behandla, ofte vert avvist av personale og sett på som aggressive barn som treng å kontrollere sinnet sitt. Blant barn derimot, er sinne meir akseptert.

– Sjølv om sinne er noko som kan true vennskap og gjere ein til syndebukk i vennegjengen, blir barn ofte sinte på kvarandre, understrekar ho.

– Ved å reagere avvisande på barns sinne i barnehagen, påverkar vi evna deira til å løyse konfliktar seinare i livet, meiner forskar. (Foto: iStockphoto)

Leik er ein stad kor barn prøver seg fram og finn løysingar, også når dei er sinte. Slike erfaringar kan ifølge doktorgradsstipendiaten gjere dei betre rusta til å takle utfordringar seinare i livet.

– Ved å reagere avvisande når barn uttrykkjer sinne, lagar ein ikkje berre trongare fellesskap med mindre rettferd og likeverd, men ein påverkar barns måte og evne til å løyse konfliktar seinare i livet, seier ho og legg til:

– Framfor å prøve å modifisere sinnet til barna, burde det utviklast måtar å løyse desse konfliktane på, og høyre på kva barn har å seie, sjølv om det sjølvsagt er utfordrande i ein hektisk barnehagekvardag, avsluttar Grindheim.

Referanse

Grindheim, Liv T.: I am not angry in the kindergarten. Interruptive anger as democratic participation in Norwegian kindergartens i Contemporary Issues of Early Childhood 15, nr 4 (in press).

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS