Inkaer i tusenvis opp av grava

Fleire tusen inkamumiar er oppdaga under gatene i den vesle landsbyen Tupac Amaru, i utkanten av Lima i Peru. Kroppane er 500 år gamle, og forskarar meiner funnet kan gi nok informasjon til å skrive om historia til inkaene.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Utgravingane av den store inkagravplassen kan innehalde opp til 10 000 døde. Til no er om lag 2 000 gravd ut, og meir enn 50 000 gjenstandar er funne saman med dei. På bakken to meter over dei har etterkomarane trakka fram og attende i eit halvt tusenår.

Elitemumiar

- Dette er eitt av dei viktigaste funna nokon sinne i inkaarkeologien. Det er så mykje her at vi kjem til å vere opptekne i årevis. Med dette skal vi skrive om inkahistoria, seier Guillermo Cock til National Geographic. Han er peruansk arkeolog og prosjektleiar på utgravingsstaden. Funna kan gi informasjon om kva som hende med inkariket.

Gravlagde saman

I nokre mumiar er fleire gravlagde saman, i grupper på opptil sju personar surra saman inne i byltar på opp til 180 kilo. I nokre ligg foreldre og born, kanskje heile familiar, pakka inn i eit underlag med bomull og fleire lag vakre tekstilar rundt, saman med gjenstandar og mat.

Om lag 40 av mumiane har falske hovud laga av tekstilar på toppen, som arkeologane kjenner som falsas cavbezas. Dei er påsett parykkar, og er kjende for vere festa på mumiane til inkaeliten, kanskje for å gi mumiane ei meir menneskeleg form. Til no meiner ein berre eitt anna tilfelle av falsa cabeza frå inkaperioden er dokumentert.

Godt bevarte

Mumiane er svært godt bevarte på grunn av den knusktørre jorda, med både hud og auger intakt. Arkeologane meiner eit stort inkapalass kan ha vore plassert nær gravplassen fordi fleire frå inkaeliten er gravlagt her saman med vanlege folk. Dei meiner å ha funne mumiar frå ti forskjellige sosiale lag. Forskarar meiner området var ein stor gravplass for inkaene mellom 1480 og 1535.

Arkeologane har visst om gravplassen i fleire år, men har vore ute av stand til å hindre stadige nyinnflyttingar i området. Desse utgravingane byrja i 1999, og utgravingsområdet er kjent som Puruchuco-Huaquerones.

Geriljaaktivitet i fjella på 1980-talet førte til at fleire tusen flykta til Lima. Hundrevis av familiar laga seg mellombelse heimar over gravplassen og kalla den nyetablerte landsbyen Tupac Amaru, etter den siste herskaren i inkariket som blei avretta av spanske erobrarar i 1572. Spanjolane la ned forbod mot mumifisering fordi dei såg det som eit heidensk ritual.

Finansierte sjølv

Etter kvart ville innflyttarane ha eigedomsrett over jorda dei budde på, og skaffa sjølv ein stor sum pengar slik at utgravingane kunne bli gjort av profesjonelle, for at det skulle bli mogeleg å stenge området av for godt som felt for arkeologiske utgravingar. Men ingen var klar over storleiken på inkagrava.

Arkeologane vart overvelda, og søkte National Geographic Society’s Comittee for Research and Exploration om pengar til eit naudprosjekt. Etter at forskarane er ferdige med å studere mumiane og gjenstandane frå funnet, skal dette bli returnert til Puruchuco-området for å bli stilt ut i eit museum.

Powered by Labrador CMS