Alle er samde om at nøkkelen til å redusera skadane blant unge arbeidstakarar i bygg og anlegg finst i bedriftene sjølve. Men forpliktande konkrete tiltak har ingen god klang i bransjen.
International Research Institute of Stavanger(IRIS)
ElisabethHovlandfrilansjournalist
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Bedrifta ser på seg sjølv som sentral aktør når det gjeld å redusera skadeomfang blant unge, men når ein legg fram konkrete tiltak som skal bidra til det, blir bransjen meir usikker.
Det er paradokset Kari Anne Holte og Kari Kjestveit ved IRIS presenterer i den femte leveransen frå prosjektet Unge arbeidstakere i bygg og anlegg: Fra skole til arbeidsliv.
Flest skadar blant unge
I svarskjema frå 673 lærlingar svarer 27 prosent at dei har vore i ulukker der det har vorte skadar. 44 prosent var innblanda i hendingar som kunne seiast å vere nestenulukker i sjølve læreperioden.
I studiar som omfattar alle aldersgrupper, har gjennomsnittleg 36 prosent vore borti skadar det siste halvåret, mens tala for dei under 25 år her er over 40 prosent.
Holte og Kjestveit nemner fleire grunnar til at det er slik.
– Unge manglar erfaring og trening i å hanskast med den kompleksiteten som møter dei på ein arbeidsplass. På skulen har dei kanskje møtt på éi oppgåve om gongen. Dei unge blir også tidleg sette til tunge fysiske oppgåver på arbeidsplassen, seier Holte.
– Kulturen på arbeidsplassen er også avgjerande. Den første tida er ein særleg utsett for påverknad av dei andre tilsette, og ein må vera sterk som lærling for å bryta med ein kultur som alt finst på arbeidsplassen, seier Kjestveit.
Små bedrifter utsette
Eitt funn er at det er fleire skadar i små bedrifter.
– Her er det ikkje i same grad krav til verneombod og arbeidsmiljøutval.
I store bedrifter blir systemet viktig, mens enkeltindivida i større grad påverkar kulturen i dei små, påpeiker dei to, som saman med Kjersti Lunde Ellingsen har forfatta den siste rapporten.
Rundt 280 forslag til tiltak er samla inn frå sentrale aktørar i bygg- og anleggsbransjen, sorterte i ulike tiltaksområde som forbetring av haldningar og kultur, heving av kompetanse, endring av lovar og reglar, rutinar og system, sikring av utstyr og betre tilsyn.
Ønskjer ikkje lovverk
– Blant tiltaka som blir sette på som viktige av alle aktørar, er mellom anna bruk av utstyr. Ingen tiltak som har med tilsynsoppgåver å gjere, har fått full konsensus, og det tolkar me som at folk ikkje er særleg opptekne av at regulering med lovar er vegen å gå for å redusera skadeomfanget blant unge, seier Holte.
– Det er også interessant å merka seg at det er stor semje om å arbeida med kultur og haldningar på arbeidsplassen, men det er dei visjonære og meir ulne formuleringane som får tilslutnad.
– Eit tiltak som til dømes føring av avviksskjema, noko som gjer at ein må forplikta seg, og som fører til meirarbeid i kvardagen, oppnår liten konsensus, seier Kjestveit.
Prosjektet Unge arbeidstakere i bygg og anlegg har vore i drift sidan 2007, er finansiert av Fondet for regionale verneombod i byggeog anleggsbransjen og skulle mellom anna stadfesta kjensla bransjen sjølv hadde av at unge skadar seg meir.
Annonse
– Funna våre stadfesta òg funn i internasjonal litteratur på feltet, seier prosjektleiar Holte.