Sjørøvar Svartskjeggs sverd?

Om bord i vraket av sjørøvarskipet Queen Anne's Revenge har arkeologar funne restar av eit sverd som kan ha vore den berykta sjørøvarkapteinen Svartskjegg sitt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne delen av hjaltet på sverdet vart funne i 2008. Eit kjede har gått gjennom hola i parerstanga på hjaltet. (Foto: Wendy M. Welsh, North Carolina Department of Cultural Resources)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Utanfor kysten av North Carolina har amerikanske arkeologar grave fram restar av eit sverd. Dei har funnet det i vraket av sjørøvarkapteinen Svartskjeggs skip Queen Anne’s Revenge.

Svartskjegg, som eigentleg heitte Edward Teach, var ein frykta sjørøvarkaptein som herja i Vestindia og på austkysten av det som i dag er USA, på byrjinga av 1700-talet.

Svartskjegg og livet hans har mellom anna gitt inspirasjon til Blackbeard-karakteren i den siste Pirates of the Caribbean-filmen On Stranger Tides, i tillegg til ei mengd andre bøker og filmar.

Sjå video der sverdet og dei siste funna frå vrakstaden blir vist fram ved sjøfartsmuseet i Beaufort i North Carolina:

____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS