Forskinga ligg eit byks bak ambisjonane Norge har for mellom anna ressursutnytting i polare strok, meiner internasjonalt polarpanel. (Foto: Ondrej Prosicky, Shutterstock, NTB scanpix)
Norsk polarforsking ligg etter industrien
Polarforsking i Norge er for oppdelt, og ligg eit skritt etter både kommersielle interesser og landets geopolitiske ambisjonar, meiner internasjonalt ekspertpanel.
I samarbeid med På Høyden
Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.
Her er tilråingane frå gruppa
1) Norge bør betre kvaliteten og gjennomslagskrafta til polarforskinga ved å:
a) Utvikle og setje i verk ein plan for å rekruttere og halde på ein varier neste generasjon av polarforskarar.
b) Halde fram med og styrke kombinasjonen av miljøovervaking og grunnforsking, samt fokuset på sikker polarverksemd.
c) Utvikle koordingeringsmekanismer slik at Norge kan fokusere på prioriterte område der ein kan drive framifrå forsking.
d) Etablere og promotere ein nasjonal politikk og kultur for open tilgang.
2) Norge bør:
a) Opne for konkurranse om ein langt større del av polarforskingsmidla.
b) Etablere mekanismar, insentiv og praksisar som utviklar og oppmodar til samarbeid og mulegheiter blant nasjonale forskarar.
3) Norge bør etablere ein open og tilgjengeleg funksjon for nasjonal koordingering av polarforskingsinfrastruktur, som inkluderer skip, feltstasjonar og viktige instrument.
4) Norge bør:
a) Omgåande sette i verk ein fokusert plan for polarforsking og –utdanning på Svalbard, med særleg omtanke for Unis og Ny-Ålesund.
b) Bidra med klar informasjon om kriterier og prosedyrar for norske og internasjonale forskarar.
c) Sikre at all aktivitet betrar miljøet på Svalbard.
5) Norge bør etablere eit klart fokusert utgangspunkt for effektiv forsking i Antarktis.
Sjå meir.
Eit internasjonalt panel har vurdert norsk polarforsking, og kjem med klare råd for kva som bør endrast.
Vurdert ut frå vitskapleg publisering er Norge den femte største polarnasjonen, etter USA, Storbritannia, Canada og Tyskland. Når det gjeld arktisk forsking er Norge på tredjeplass, etter USAog Canada.
Tromsø og Bergen på topp
Både talet og kvaliteten på artiklane dei norske forskarane publiserer er god, og landet ligg slik sett ikkje etter dei andre landa som forskar mykje på polare strok.
Klima, miljø og ingeniørvitskap i polare område blir framheva som fagfelt norske forskarar er særleg gode på.
Dei ti forskarane som har evaluert norsk polarforsking har brukt analyser av vitskaplege artiklar gjennom ei bibliometrisk analyse, spørjeskjema og intervju for å få eit mest muleg korrekt bilete av tilstanden i norsk polarforsking, og resultatet blei presentert i Oslo fredag.
Når det gjeld publisering kjem UiT på topp med 568 artiklar, framom UiB med 465 artiklar.
Lite open konkurranse
Men dei har og funne svake punkt når dei har innhenta informasjon frå heile 38 institusjonar som jobbar med polarforsking. Ti av desse er særleg store, med Havforskingsinstituttet og Norsk polarinstitutt som dei fremste.
Manglande prosessar som syter for koordinering og samarbeid hindrar å fokusere forskinga, og institusjonane får ikkje nådd den kritiske massen dei treng.
Gruppa meiner at den norske finansieringsordninga fungerer dårleg for polarforskinga. Ein rapport frå 2014 viser at av 1800 millionar kroner som blei brukt på polarforsking, så var berre 340 millionar kroner ute som løyvingar i open konkurranse. Dei resterande midla blir delvis brukt av Havforskingsinstituttet og Norsk polarinstitutt. Rapporten peiker på at nettopp desse to institusjonane er sentrale og må sjåast på dersom ein skal gjere polarforskinga betre.
Få fast tilsette
Mange institusjonar har rapportert at tilslagsprosenten på under ti prosent hos Forskingsrådet er så låg at det ikkje er bryet verd å søke.
450 av dei 1055 deltakarane i spørjeundersøkinga var mellombels tilsette, og bekymringa over kortsiktig forskingsprogram og dårlege karrieremulegheiter er stor.
Rapporten peiker òg på at polarforskarane finn infrastruktur som forskingsskip er dyr, og vanskeleg å få tilgang og finansiering til.
Vitskapleg kvalitet
Lars Henrik Smedsrud, professor i polaroseanografi ved Bjerknessenteret ved UiB, synes rapporten er grundig.
– Vi ønskjer oss òg ein nasjonalt koordinert infrastruktur det vitskapleg kvalitet tel når ressursane skal fordelast, seier Smedsrud til På Høyden.
Etter framlegginga var det òg diskusjon i fagmiljøet.
– Vi diskuterer om det er muleg å opne for meir konkurranse, seier han.
Forsking for å rådgi
Direktør for Havforskningsinstituttet, Sissel Rogne, framhevar konklusjonen om at Norge er ei stormakt på polarforsking.
– Vi er berre 5,2 millionar menneske, og gjer veldig mykje bra forsking.
Rapporten foreslår betre organisering av forskinga, men Rogne er ikkje overtydd om at organiseringa er så dårleg.
– Kanskje er det takka vere organiseringa vår at vi har den forskinga vi har. Forskingsrådet har ein tendens til å gløyme at Havforskingsinstituttet har eit heilt anna mål enn universitet og instituttsektoren. Vi observerer havet, samlar data og gir råd til samfunnet, seier ho.
Eple og pærer
Rundt halvparten av budsjettet til Havforskingsinstituttet går til å samle data over fiskeressursar og andre ressursar i havet.
– Det er ikkje meiningsfylt å ha konkurranseutsetting av datainnsamlinga. Du kan ikkje ha konkurranse om å gi råd om torskekvotar. Å snakke om meir konkurranse blir litt som å samanlikne eple og pærer, meiner Rogne.
Ho trur òg at koordineringa i sektoren ikkje er så dårleg.
– Norge er eit lite land, og fagfolka veit veldig godt kven som jobbar med kva. Eg synest eigentleg at det er eit litt billeg poeng at det heile tida må koordinerast betre, seier ho.
Sterke interesser
Den ferske direktøren ved Norsk polarinstitutt, Ole Arve Misund, er òg nøgd med at norsk polarforsking for eit godt skussmål. Og sjølv om rapporten går inn for meir konkurranseutsetting, så ser han ikkje det som eit trugsmål mot Polarinstituttet eller andre.
– Eg les ikkje rapporten slik at ein må trappe ned noko anna for auke den konkurranseutsette delen. Forvaltingsinstitusjonar som Polarinstituttet har særlege forvaltingsoppgåver, og har vakse fram under skiftande regimer. Desse direkte løyvingane viser berre at departementa har veldig sterke interesser når det gjelder polarforsking. Men rapporten peikar på at vi treng meir koordinering, seier Misund til På Høyden.
Det trur han er muleg å få til, som til dømes gjennom det store forskingsprogrammet Arven etter Nansen.
Denne saken ble først publisert hos På Høyden.