Lakris som konserveringsmiddel

Lakrisekstrakt reagerer aktivt mot fleire mikroorganismar som er årsak til at maten blir forderva. Forskarar meiner lakris kan vere eit effektivt og naturleg alternativ til kjemiske konserveringsmiddel.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kjemiske analyser viser eit breitt spekter av bioaktive samansetjingar i lakris. Japanske forskarar har sett spesielt på eit ekstrakt frå lakrisplanten kjent som licochalcone A. Ekstraktet blei testa på 17 forskjellige organismar som fordervar mat.

Forskarane fann ut at ekstraktet var effektivt mot grampositive bakteriar, altså bakteriar som er følsame overfor antibiotika, spesielt var lakrisekstrakten effektiv mot dei sporedannande bakteriane i bacillusarten.

Ny trend i matforedlinga

- Ein ny trend i matforedlingsindustrien er å unngå bruken av kjemiske konserveringsmiddel, og difor er naturlige alternativ nødvendige, seier forskarane.

Lakrisekstraktet licochalcone A er motstandsdyktig mot salt, varme og proteasar (enzym som spaltar protein). Forskarane meiner difor at ekstraktet er lovande som viktigaste bestanddel i utviklinga av middel mot sporedannande bakteriar.

Ikkje effektivt mot alle bakteriar

Forskarane fann ut at ekstraktet ikkje var effektivt mot sopp og gramnegative bakteriar (bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika).

Forskararne ved Higashimaru Shoyu Company i Japan rapporterte sine funn i artikkelen Antibacterial activity of licochalcone A against spore-forming bacteria i maiutgåva av journalen Antimicrobial Agents and Chemotherapy.

Powered by Labrador CMS