Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Geir Ottersen er ein av hovudforfattarane bak kapittelet om nordområda i den nye klimarapporten om hav og is. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet)
Geir Ottersen er ein av hovudforfattarane bak kapittelet om nordområda i den nye klimarapporten om hav og is. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Ropar varsku om varmare hav

Nyleg lanserte klimapanelet til FN (IPCC) sin spesialrapport om hav og is. Forskar Geir Ottersen, ein av hovudforfattarane bak rapporten, er bekymra for utviklinga i Nordområda.

Publisert

Spesialrapporten gir ein oppdatert kunnskapsstatus for emne som havnivåstiging, issmelting, økosystemendringar og havforsuring. Den klare konklusjonen er at endringane allereie er i gang og går raskare enn ein har trudd tidlegare.

Det gjeld også for nordområda – emnet for kapittelet der Geir Ottersen frå Havforskningsinstituttet har vore ein av hovudforfattarane. Han meiner det som skjer i nordområda er viktig for utviklinga på heile kloten.

– Oppvarminga i atmosfæren i nordområda er omtrent det dobbelte av det ein ser globalt, mellom anna fordi når isen smeltar, får du ei mørk overflate heller enn ei lys overflate, slik at mindre av varmen frå sola blir reflektert tilbake til atmosfæren. Dermed får du varmare luft over Polhavet og det nordlege Barentshavet. Det igjen påverkar oppvarminga av heile kloten, på grunn av luftsirkulasjonen, forklarer Ottersen.

Større isfrie område

Desse komplekse samanhengane i klimasystemet er blant årsakene til at FN bestilte ein eigen spesialrapport om klimaendringar i havet og kryosfæren, som er område dekte av is og snø. Rapporten går inn i arbeidet med den neste hovudrapporten frå klimapanelet, som er venta i 2022.

Klimapanelet starta arbeidet sitt allereie i 1988, om lag på same tida som Geir Ottersen byrja som forskar innan fiskerioseanografi ved Havforskingsinstituttet. Den gongen var det lite snakk om klimaendringar blant forskarkollegaene, men eit stykke utpå 2000-talet merka dei at noko utanom det vanlege var i ferd med å skje med fiskebestandane i nord.

– På dei store overvakingstokta våre har me dei siste åra sett torsk og hyse lenger nord og aust enn før. Det er rett og slett fordi det er blitt større isfrie område. Det fører til konfliktar med dei «fastbuande» artane, som må konkurrera om føda med den større og sterkare torsken, seier Ottersen.

Han fortel også at det er artar som har tilpassa seg miljøet ved iskanten gjennom tusenar av år, som no slit fordi iskanten plutseleg er heilt andre stader enn tidlegare.

Gunstig for torskefisket

Men det som er negativt for artsmangfaldet i nord, har så langt vore ei gunstig utvikling for det kommersielle fisket i Noreg. Særleg gjeld det i det mest produktive av hava våre, Barentshavet. Der har det knapt vore så mykje torsk som dei siste fem åra, seier Ottersen – men legg til:

– Det tyder ikkje at viss temperaturen aukar med to grader til, så blir det supermykje torsk. Det finst ei grense. Den grensa ser det ut som me har nådd alt i Nordsjøen; der har det begynt å bli i varmaste laget for torsken.

Også kysttorsken ved Sørlandet og i Oslofjorden slit fordi det er blitt for varmt for føda som torskeyngelen lever av. Klimaendringane kjem her på toppen av andre faktorar som påverkar fiskebestanden, som turistfisket og mengda skarv og sel.

Makrell til bryderi

Ein annan viktig art som blir påverka av klimaendringane i havet, er makrellen. Tradisjonelt har ikkje den hatt så mykje med nordområda å gjera, men i dei siste åra har den utvida området sitt nordover – først til Island, så til Aust-Grønland og no like til Svalbard.

– Det gjekk fort, og det har også fått konsekvensar for fiskeriforvaltinga, fortel Ottersen:

– Før makrellen kom til Island, var det ingen som hadde tenkt på å setja kvotar for han der, så då han kom, var det fritt fiske for islendingane. Dei nytta sjølvsagt høvet, og då kom dei i konflikt med dei som hadde fiskerettar frå før. Denne konflikten er endå ikkje løyst.

Ottersen meiner at slike situasjonar, der klimaendringane også får forvaltningsmessige og diplomatiske konsekvensar, kan oppstå igjen. Til dømes i Barentshavet, der torsken rører seg fritt over den norsk-russiske grensa.

– Viss torsken brukar meir av tida si på russisk enn norsk side enn før, kan russiske fiskarar kanskje argumentera med at dette er russisk torsk. Då kan det bli rom for diskusjonar om fiskeriavtalen me har med Russland i dag, trur han.

FNs klimapanels spesialrapport om hav og is

  • Handler om havet og kryosfæren (frosne deler av jordas overflate - permafrost, snødekke, isbreer, havis, m.m.)
  • Viser hvordan klimaendringene påvirker hav, kyst, polare områder og fjellområder og økosystemene
  • Tar også for seg konsekvenser for tjenester og naturressurser menneskene bruker
  • Beskriver løsninger for å begrense risiko og konsekvenser, klimatilpasninger og en mer bærekraftig framtid
  • Utarbeidet av mer enn 100 forfattere fra mer enn 30 land

Finn hele rapporten her

Isen smeltar, havet stig

Det temaet i spesialrapporten som kanskje rører flest menneske, og som det er knytt størst spenning til, er stigninga i havnivået. Dei nye framskrivingane, som både er sikrare og meir dramatiske enn tidlegare, viser at me kan vera på veg mot ei havnivåstiging på i gjennomsnitt 80 centimeter fram mot år 2100. På toppen av dette kjem større naturlege variasjonar som følgje av meir ekstremt vêr.

Dette kan på sikt skapa store problem, ikkje berre for små øygrupper i havet, men også for folketette land som Bangladesh og store kystbyar som Tokyo og New York – eller Bergen og Stavanger.

– Det er hovudsakleg to ting som gjer at havnivået stig: Det eine er at varmare vatn tar meir plass, og det andre er at is og snø på land smeltar. På Grønland og Antarktis smeltar isen no raskare enn det ein trudde berre for få år sidan, forklarer Ottersen.

Han understrekar at anslaget på 80 centimeter, med ein slingringsmonn på pluss/minus 20 centimeter, er det verste av scenarioa forskarane har sett på – men dessverre det som no ser mest realistisk ut.

Viss me klarer å avgrensa oppvarminga til 2 grader over det førindustrielle nivået, vil me likevel sjå ein havnivåauke på rundt 50 centimeter, ifølgje berekningane i rapporten.

Stor forskjell på beste og verste fall

Forskarane har sett på to typar scenario: Business as usual, altså kva som skjer viss utsleppa held fram som i dag og best case, kva som skjer viss me faktisk klarer å bremsa utsleppa i tråd med klimamåla.

– Oppvarminga vil halda fram ei god stund uansett, på grunn av utsleppa me allereie har forårsaka. Men me ser at det er betydeleg forskjell mellom dei beste og verste scenarioa. Viss me held fram med store utslepp av klimagassar, vil utviklinga gå raskare og bli kraftigare, seier Ottersen.

Å redusera klimautsleppa er difor den viktigaste tilrådinga i rapporten. Men ein kjem heller ikkje utanom at ein må bu seg på og tilpassa seg endringar som uansett kjem.

Ottersen trekkjer fram at fleire kommunar, både i Noreg og andre land, har begynt å leggja forventa havnivåstigning inn i sine planar og meiner det er smart å vera føre var.

Se Geir Ottersen fortelle om konsekvensene av issmeltingen.

Havforskningsinstituttets bidrag til spesialrapporten

HI-forsker Geir Ottersen er en av hovedforfatterne i rapporten. Han har bidratt til kapitlet på polare områder. Kapitlet dekker historiske og framtidige effekter av klimaendringer på fysiske forhold, økosystemer og samfunn – både i Arktis og Antarktis. Ottersen har hatt ansvar for delene på marine økosystemer, der det er lagt stor vekt på det nordlige Barentshavet og Polhavet.