Vikingbyen Njardarheimr i Vikingvalley i Gudvangen starta opp som ein sommarmarknad, men er no blitt eit permanent opplevingssenter. Men tilbodet har òg fått kritikk for måten vikingtida blir formidla på. (Foto: Wikimedia commons)

– Det må vere legitimt å tene pengar på historia, det er ikkje noko copyright her

Leik, utstilling, 3D-foto - det er mange måtar å oppleve historia på. Men korleis skal ein gjere det med ein gjennomkommersialisert historisk periode som vikingtida?

Vikingentusiastar møtte nylig opp på Litteraturhuset for å diskutere både formidlinga og kommersialiseringa av vikingtida. Else Berit Eikeland, den norske ambassadøren til Irland, hadde ei klar melding til publikum denne haustkvelden på Litteraturhuset i Bergen:

– Formidlinga av vikingtida må ikkje berre vere urnorsk, men multikulturell. Vikingtida var ei samansmelting av mange kulturar, med mykje handelssamarbeid. Kvifor kan vi ikkje gå ut til stadane vikingane reiste til, og høyre kva slags effekt vikinghistoria har hatt der, spurde ambassadøren.

Etter Brexit har Irland stått i ein usikker posisjon, og mange irar ser til Noreg. På den norske ambassaden fortel dei om vikingtida så ofte dei kan, og ifølge Eikeland er mange irar opptekne av vikingar.

– Men Irland er sjeldan nemnt når vi på Vestlandet snakkar om vikingtida - sjølv om det var stor kontakt mellom dei to landa. Dette har blitt dokumentert gjennom mange arkeologiske funn. Likevel har det blitt mindre og mindre kontakt med tida, sa ho.

– Legitimt å tene pengar på historia

Det er mellomalderveke og ei rekkje arrangement og aktivitetar går føre seg i Bergen by. Denne kvelden stod formidling av vikingtida på dagsorden, og heile seks personar med ulik bakgrunn og ulike tilnærmingar til vikingar var inviterte. Mykje av formidlinga går i dag via marknadskreftene, og mange i panelet tok derfor ordet for å snakke om kommersialisering.

– For enkeltpersonar må det vere heilt greitt å få interesse for vikingar gjennom for eksempel TV-seriar som Vikings, men eg tenker at dei kapitalistiske aktørane har ei plikt til å hente inn korrekt kunnskap, sa professor i rettsvitskap, Jørn Øyrehagen Sunde.

For Ragnar Børsheim, som jobbar med historierekonstruksjon i 3D hos Arkikon, er det å visualisere historia heilt sentralt. Han meiner at ei visualisering vil auke interessa.

– Det må vere legitimt å tene pengar på historia, det er ikkje noko copyright her. Men dersom historia også blir fagleg varetatt, får produktet ein større verdi.

Læring gjennom praksis

Frode Tufte og Solveig Midtbø jobbar begge med vikinghistoria i praksis, høvesvis ved vikingbyen Viking Valley i Gudvangen, og ved Sagastad vitensenter på Eid. Ved vitensenteret rekonstruerer dei no eit vikingskip, og hos Viking Valley får gjestane vikingopplevinga gjennom aktivitetar saman med andre entusiastar.

Konseptutviklaren sjølv tala for ei praktisk tilnærming til historia.

– Vi er ikkje eit museum eller ein temapark, vi formidlar gjennom leik og aktivitetar. Historia er spennande nok i seg sjølv, sa Tufte.

Ei liknande tilnærming har dei ved Bymuseet, der Espen Kutchera er formidlar.

– Vi har ikkje all historie bak glas, men også gjennom aktivitetar i naturen, eller ved å kle seg i vikingklede. Effekten av slike opplevingar skal ein ikkje undervurdere.

– Musea dannar ein arena for dialog, skaut professoren inn.

– Utstillarar er dei viktigaste formidlarane, sidan dei når mange fleire enn det forskarar gjer. Vi forskarar må ut og bruke musea oftare. Ikkje berre visualiserer eit museum historia, men dei skapar kontakt med publikum. Dessutan er det mykje spennande stoff å ta av, røynda er på mange vis meir spennande enn kva fantasien kan strekke til med på film.

Ikkje berre gull og glitter

Etter at publikummarar gjorde panelet merksame på rollene som kvinner og samer hadde i vikingtida, kom dette opp i samtalen. Alle paneldeltakarane var samde i at kvinner og urfolk har fått ein ufortent liten plass i historieforteljinga.

– Til no har formidlinga lenge dreidd seg om kampane som vikingane førte, og mindre om kvardagslivet. Kvinnene, og ikkje minst samane, har kome etter, sa Sunde.

Børsheim, som dagleg rekonstruerer graver og bygg frå vikingtida digitalt, støttar forskaren:

– Historieforteljarar har vore glade i å snakke om liva til dei rike. Men vikingtida var meir enn kongar, fyrstar, gull og glitter. Kvinnene sitt arbeid og det kvardagslege har ikkje stått like sentralt, sa han.

Ifølge Eikeland er det ikkje tilfeldig at nokre grupper er meir framheva i historieformidlinga enn andre.

– Det har med systematikk å gjere, og vi må jobbe med å synleggjere ulike grupper sine roller i vikinghistoria – inkludert handelssamarbeidet med utlendingane.

Denne saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS