Kva betydde klesdrakta for San-folk som levde som jegerar og sankarar i Sør-Afrika? (Illustrasjon: Gravering fra cirka 1880 / Getty Images RF)

Arkeolog knuser myten om nakne buskmenn

San-folket var slett ikkje nakne, men brukte klede, smykke, tatoveringar og lukt for å skape og oppretthalde sosiale relasjonar.

Klede skapar folk, heiter det.

Då er det eit paradoks at forskarane ikkje har vore meir interesserte i klesdrakta til San-folket, som elles er blant dei mest studerte folkeslaga i verda.

Vibeke Maria Viestad, som er førstelektor ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO, meiner det skuldast ein myte om «den nakne buskmannen» – ein myte som har halde stand heilt opp i vår tid.

– San-folk kledde seg annleis enn oss og hadde bar overkropp og vart difor oppfatta som nakne. Denne oppfatninga var vanleg i reiseskildringar og tidleg forsking og fann også vegen – truleg utan at forskarane var medvetne om det – over i den moderne antropologien som vaks fram frå 1950-talet, seier ho.

Den tidlege forskinga på «dei andre» var dessutan ofte mest opptatt av reint fysiologiske skilnader mellom ulike folkeslag, ifølgje Viestad.

Forskarane målte hovudskalle, rumpe og bryst, og var i grunnen blinde for betydinga av kulturelle element som klede.

Utdøydd jeger- og sankarkultur

No gjer Viestad opp for desse vitskapelege unnlatingssyndene i ei rykande fersk bok. Ho er truleg den første som prøver å gi svar på kva klesdrakta betydde for San-folk som levde som jegerar og sankarar i det området som i dag er provinsen Northern Cape i Sør-Afrika.

Arkeologen har mellom anna studert munnlege overleveringar frå /Xam-folk – skråstreken indikerer ein klikkelyd – nedteikna på 1870-talet.

/Xam er ei av mange ulike grupper San-folk, og dette materialet er ei unik kjelde til forståing av eit utdøydd språk og ein kultur som ikkje lenger vert halde i hevd.

Forteljingane fylte 138 notatbøker då dei vart nedskrivne og er no digitaliserte. Dei handlar mellom anna om kvardagsliv og jakt, dyr og plantar, mytar og folklore og – i alle fall for den som veit korleis ein skal leite i teksten – ein heil del om klesdrakt.

For kledde seg, det gjorde /Xam-folk.

– Dei brukte kapper, lendeklede, ulike hovudplagg, vesker, skinnsko, tobakkspungar og smykke. Særleg perlearbeid frå strutseegg var ettertrakta. Klesdrakta var ein heilt essensiell del av både den materielle og den sosiale kulturen deira, fortel Viestad.

Ho brukar elles ein vid definisjon av omgrepet «klesdrakt». Det omfattar både ting ein har på kroppen og ting ein gjer med kroppen; som til dømes å tatovere seg, male seg, skjere mønster i huda eller sette seg inn med luktstoff. Til liks med klede, var slike kroppslege modifikasjonar også ein viktig del av kulturen til /Xam-folket.

Arkeolog og førstelektor Vibeke Maria Viestad har forska på klesdrakta til det europearane oppfatta som «nakne buskmenn». (Foto: UiO)

Skapte sosiale relasjonar mellom dyr og menneske

Forskinga til Viestad viser at klede, smykke, tatoveringar og liknande hadde mykje av dei same funksjonane for /Xam-folk og andre San-folk som dei har for oss. Dei markerte identitet og sosial tilhøyrsel, var viktige for overgangsritual, fungerte som pynt og som grunnlag for utstrekt byttehandel. Nokre var meistrar til å lage vesker av skilpaddeskal, andre til å preparere antilopeskinn.

– I tillegg til desse lett attkjennelege funksjonane, spelte klesdrakta også ein direkte og svært grunnleggjande rolle i å skape og oppretthalde sosiale relasjonar, seier Viestad, som understrekar at /Xam-folk ikkje skilde mellom menneske og andre vesen på same måte som vi gjer.

– Det gir faktisk meining å snakke om at dei hadde sosiale relasjonar til både menneske, dyr, vatn og andre delar av naturen, seier ho.

Smykke laga av halehår frå antilope og glasperle. Opphavsrett: Iziko SA Musem of Cape Town. (Foto: Nigel Pamplin)

Viestad skildrar nemleg ein karakteristisk dobbelsidigheit i /Xam-folk sitt forhold til dyr:

– På den eine sida var det kleda som skilde menneska frå dyra. Samtidig laga dei kleda av dyra, og dei hadde ei oppfatning av at ein del av dyret vart verande i kleda, slik at det oppstod ein sterk relasjon mellom dyr og menneske.

– Dei hadde også ei oppfatning om at den som ikkje viste dyr og andre vesen respekt, risikerte at kleda gjekk attende til sin opphavlege natur. Eit plagg av antilopeskinn kunne gå tilbake til å bli ei antilope. Dei meinte nok ikkje dette bokstaveleg, men meir som eit bilete på at det kunne bli kaos i verda om ein ikkje oppretthalda gode relasjonar til omgjevnadene.

Sint og snilt regn

I samband med jaktritual, medisinske ritual og ritual knytte til regn og vatn, var tatoveringar, kutt i huda og påføring av lukt dei viktigaste sidene ved klesdrakta.

– Dette skulle vere lukkebringande eller beskyttande, men handla også om desse tette relasjonane til naturen der ein viste andre vesen respekt, seier Viestad.

Ho fortel mellom anna at før unge /Xam-jenter kunne gå ut i vatnet, måtte dei smøre seg med malne, velluktande urter som dei også måtte strø på vatnet.

– Slik skapte dei eit band mellom seg og vatnet og viste det respekt. Dette var viktig for å få «snilt regn», som gjorde jorda fruktbar, i staden for «sint regn», som berre øydela og skylte vekk.

Smurde seg med plantesaft

Før mennene kunne dra på jakt, måtte dei smøre seg inn med saft frå ei bestemt rot.

Tatovering var truleg også eit vanleg jaktritual, der mennene skar seg og hadde på kol laga av den nemnde rota. Då såra lukka seg, vart kolet verande bak huda, noko som kunne skape ein sterkare og meir varig relasjon til dyra dei jakta på.

Viestad fortel at tilsvarande praksis er kjend frå andre grupper San-folk som levde i Kalahari, men at dei der brukte forkola kjøt frå det førre dyret dei hadde drepe.

– Slike skikkar kan verke underlege for oss, men i deira verd var nok dette heilt naturlege og logiske strategiar for å overleve og oppretthalde orden i tilværet, seier Viestad.

«Dyreveske» frå Gordonia i Sør-Afrika. Legg merke til korleis beina til «dyret» er knytte saman til ei skulderreim. Opphavsrett: Iziko SA Musem of Cape Town. (Foto: Nigel Pamplin)

Skapte måne av ein skinnsko

Ho trekker også fram ein myte som illustrerer særleg godt den tette koplinga mellom dyr, menneske og andre vesen i verdsbiletet til /Xam-folket. Historia fortel at både månen og elanden – verdas største antilopeart – vart skapte av ein skinnsko, som /Xam-folk gjerne laga av nettopp eland-skinn.

– Dette handlar om at skoen ein gång var ein eland og at elanden kunne bli til ein sko. Det viser at det ikkje var noko skarpt skilje mellom dei to storleikene, forklarer Viestad.

At sjamanar eller trollmenn brukte hovudplagg laga av springbukkskinn, har nok opphav i same type logikk.

– Springbukken var den viktigaste kjelda til mat og klede, og den som hadde på seg ei lue av nettopp springbukkskinn, fekk nok ein spesiell relasjon til dette dyret, seier forskaren.

Viktig for personlege relasjonar

/Xam-folk knytte seg også til kvarandre på ein sterk måte gjennom klesdrakta. Det var til dømes menn som lagde alle skinnkleda, og når dei gifta seg, kledde dei konene «inn i ekteskapet».

Mennene lagde også skinnkleda til ungane, og då gav dei litt av seg sjølve vidare i kleda.

– Også for meg vil eit arva smykke ha affeksjonsverdi, men /Xam-folk hadde truleg ei meir direkte oppfatning av dette: «Smykket eg gir til deg, har med seg ein bit av meg». Og vart smykket gitt vidare til nokon andre, vart dei også dregne inn i denne relasjonen; inn i ei lenke av bindingar som gjekk heilt tilbake til naturen og til det materialet smykket var laga av, forklarer forskaren.

Smykker laga av perler av strutseeggskal (Opphavsrett: Iziko Museums of South Africa) Fotograf: Nigel Pamplin

To store samlingar

I arbeidet med boka si har Viestad også studert og samanlikna to samlingar som dokumenterer klesdrakta til San-folk på tidleg 1900-tal. Samlingane inneheld fotografi, skriftleg dokumentasjon, klede, smykke, vesker og mange andre gjenstandar.

Den eine vart samla inn av Dorothea Bleek, som var språkvitar, men som hadde fått i oppdrag av eit museum å skaffe utstillingsgjenstandar. Etnografen Louis Fourie skapte ei enda meir omfattande samling med rundt 3400 gjenstandar og 350 bilete.

– Bleek hadde ei nokså tradisjonell tilnærming og la vekt på at klesdrakta viste kva plass ein hadde i sosiale strukturar; altså kjønn, alder, om ein var gift og liknande. Ho var ikkje særleg interessert i forskjellane mellom ulike San-folk, mens Fourie, som var meir interessert i materiell kultur i utgangspunktet, såg store forskjellar i klesdrakta frå ulike grupper, fortel Viestad.

Referanse:

Vibeke Maria Viestad: Dress as Social Relations. An Interpretation of Bushman Dress. Wits University Press. 2018

Powered by Labrador CMS