Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Vedvarande konflikt mellom foreldre kan vere belastande for barn si helse og utvikling.
Vedvarande konflikt mellom foreldre kan vere belastande for barn si helse og utvikling.

Barn kan ta på seg skulda for foreldrekonfliktar. Korleis kan kvardagen bli betre for alle?

Silotenking i hjelpeapparatet er med på å eskalere fastlåste foreldrekonfliktar, ifølgje forskar. 

Profesjonelle i familievern og barnevern må samarbeide på nye måtar for å hjelpe barn og foreldre i slike situasjonar:

Det er første skuledag. Ein av merkedagane i livet. Ein dag veldig mange tenkjer tilbake på med gode kjensler. Nokre barn opplever at slike dagar vert øydelagt av foreldre, som ikkje ser anna enn sitt eige.

«Første skuledag insisterte begge foreldra å følgje jenta si, og dei byrja å krangle før dei kom inn på skuleplassen. Dei reiv barnet mellom seg ute på skuleplassen der barnet var nytt og ukjent og i tillegg framfor alle dei andre som barnet skulle vere saman med i tida framover.»

Sitatet kjem frå ein tilsett i barneverntenesta og er med i Inger Kristin Heggdalsvik ferske doktoravhandling om fastlåste foreldrekonfliktar.

Barna som «ramlar imellom»

Heggdalsvik jobbar til dagleg ved Høgskulen på Vestlandet, men har sjølv jobba i barnevernstenesta og alltid vore opptatt av barn som «ramlar imellom» tenestene i hjelpeapparatet.

– Vedvarande og høg konflikt mellom foreldre kan vere belastande for barn si helse og utvikling. I fleire tilfelle kan det påverke foreldre si evne til å gi barna god nok omsorg, fortel ho.

Gjennom intervju og spørjeundersøkingar har Heggdalsvik utforska korleis profesjonelle ved familievernkontor og kommunale barneverntenester i Norge forstår og vurderer situasjonen til barn som er i risiko for omsorgssvikt på grunn av slike konfliktar.

Inger Kristin Heggdalsvik jobbar til dagleg ved Høgskulen på Vestlandet, men har sjølv jobba i barnevernstenesta og alltid vore opptatt av barn som «ramlar imellom» tenestene i hjelpeapparatet.
Inger Kristin Heggdalsvik har alltid vore opptatt av barn som «ramlar imellom» tenestene i hjelpeapparatet.

Lojalitetskonflikt og dårleg samvit 

Eit av dei overordna funna frå studien viser at dei profesjonelle er bekymra for barn som er involvert i foreldrekonfliktar.

Ein tilsett ved eit familiekontor fortalte om barn som blir slitt mellom to heimar og ender opp med å ta på seg skuld.

«Vi treff ungar som er slitne. Dei er slitne av å pakke, dei er slitne av å ikkje skulle gløyme noko. Det er mange reglar å forhalda seg til, kva informasjon som skal bli gitt til kven. Det er mykje dårleg samvit, masse lojalitetskonflikt, barn som tek mykje ansvar og som forsøker å ta på seg skulda for all konflikt.»

«Dette er dei familiane vi synes det er tøffast eller vanskelegast å jobbe med, for trykket er så enormt høgt, og du blir så prega, og så ser vi barna, men det er så vanskeleg å få fatt i korleis vi kan hjelpe – det er så betent. Det er konflikten som regjerer.»

Nokre gonger er også fleire familiemedlemmar involvert i konflikten. Det eskalerer situasjonen og gjer det heile endå vanskelegare for dei involverte barna.

Ein av dei tilsette formulerte seg slik:

«Det kan jo også vere besteforeldre på kvar sine sider som er involvert som du blir ringt av og så kan det vere heile familietre som er i konflikt med kvarandre og der det er for mange brotne greiner til å kunne få dei saman igjen.»

Tvang og frivilligheit – to tenester i kvar sin ende av skalaen 

Ønsket om å hjelpe barn i slike livssituasjonar er stor både hos familievernkontor og i barnevernstenesta, men som studien viser, strevar begge instansar med å tilby hensiktsmessig hjelp.

Ifølgje Heggdalsvik skuldast dette mellom anna hjelpetenestene sine ulike lovverk og mandat, og moglegheita for å sette i verk tiltak.

Familievernkontora er ei lågterskel-teneste som er meint å hjelpe par og foreldre som er i krise eller ikkje kan løyse konfliktane sine. Hovudoppgåva til barnevernet å sikre at barn og ungdom som lever under forhold som potensielt kan skade helsa deira, får nødvendig hjelp til rett tid.

– Vi har her å gjere med to tenester som ligg i kvar sin ende av skalaen i det norske hjelpeapparatet. I den eine enden har vi familieverntenesta som er basert på frivilligheit og foreldre sitt ynskje om hjelp til endring, medan vi i den andre enden har barnevernstenesta som kan bruke makt og tvang dersom eit barn ikkje får tilstrekkeleg omsorg frå sine foreldre. Og kanskje er det nettopp denne store avstanden som skapar utfordringar i langvarige og fastlåste foreldrekonfliktar, seier ho.

Kven gjer kva og kvifor?

I fokusgruppeintervju kom avstanden til syne då dei tilsette snakka om si eiga rolleforståing, men særleg i sine oppfatningar av «den andre tenesta.»

Mellom anna kom det fram at tilsette i familievernet meinte at barneverntenesta overvurderte familievernet si myndigheit.

Ein informant sa det slik:

«Så eg lurer litt nysgjerrig på kva barnevernet veit om kva mandat vi har inne i samfunnet, av og til verkar det litt som at nokre barneverntenester trur at vi kan sei og bestemme mykje meir om familien enn vi kan, for eksempel få dei til å lage ein avtale som dei følgjer.»

– Det vi ser er at profesjonelle i ulike tenester handlar ut frå ei silotenkning, som dermed utilsikta kan forårsake ei eskalering av foreldra si konflikt. Dette fører i neste omgang til ei svingdørs-effekt der familiar blir gjengangarar i ulike hjelpetenester og tida som går med til dette, er verdifull i involverte barns liv, seier forskaren.

Risikotenking eller ikkje-vitande posisjon 

Kva kan ein så gjere for å bidra til at den mest sårbare parten, nemleg barna, får eit betre liv? Ein veit at denne type konflikt ikkje berre pregar barndom, men og vaksenliv og i enkelte familiar relasjonar i fleire generasjonar.

Ifølgje forskaren sjølv ligg svaret i nytenking og samhandling.

– I samtalane med dei tilsette i begge tenestene kom det fram at dei har lite kjennskap til kvarandre.

I tillegg til manglande innsikt i rolleforståing og mandat går dei to hjelpetenestene inn i konfliktane med to ulike perspektiv, forklarer Heggdalsvik.

I intervjua kom det fram at tilsette i barneverntenesta meinte at familievernet var utydelege i møte med foreldre som er i fastlåste konfliktar. Dei opplevde rett og slett at dei i stor grad lytta og utforska, noko som førte til ei nøytral haldning til konflikten.

– I mekling er det lagt vekt på at den profesjonelle skal inneha en nøytral posisjon, og i familieterapi er det vanleg å bruke det ein kallar ein ikkje-vitande posisjon, altså ein posisjon der terapeuten møter klienten utan å ta standpunkt til saka. Eit spørsmål er i kor stor grad ein slik ikkje-vitande posisjon er til hjelp for barn i fastlåste konfliktar, seier ho.

Ei slik forståing ligg ifølgje forskaren langt frå risikotenkinga i barnevernet. Her blir konfliktar tolka i eit bekymringsperspektiv. Det er lagt stor vekt på plikten ein har til å gripe inn.

– For dei involverte barna kan også barnevernet sine inngripande verktøy få store negative konsekvensar. Og nokre gonger gjer det vondt verre, seier ho.

Må tenke nytt og på tvers

Heggdalsvik har stort engasjement for forskingsfeltet og understrekar at det er systemet ho vil endre.

– Eg byrja studien min med å undersøke korleis dei profesjonelle forstår og vurderer denne type konflikt då dei fordrar ein stor grad av skjønnsutøving. Eg meiner at dei profesjonelle i stor grad gjer sitt beste ut frå rammene som ligg der. Desse samansette og krevjande problema har derimot over tid vist at vi treng å tenkje nytt og på tvers, påpeikar Heggdalsvik.

For forskaren er doktoravhandlinga berre starten på eit stort arbeid for å skape forbetring. 

Den positive responsen ho har fått mellom anna frå familievernkontor, barneverntenester og Landsforeningen for barnevernsbarn, viser at ho er på sporet av eit vanskeleg, men viktig tema.

– Min plan er no å følgje opp funna i avhandlinga med eit aksjonsforskingsprosjekt der barn, ungdom, foreldre og profesjonelle frå ulike hjelpetenester kjem saman for å finne nye, meir kreative måtar. Ein klar intensjon er å gjere kvardagen betre for alle involverte partar, seier ho.

Referansar:

Inger Kristin Heggdalsvik: Professional Understanding and Assessment When Children Are Living with Parental High Conflict. Doktorgradsavhandling ved Høgskulen på Vestlandet, 2023. 

Vibeke Samsonsen, Inger Kristin Heggdalsvik og Anette Christine Iversen: Samarbeidsutfordringer mellom familievern og barneverntjenester i saker med høy grad av foreldrekonflikt – en kvalitativ studie. Fontene forskning, 2022.

Powered by Labrador CMS