Ifølge kristenretten i Gulatingsloven som speglar rettsforholda på 1100-talet, var det påbode for kvar husstand å drikke jula inn. (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)
Ifølge kristenretten i Gulatingsloven som speglar rettsforholda på 1100-talet, var det påbode for kvar husstand å drikke jula inn. (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Bakgrunn: Nordmenn drakk juleøl og skåla for Odin

Juleølet kan ein spore heilt tilbake til den heidenske julefeiringa. Da var drikkinga seremoniell. Mest sannsynleg blei det skåla for Tor, Odin, Njord og Frøy.

Publisert

Juleølet var veldig viktig i den heidenske julefeiringa. Den sikraste kjelda for julefeiring i den førkristne tida er den norske skalden Torbjørn Hornkloves hyllingsdiktet «Haraldskvedet» frå om lag år 900.

– «Úti vill jól drekka» står det å lese i sjette vers, seier forskar Herleik Baklid.

Han er fyrsteamanuensis ved institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved Høgskulen i Søraust-Noreg. Han veit mykje om norske juleskikkar og i dag ser han på historia til juleølet.

Seremoniell drikking

Ein går ut frå at dei drakk skåler til Tor, Odin, Njord og Frøys ære.

– Dette var seremoniell drikking, legg Baklid til.

Ifølge kristenretten i Gulatingsloven som speglar rettsforholda på 1100-talet, var det påbode for kvar husstand å drikke jula inn, men nå drakk ein til Kristus og Marias ære.

– Den katolske kyrkja var strategiske og lot folk få halde på dei gamle skikkane, men med nytt innhald. Difor fekk den kristne julefeiringa så raskt innpass, seier historikaren.

Han fortel at ølet var viktig i rituell samanheng, men også som rusdrikk. Nokon gonger i farefullt store mengder.

– På 1600-talet kan me sjå at drikkinga kunne føre til drap, seier Baklid.

Reglane sa at ein ikkje skulle drikke seg full på høgtidsdagane, men etter andre juledag var det fritt fram, og feiringa kunne vare heilt til 13. eller 20. dag jul. Da sopa folk jula ut.

Samfunnsdrikken

– Juleølet har vore drikka for alle samfunnslag. Ein samfunnsdrikk, seier Baklid.

Juleølet skulle bryggast av malt. Aller helst av bygg. Kornet lot dei ligge i bløt, så tørke og spire. Det var vanleg å bruke det beste kornet ein hadde til dette.

– Å lage malt var mannsarbeid medan kvinnene ofte tok seg av brygginga, forklarer Baklid.

Det var vanleg å tilsetje ølet humle for smak og briskelåg, som er avkok av einebær, for farge og styrke.

– Det var viktig å ikkje brygge på solsnu, seier Baklid. Det er den dagen sola snur, enten vintersolkverv eller vintersolkverv.

– Da ville ikkje ølet renne eller det blei surt. Viss ein høyrde det knitre og boble i bryggeprosessen var det stor stas. Dette var eit teikn på at det ville bli slagsmål under drikkinga, og dette såg folk på som god underhalding, seier Baklid.

Skokdrikkelag

– 21. desember ble i tradisjonen kalla Tomas bryggjar. Da skulle ølet smakast på. Kvalitetsprøva blei kalla skokdrikkelag. Det var om å gjere å ha sterkt øl. Da kunne det bli sagt: «Det var nok langt til vatnet da dette ølet blei brygga» eller «det spenner dette». Ølet skulle vera så sterkt at når den tredje smakte, så skulle den fyrste vera i gang med å kvede alt, seier historikaren.

Øl var noko alle skulle ha til jul og du finn den førkristne skikken med juleøl att i dag.

Referanse:

Olav Bø: Vår norske jul. Samlaget. 1984

Ørnulf Hodne: Jul i Norge. Cappelen Damm. 2007

Brynjulf Alver: Dag og merke. Universitetsforlaget. 1981