Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

– Mange av kontorstudia som finst ser berre på opne landskap og mindre på fleksible kontor og cellekontor åleine, seier forskar Ane Gjerland. (Illustrasjon: Monkey Business Images / Shutterstock / NTB scanpix)
– Mange av kontorstudia som finst ser berre på opne landskap og mindre på fleksible kontor og cellekontor åleine, seier forskar Ane Gjerland. (Illustrasjon: Monkey Business Images / Shutterstock / NTB scanpix)

Forskinga på kontorløysingar er ikkje god nok

Forskarar har nyleg gått gjennom tilgjengeleg kontorforsking. Deira konklusjon er at forskinga ikkje held mål.

Publisert

Det tradisjonelle cellekontoret blir i stadig større grad bytte ut med fleksible og opne kontorløysingar. Nye føringar frå staten er at statlege bygg i framtida skal vere arealeffektive og berekraftige, ved å huse fleire folk. Målet er dessutan auka samhandling.

Ikkje alle er glade for dei nye kontorløysingane. Kritikken har særleg tatt for seg konsentrasjonsproblem og støy i opne landskap, i tillegg til uvisse rundt det å ikkje ha faste plassar.

I debattane har det ofte blitt vist til forsking. Men no viser ein ny oversiktsartikkel frå Høgskulen på Vestlandet at forskinga som finst i dag på kontorløysingar, rett og slett ikkje er god nok.

Store landskap ofte utgangspunktet

– Mange som er kritiske til opne landskap i Noreg viser til ein artikkel frå Bakke & Fostervold frå 2017. Men denne er ikkje fagfellevurdert, fortel forskar Ane Gjerland.

Fagfellevurdering inneber at andre forskarar først skal lese, vurdere og godkjenne ein vitskapleg artikkel før han bli publisert i eit vitskapleg tidsskrift.

Saman med forskarkollegaer ved Senter for kunnskapsbasert praksis på Høgskulen på Vestlandet har Gjerland funne at forskinga har vesentlege manglar, også den som er fagfellevurdert. Det kjem fram i oversiktsartikkelen Office concepts. A scoping review.

– Mange av studia ser berre på opne landskap, ofte store landskap. Det er mindre forsking på fleksible kontor og lite på cellekontor åleine, seier Gjerland.

Nesten 40 prosent nemner ikkje storleik

Mange studiar som undersøker opne landskap, skriv dessutan lite om storleiken på landskapa. Heile 42 av 108 studiar nemner ikkje storleik. Det meiner forskarane er rart med tanke på at ei vanleg innvending mot opne landskap er støy. Støyen varierer truleg etter storleiken på landskapet – og etter type arbeid.

– Ein stor del av desse studia er tvilsame då dei ikkje skildrar kva slags arbeid som går føre seg i kontora. Det er jo gjerne forskjell på arbeid innan akademia eller om det er snakk om eit konsulentbyrå, ingeniørar eller laboratorietilsette. Mange studiar ser dessutan på fleire typar brukarar på ein gong, noko som gjer det vanskeleg å vite om funna er relevante for spesifikke grupper av tilsette, seier ho.

Ane Gjerland har saman med kollegaer ved Høgskulen på Vestlandet samla forskingslitteraturen på kontorløysingar. (Foto: Privat)
Ane Gjerland har saman med kollegaer ved Høgskulen på Vestlandet samla forskingslitteraturen på kontorløysingar. (Foto: Privat)

Har testa støy på høyretelefonar

18 av dei totalt 37 studiane som undersøker støy i opne landskap, har ikkje testa støy i eit faktisk landskap. Testane er gjort i laboratorium, med høyretelefonar.

– Her er blir det vanskeleg å vite kva studien eigentleg undersøker, for kva er ope landskapstøy? Sannsynlegvis avheng det av kva slags jobb som blir gjort i dette landskapet, kor mange som jobbar der, og kor gode fasilitetar dei har for å trekke seg tilbake ved behov, seier Gjerland.

– Endringsprosessar viktige

Generelt viser forskingslitteraturen til resultat på individnivå framfor resultat på organisasjonsnivå. Der kor ulike løysingar blir samanlikna med kvarandre, har dei dessutan lita vekt på endringsprosessar og kvaliteten på desse. Få studiar seier noko om tilsette har blitt spurt om kva løysingar dei sjølve ønsker.

– Kva skjer når du går frå cellekontor til aktivitetsbaserte arbeidsplassar? Vi antar at graden av kor nøgde folk er, har noko å gjere med prosessane. Det betyr at denne potensielt store x-faktoren er noko vi veit relativt lite om.

Felt i stor vekst

Dei siste åra har forskinga på kontor vore i sterk vekst. 85 prosent av litteraturen har kome etter år 2000.

– Det har skjedd mykje på feltet dei siste åra. 2005 var det første året der det kom over fem studiar, mens i 2017 kom det heile 29. Dette er lovande, seier ho.

Artikkelen til Gjerland og kollegaene hennar er den første som gir oversikt over den samla forskingslitteraturen.

– Basert på den litteraturen vi undersøkte, kan vi vanskeleg slå fast kva slags kontorløysing som er best, gitt den lokale settinga. Dette feltet meiner vi er interessant for forskarar og praktikarar å undersøke vidare, seier Ane Gjerland.

Gjennomgang av forskingslitteratur på kontorløysingar

  • Studium som berre ser på opne landskap: 108 (42 prosent)
  • Studium som berre ser på cellekontor: 12 (4,7 prosent)
  • Studium som berre ser på fleksible løysingar (ABW og liknande): 45 (17,5 prosent)
  • Studium som samanliknar ulike typar konsept: 81 (31,5 prosent)
  • Studium som ser på ulike konsept utan å samanlikne dei: 11 (4,3 prosent)

Referanse:

Ane Gjerland, Frode Thuen og Elisabeth Søiland: Office concepts. A scoping review. Building and Evironment, oktober 2019. Doi.org/10.1016/j.buildenv.2019.106294