Gardsfolket visste å stryke fjøsnissen med håra. Han passa på fjøset og sytte for at dyra skulle få mat.Dette bildet av fjøsnissen har kunstnar Julius Holck malt i 1895. (Foto: Lånt av Nasjonalbiblioteket)

Bakgrunn: Difor må du sette ut graut til fjøsnissen

For gardsfolket var det viktig å halde seg inne med fjøsnissen. Han passa på fjøset og sytte for at dyra skulle få mat.

Han er liten, gråkledd og på toppen av hovudet sit ei lang raud lue.

– Me kan følge fjøsnissen tilbake til 1700-talet, men han kan vera eldre. Det manglar informasjon om han frå 1600- og 1500-talet, seier Herleik Baklid.

Baklid er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Søraust-Noreg og har forska på norske høgtidstradisjonar frå 1100–1900 talet.  Fram mot jul skal han gje deg ei eit innblikk i norske juleskikkar. Fyrst ut er fjøsnissen.

Passa fjøset

Herleik Baklid har forska på norske høgtidstradisjonar. (Arkivfoto: HiT)

Gardsfolket visste å stryke fjøsnissen, også kalla haugtussen, med håra. Han passa på fjøset og sytte for at dyra skulle få mat.

– Han må ikkje samanliknast med den kommersielle nissen. Fjøsnissen har sitt utspring i gardvorden eller rudkallen, det vil seie han som rydda garden. Det heile heng saman med eldgamal forfedre-tru, seier Baklid.

Det var om å gjere å stelle godt med fjøsnissen. Han blei akta med å få ei grautskål på låven julekvelden.

Stal høy

Fjøsnissen var med i dagleglivet året rundt. Om det byrja å bli lite fôr til dyra, kunne haugtussen reise over til nabogarden og stele høy.

– Ein gong var to av dei ute i same ærend og barka saman i slåstkamp. Morgonen etter var det ikkje så mykje som eit høystrå att på staden dei slåst, fortel Baklid.

Eit anna segn går ut på at det ikkje løner seg å stele grauten til fjøsnissen julekvelden. Dette fekk ein tenestegut i Ogndal i Trøndelag erfare.

– Tenesteguten åt opp grauten til nissen da han skulle setje den ut på låven, fortel Baklid. 

Da blei fjøsnissen så sinna at han greip tak i tenesteguten og sette han samankrølla i eit hol i veggen. 

– Der blei han sitjande til fyrstedag jul. Da han blei funne, var han heilt utsliten eller klar som dei sa.

Ein annan som åt opp grauten blei svært uroa ved leggetid og måtte påkalle Jesus for å få fred.

Me ser trekk om at det overnaturlege hemner seg om normene for åtferd blir brote.

Regulerte dagleglivet

Baklid legg til at det sikkert ikkje var alle som trudde på slike fenomen, men blei ein skikk brote hos truande kom det som regel sanksjonar.

– Overnaturlege vesen regulerte arbeidsliv, forhold til andre menneske og korleis ein nytta naturen. Om du var snill, så hjelpte vesenet tilbake, seier fyrsteamanuensisen.

Historiene om fjøsnissen dukkar opp i både Olav Bøs bok Vår norske jul og Tov Flatins bøker Gamalt fraa Numedal. 

Powered by Labrador CMS